Uu-tilsynet har ført tilsyn med Utdanningsdirektoratet og Novari IKS og har avdekka feil i digitale løysingar for digital eksamen og søknad til vidaregåande opplæring. Tilsynet har gitt pålegg om retting.
Etter ein kontroll Uu-tilsynet gjennomførte i haust med Utdanningsdirektoratet (Udir) og Novari IKS, tidlegare Vigo IKS, vart det avdekka feil i den sentrale nettløysinga for digital eksamen på vidaregåande skule, og på Novari IKS sin nettstad Vigo.no som elevar brukar for å søke plass på vidaregåande skule.
– Vi har funne færre feil i desse løysingane enn det vi vanlegvis finn i tilsyn. Dette er løysingar som i utgangspunktet fungerer bra, seier tilsynsdirektør Malin Rygg. – Men vi har funne brot på minimumskrava, og sjølv om dei er mindre alvorlege, skal dei etterlevast.
Tilsynet har gitt pålegg om retting med frist til 15. januar. Dersom feila ikkje er retta innan denne datoen, kan verksemdene få tvangsmulkt i form av dagbøter.
– Vi ser verksemdene har gjort ein god jobb og er opptekne av at nettløysingane deira skal fungere for alle. Vi erfarer at arbeid med tilgjengelegheitserklæringane har god effekt og at dei jobbar meir systematisk enn før. Vi håpar tilsyna bidreg til at dei kjem i mål med det som no manglar, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.
Eksempel på feil
Begge løysingane har for eksempel feil på kontrast mellom tekst og bakgrunn og feil i kode i enkelte skjemaelement. Ingen av feila stoppar elevar for å gjennomføre søknad eller eksamen.
Les tilsynsrapporten
Endeleg tilsynsrapport vart oversendt til verksemdene i midten av november og er publisert på uutilsynet.no
Regelverk om universell utforming av ikt
Regelverket er forskrifta om universell utforming av ikt, som har heimel i Likestillings og diskrimineringslova. Webdirektivet er innlemma etter 2021 og har gitt eit delt regelverk for offentleg og privat sektor. Tilgjengelegheitserklæring er eit krav for offentlege verksemder.
Om Uu-tilsynet
Uu-tilsynet er ein fagleg uavhengig del av Digitaliseringsdirektoratet, som er lokalisert på Leikanger i Sogn. Tilsynsdirektør Malin Rygg rapporterer direkte til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD).
Tilsynet kontrollerer både offentleg, privat og frivillig sektor, og jobbar tverrfagleg med datadriven tilsynsteknologi for å kunne føre tilsyn meir effektivt.
Pressespørsmål
For meir informasjon eller intervju, ta gjerne kontakt:
- Kommunikasjonsansvarleg i Tilsynet for universell utforming av ikt, Torhild Brudvik, tlf. 482 88 309, e-post: torhild.brudvik@digdir.no
- Tilsynsdirektør Malin Rygg, tlf. 971 97 317, e-post: malin.rygg@digdir.no