I desse dagar sender Rambøll saman med Uu-tilsynet ut ei undersøking til alle offentlege verksemder som har tilgjengelegheitserklæring, samt eit utval private verksemder.
Målet med undersøkinga er å kartlegge arbeidet med universell utforming. Vi set pris på om de tek dykk tid til å svare på undersøkinga, då det vil vere til stor hjelp i det vidare arbeidet knytt til universell utforming og tilgjengelegheitserklæringar. Undersøkinga tek 5–10 minuttar å svare på.
Dersom du har spørsmål til undersøkinga, ta kontakt med Rambøll Management Consulting via e-post: meeb@ramboll.com.