Universell utforming av ikt-løysingar på arbeidsplassen kan vere samfunnsøkonomisk lønnsamt, viser ei ny analyse frå Oslo Economics som er overlevert til regjeringa. No skal departementa sjå nærmare på regelverket.
I dag eksisterer det ingen lovkrav som hovudregel for universell utforming av ikt-løysingar i arbeidslivet. Dette har Oslo Economics sett nærmare på i ei samfunnsøkonomisk analyse på oppdrag fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Analysen, som er oversendt til regjeringa, framhever at betre tilrettelagte digitale løysingar kan styrke deltakinga i arbeidslivet og ha ein positiv samfunnsøkonomisk effekt, ifølge ei pressemelding frå Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) på Regjeringen.no.
Departementa vil no i fellesskap vurdere det rettslege rammeverket for universell utforming av ikt på arbeidsplassen.