Nettverksmøte og bransjesamarbeid
Tilsynet jobbar med informasjon og rettleiing mot dei som skal følgje regelverket. Som del av områdeovervakinga, har vi dialogmøte med bransje- og brukarorganisasjonar og større leverandørar eller tredjepartsaktørar. Dette gir oss god kunnskap om brukarbehov og konsekvensar av manglande universell utforming.

Dialog med brukarorganisasjonane
Kvar haust inviterer tilsynet brukarorganisasjonane til dialogmøte. Gjennom denne dialogen får tilsynet viktig kunnskap om utfordringane deira brukargrupper har i møte med det digitale, enten det er i skule og utdanning, jobb og frivilligheit, eller i privatlivet. Vi har eit felles mål om å fremme inkludering og motverke digitalt utanforskap.
Aktuelle tema:
- Digital deltaking og utanforskap
- Digitale barrierar
- Innføring av webdirektivet og tilgjengelegheitserklæring
- Kontroll av verksemder sine løysingar
- Resultat av tilsyna med utdanningssektoren
Desse har vi møte med
- Blindeforbundet
- Dysleksi Norge
- Foreldre til blinde barn, FTBB
- Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, FFO
- Handikappede barns foreldreforening, HBF
- Hørselshemmedes landsforbund, HLF
- Norges Handikapforbund, NHF
- Norges Handikapforbund Ung, NHFU
- Norsk forbund for utviklingshemmede, NFU
- Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, SAFO
- Seniornett
- Senteret for et aldersvennlig Norge (Er ikkje ein brukarorganisasjon, men eit nasjonalt kompetansemiljø som arbeider for å fremme aldersvenleg samfunn, og er ein del av Helsedirektoratet.)


Innsikt gjennom dialog
Vi erfarer at møta er ein god og effektiv måte å få innsikt i relevante tema, og ikkje minst å få fram kor skoen trykker for sluttbrukaren av digitale løysingar. Ved å møtast slik får vi utdjupa utfordringsbildet, og det utfyller den kunnskapen tilsynet samlar gjennom tilsyn, målingar og andre undersøkingar. Brukarerfaringane og synspunkta frå brukarorganisasjonane tek vi med i arbeidet vårt og inn i dialogen med andre aktørar vi samhandlar med. Kunnskapen vi får i møta blir ein del av det vi kallar områdeovervakinga.
Er du ein brukarorganisasjon?
Ta gjerne kontakt på post@uutilsynet.no