Hopp til hovudinnhald

Status for tilgjengelegheitserklæringar

Frå 1. februar 2023 skal alle offentlege verksemder ha tilgjengelegheitserklæringar som viser i kva grad innhald på nettstadene er universelt utforma. Her oppdaterer vi status for tilgjengelegheitserklæringane.

Nøkkeltal

Sjå nøkkeltal om tilgjengelegheitserklæringa.

2 242

offentlege verksemder har teke i bruk løysinga

7 468

tilgjengelegheitserklæringar er produsert

82
%

grad av etterleving verksemdene sjølv rapporterer

Offentlege verksemder har produsert om lag 7500 erklæringar

I den sentrale løysinga for tilgjengelegheitserklæringar lagar offentlege verksemder tilgjengelegheitserklæringar for sine ikt-løysingar. Tilgjengelegheitserklæringane viser om ikt-løysingane er i samsvar med krava til universell utforming.

Les meir om kva ei tilgjengelegheitserklæring er

Tal produserte tilgjengelegheitserklæringar per 17. desember 2024

Kva seier tala?

Sidan den sentrale løysinga vart rulla ut, har 2242 offentlege verksemder logga inn i løysinga, og 1302 av desse har produsert minst éi tilgjengelegheitserklæring. Talet på produserte erklæringar har gått frå 4559 då regelverket tredde i kraft 1. februar 2023, til om lag 7500 erklæringar i desember 2024.

Dette tenker Dag Ove Eggum, produkteigar for tilgjengelegheitserklæringa, om utviklinga

– Vi i Tilsynet for universell utforming av ikt ser at innføringa av tilgjengelegheitserklæringa i offentleg sektor har gitt positive effektar. Tilgjengelegheitserklæringa har bidrege til meir kunnskap og kompetanse blant dei som jobbar med universell utforming av ikt i verksemda. Det har bidratt til å auke medvitet om universell utforming hos leiinga og sett det på dagsordenen i verksemdene. Eit konkret eksempel på dette er at etter tilgjengelegheitserklæringa vart obligatorisk, så har mange kommunar oppdatert heimesidene sine til eit nyare rammeverk som er meir universelt utforma.

Utforsk data om tilgjengelegheitserklæringar

I dashbordet under kan du utforske data om tilgjengelegheitserklæringar nærmare. Du kan blant anna sjå resultata for WCAG-retningslinjene i din kommune eller ditt fylke. Du kan filtrere på nettsider eller app og sjå kva løysingar den enkelte verksemd har laga tilgjengelegheitserklæring for.

Les meir om WCAG sortert etter prinsipp

Verksemdene rapporterer samsvar med åtte av ti krav

Tilgjengelegheitserklæringa er ei viktig datakjelde for innsikt i kor universelt utforma verksemdene rapporterer at løysingane deira er.

Kva viser tilgjengelegheitserklæringane om status for universell utforming?

Kva seier tala?

Diagrammet viser korleis verksemdene sjølv vurderer nettløysingane sine opp mot regelverket for universell utforming.

Per 4. november 2024 viser erklæringane frå verksemdene følgjande resultat:

  • 78 % av nettløysingane det er produsert erklæringar for, er delvis i samsvar med regelverket, det vil seie at nokre, men ikkje alle krav er ivaretekne.
  • 22 % av nettløysingane med tilgjengelegheitserklæring vert vurdert av verksemdene til å vere fullt ut i samsvar med regelverket.

Kvifor er dette viktig?

Tala viser at verksemdene rapporterer eit høgt samsvarsnivå i dei produserte tilgjengelegheitserklæringane, samtidig som det er eit godt stykke opp til at alle minimumskrava er oppfylt. Det er viktig at verksemdene er klare over kva tilgjengelegheitsfeil dei har i sine nettløysingar. På denne måten kan dei jobbe systematisk for å forbetre løysingane sine. For tilsynet gir dette verdifull informasjon om korleis vi kan innrette rettleiinga vår slik at det er til størst mogleg hjelp for verksemdene.

Kva deler av regelverket er det rapportert flest brot med?

Kva seier tala?

Diagrammet viser krav til universell utforming av ikt som minst 25 % av tilgjengelegheitserklæringane viser manglande samsvar med.

Per 4. november 2024 viser erklæringane frå verksemdene følgjande resultat:

  • 39 % bryt med kravet om at det skal vere tekstalternativ til bilde, grafiske framstillingar m.m. (SK 1.1.1)
  • 34 % bryt med krav til samsvar mellom visuell presentasjon og kodegrunnlag, noko som inneber at for eksempel rutetider, informasjon om obligatoriske skjemafelt, nummererte lister m.m. ikkje er tilgjengelege. (SK 1.3.1)
  • 27 % bryt med krav om at kodegrunnlaget skal vere fullstendig og rett. (SK 4.1.1)
  • 27 % bryt med kravet om at brukargrensesnittkomponentar som f. eks. knappar eller avkryssingsfelt er koda slik at dei er tilgjengelege med bruk av hjelpemiddel. (SK 4.1.2)
  • 32 % bryt med minimumskrava til kontrast mellom tekst og bakgrunn. (SK 1.4.3)
  • 25 % av nettløysingane bryt med kravet om at alt innhald og all funksjonalitet skal kunne nåast med tastatur. (SK 2.1.1)
  • 25 % av nettløysingane bryt med kravet om synleg fokus ved tastaturnavigasjon. (SK 2.4.7)

Kvifor er dette viktig?

  • For personar med lese- og skrivevanskar eller synshemming er det avgjerande at ikkje-tekstleg innhald har tekstalternativ og at kodegrunnlaget er slik at datahjelpemiddel kan brukast. Desse kan verte påverka av brot i suksesskriterium 1.1.1, 1.3.1, 4.1.1 og 4.1.2.
  • Personar med moderate synshemmingar og eldre personar har behov for god kontrast mellom tekst og bakgrunn. Brot i suksesskriterium 1.4.3 påverkar dette.
  • Mange med motoriske funksjonsnedsettingar eller som er blinde, kan ikkje bruke mus på nettsider. Derfor skal alle nettløysingar også kunne brukast med tastatur.

Tilgjengelegheit på norske kommunar sine heimesider

Kartet viser kva samsvarsprosent kommunane i Noreg har rapportert for sine heimesider.

Kva seier tala?

24 kommunar har rapportert 100 % samsvar med krava for sine heimesider. Gjennomsnittleg samsvarsprosent for alle kommunane sine heimesider er 85,5 %, som er noko høgare enn for alle tilgjengelegheitserklæringane samla. Når vi ser på dei samla tala for fylka, ligg dei fleste fylka rundt gjennomsnittet på 85,5 %. Telemark skil seg positivt ut med ein gjennomsnittleg samsvarsprosent på 92,8 %. Oslo ligg den i andre enden med 37,5 % samsvar.

Det er viktig å påpeike at ein låg samsvarsprosent ikkje betyr at kommunen ikkje arbeider godt med universell utforming. Ein låg samsvarprosent kan like gjerne bety at kommunen har god oversikt over nettsida si, og har eit meir realistisk bilde av kva som må gjerast enn dei som rapporterer høgt samsvar.

Kvifor er det viktig?

Kommunane leverer eit breitt spekter av tenester til innbyggarane, og heimesida er ofte det første ein møter. At alle, uavhengig av funksjonsevne, kan bruke kommunen sine heimesider, er sentralt for at den enkelte skal kunne få sine rettar og utøve sine plikter. Det er også viktig for å kunne delta demokratisk for alle innbyggarane.

65 % av verksemdene seier at tilgjengelegheitserklæringa har hatt ein positiv effekt på universell utforming av ikt-løysingane deira

Hausten 2024 blei det gjort ei kartlegging av norske verksemder sitt arbeid med universell utforming og tilgjengelegheitserklæringar.

Kva seier tala?

65 % av verksemdene svarte at dei var einig eller heilt einig i at tilgjengelegheitserklæringa har hatt konkret positiv effekt på universell utforming av løysingane deira. Medan berre 5 % svarte at dei var ueinig eller heilt ueinig i same påstand. 22 % svarte at tilgjengelegheitserklæringa verken hadde positiv eller negativ påverknad på universell utforming av ikt-løysingane.

Kvifor er dette viktig?

Ei av hovudhensiktene med tilgjengelegheitserklæringane er at verksemdene får betre kjennskap til status på sine eigne løysingar og betre kunnskap om kva som skal til for at løysingane støttar krava i regelverket. Tala frå undersøkinga gir indikasjon på at regelverket gir den tiltenkte effekten.