På Arendalsveka tok eg ein prat med mange gode folk om digitalt utenforskap, og vi deler videointervjua her på bloggen. Først ut er statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet Gunn Karin Gjul.
Vi er eit digitalt folk. Ni av ti mellom 16 og 79 år er på nettet fleire gonger om dagen. Kvardagen er stadig meir digital, enten du skal lese nyheiter, betale rekningar, bestille reseptar, logge deg på jobb eller følge med på undervisning. Men det er fleire enn du trur som ikkje heng med, og digitalt utanforskap er eit stadig større problem. Skapar vi eit klassedelt samfunn?
Under Arendalsveka møtte eg mange innan forsking, bransje- og brukarorganisasjonar, leiing i offentleg sektor og politikk som har gode tankar rundt dette temaet, og eg stilte dei tre spørsmål:
- Kor stor utfordring har vi med digitalt utanforskap i dag?
- Kva tenker du er den viktigaste grunnen til utfordringane?
- Kva tenker du vi bør satse på for å gi alle like moglegheiter for deltaking?
Vi deler intervjua her på bloggen, og i dag er det statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet Gunn Karin Gjul som er først ut.
– Det er viktig at digitale tenester er universelt utforma, slik at du kan bruke dei også om du har nedsett høyrsel, er blind eller har ei anna funksjonsnedsetting. Det er eit fortrinn i Noreg at vi stiller krav om universell utforming av ikt i både privat og offentleg sektor, seier Gunn Karin Gjul.
Vil du lese meir om universell utforming av ikt og digitalt utenforskap, sjekk gjerne ut tilsynets statistikksider om den digitale brukaren og utanforskap. Dersom du er utviklar, designer, redaktør eller produserer innhald, bruk gjerne rettleiinga vår om universell utforming av ikt som har forslag til løysingar, e-læringskurs og infofilm.
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.