Hopp til hovudinnhald

For aller første gong vart Brukaropplevingsprisen delt ut, og dette skjedde mandag på Yggdrasil-konferansen. Det var NAV som fekk prisen som skal heidre utviklarar, designarar og verksemder som har utvikla universelt utforma løysingar.

17. april 2024

Denne veka vart NAV den første mottakaren av den nyoppretta Brukaropplevingsprisen på Yggdrasil i Sandefjord. Prisen vart delt ut av Bufdir, og skal heidre utviklarar, designarar og verksemder som har utvikla universelt utforma digitale løysingar med god design og framifrå brukaroppleving.

Inspirasjon

Prisen skal

  • inspirere til og løfte fram design og universell utforming
  • inspirere til og løfte fram brukarperspektivet og brukarmedverknad
  • sette lys på det store potensialet for auka konkurransekraft og marknadspotensialet som ligg i ein inkluderande designprosess og universell utforming av digitale løysingar
  • løfte fram og heidre norske forbildeprosjekt, som går utover lovpålagte krav

Prisen er eit tiltak i «Bærekraft og like muligheter – et universelt utformet Norge», regjeringa sin handlingsplan for universell utforming 2021-2025.

Juryen har vore leia av Kristoffer Lium i NRK, og arbeidsgruppa er sett saman av representantar frå Bufdir, Design og arkitektur Norge (DOGA), Uu-tilsynet, IxDA, NRK og Yggdrasilkomitéen. Les meir om prisen på Bufdir sine sider.

Uu-tilsynet har delteke i utviklinga av prisen, og tilsynsdirektør Malin Rygg er glad for at prisen no er på plass.

– Vi er kjempestolte over at denne prisen har sett dagens lys og det har vore kjekt å kunne sitte i arbeidsgruppa og å bidra til å gi merksemd og gode ord til dei som jobbar målretta for gode brukaropplevingar. Med dette set vi søkelyset på formålet med universell utforming, som er likeverdig tilgang til digitale tenester. Vi gratulerer NAV med det gode arbeidet! Vi gratulerer også DFØ med heiderleg omtale for Doffin, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Les meir om utdelinga på Bufdir sine sider.

Sara Alejandra Manzanares Monter, Marit Victoria Rosenvinge, Miriam Eileen Nes Begnum og Therese Slang held fram Brukaropplevingsprisen i form av eit innramma kunstverk. Alle smiler til kamera.
Frå venstre: Sara Alejandra Manzanares Monter, Marit Victoria Rosenvinge, Miriam Eileen Nes Begnum og Therese Slang.