Uu-tilsynet fører tilsyn med nettstader og appar i offentleg og privat sektor. Ikt-løysingane som vert kontrollerte i samband med tilsyn, vert testa opp mot eit utval av krav i standarden Web Content Accessibility Guidelines (WCAG). Tilsvarande testar vert utført på oppdrag frå Diskrimineringsnemnda i individklager om diskriminering på ikt-området.