Hopp til hovudinnhald

Under Arendalsuka 2024 blei spørsmålet om barn og unge kjem i blindsona for den nye digitaliseringsstrategien diskutert i ein panelsamtale. Sjå opptaket her.

Barn og unge veks opp i ei digital verd der konsekvensane av å falle utanfor påverkar både oppveksten og potensielt heile vaksenlivet. Helse, utdanning og fritid vert påverka og mykje vert overlate til den enkelte familie og det enkelte barn for å henge med i utviklinga. Korleis kan digitale forskjellar hos barn i dag gi demokratiske problem i framtida?

Dette diskuterte tilsynsdirektør Malin Rygg, Kaja Hegg i Redd Barna, Sumeet Singh Patpatia i Schibsted og ungdommar frå DigiUng, i ein panelsamtale under Arendalsuka onsdag 14. august. Torgeir Waterhouse var moderator.

Sjå opptak av panelsamtalen her