Kortversjon av tilsynsstrategi 2021-2024
Dei neste åra vil tilsynet jobbe for å nå tre hovudmål i arbeidet for eit samfunn utan digitale barrierar.
Vår visjon er eit samfunn utan digitale barrierar. Visjonen speglar ei framtid utan diskriminering, med lik samfunnsdeltaking for alle innbyggarane i Noreg og der universell utforming er med i all digital utvikling. Målet er å fremme inkludering og motverke digitalt utanforskap. Fram mot 2024 vil tilsynet jobbe for å realisere tre hovudmål.
Vi vil auke etterleving av regelverk for universell utforming av ikt
- Tilsynet utøver mynde basert på risiko. Vurderingane våre bygger på innsikt gjennom eigne og andre datakjelder. Vi tek kunnskapsbaserte avgjerder og innrettar tiltaka der dei gir mest effekt.
- Digitalisering gir oss auka kapasitet, fleire kontrollar og meir effektiv sakshandsaming og rettleiing.
Dette skal vi oppnå gjennom
- risikobasert tilsyn på grunnlag av datadrivne analyser og statusmålingar
- effektiv sakshandsaming med rett kvalitet
- målretta informasjon og rettleiing til verksemder og innbyggarar
Vi vil vere det leiande fagorganet på uu av ikt
- Tilsynet skal vere ein leiande kunnskapsprodusent innan området universell utforming av ikt.
- Vi bygger og formidlar kunnskap om verksemdenes bruk av ikt, digital deltaking og digitale barrierar.
- Kunnskap skal bidra til utvikling av eit regelverk som verkar etter intensjonen.
- Vi følgjer med på standardisering og regelverksutvikling internasjonalt.
Dette skal vi oppnå gjennom
- datadriven områdeovervaking bygd på innsiktsbaserte analysar
- formidling av kunnskap om universell utforming av ikt
- nettverk og samarbeid med organisasjonar og offentlege organ nasjonalt og internasjonalt
Vi vil utvikle eit datadrive tilsyn med digitale prosessar
- Arbeidsmetodane i tilsynet skal bygge på data og innsikt. Slik tek vi kunnskapsbaserte avgjerder og får effektive arbeidsprosessar.
- Tilsynet skal ha gode rutinar og metodar for å sikre høg datakvalitet og smart datastyring.
- Ved å bruke teknologi og data effektivt ønsker vi å få til fleire kontrollar og analyser.
Dette skal vi oppnå gjennom
- datadriven kultur med autonome medarbeidarar og effektiv samhandling
- evne og kompetanse til å jobbe datadrive med nye verktøy
- spesialisering og skalering av våre arbeidsmetodar