Digital inkludering i praksis
I denne episoden har vi snakka med Mattilsynet, Møre og Romsdal fylkeskommune og Finn.no om korleis dei jobbar med tilgjengelegheitserklæringa og krava til universell utforming. Bakgrunnen for samtalen er tilsynets nye rapport om kjennskap og haldningar til universell utforming, Digital inkludering i praksis – ei kartlegging av norske verksemder sitt arbeid med universell utforming.
Podkast frå Uu-tilsynet om digital inkludering i praksis. Tilsynsdirektør Malin Rygg i samtale med Mattilsynet, Møre og Romsdal fylkeskommune og Finn.no om korleis dei jobbar med tilgjengelegheitserklæring og krava til universell utforming.
Transkripsjon av podkasten blir jobba med og vil snart bli publisert.
Med i episoden er:
- Moderator: Linda Meskestad
- Malin Rygg: Direktør, Tilsynet for universell utforming av ikt
- Maria Tengs: produktleder team nettløsninger, Mattilsynet
- Ingvild Dverseth Sæter: kommunikasjonsrådgjevar, Møre og Romsdal fylkeskommune og styreleiar i Kommunik
- Tom Widerøe: tilgjengelegheitsspesialist, Finn.no

Frå venstre: Maria Tengs, Tom Widerøe, Linda Meskestad, Malin Rygg og Ingvild Dverseth Sæther.