Feil i digitale løysingar for digital eksamen og søknad til vidaregåande opplæring gjorde at Uu-tilsynet ga pålegg om retting til Udir og Novari IKS i desember. Feilen er no retta.
Uu-tilsynet gjennomførte i haust tilsyn med Utdanningsdirektoratet (Udir) og med Novari IKS, tidlegare Vigo IKS. I begge tilsyna vart det avdekka feil. Desse feila fann vi i den sentrale nettløysinga for digital eksamen på vidaregåande skule, og på Novari IKS sin nettstad Vigo.no som elevar brukar for å søke plass på vidaregåande skule.
Uu-tilsynet ga pålegg om retting med frist til 15. januar 2025. Feila vart retta innan fristen gjekk ut, og begge tilsyna er no avslutta.
– Verksemdene har gjort ein god jobb frå starten av og vi fann færre feil enn det vi vanlegvis finn i tilsyn. No er dei komne i mål og det er vi glade for. Når teknologien fungerer, gir det fleire ein sjanse til å bruke evnene sine. Vi håpar verksemdene held fram med det gode arbeidet, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.
Endeleg tilsynsrapport vart oversendt til verksemdene i midten av november og er publisert på uutilsynet.no. Kontrollen vart gjort etter forskrift om universell utforming av ikt, som har heimel i Likestillings og diskrimineringslova.