Hopp til hovudinnhald

I dag har Tilsynet for universell utforming av ikt lansert sektortilsynsrapporten «Den digitale skulen – kan alle delta på like vilkår?». Rapporten ser på korleis digitaliseringa påverkar elevane sin moglegheit til å delta på like vilkår i skulen. Tilsynets gir fem råd til sektoren.

I 2023 har Uu-tilsynet gjennomført eit omfattande sektortilsyn med digitale løysingar brukt i 1. til 10. klasse. Gjennom kartleggingar, kontroller og gjennomgang av forsking, har vi fått innsikt og ei grundig oversikt over utfordringane i sektoren.

Når teknologien fungerer, har den potensial til å skape enklare skulekvardagar og gi fleire ein sjanse til å bruke sine evner. Ein papirbok er utilgjengeleg for ein blind elev, men ei digital bok er tilgjengeleg med skjermlesar. Digitale verktøy gir moglegheit for opplesing av tekst og skrivestøtte for ein med dysleksi.

Resultata

Ingen av dei digitale løysingane vi førte tilsyn med, oppfylte minstekrava til universell utforming av ikt. Manglande universell utforming av digitale løysingar truar retten til likeverdig opplæring for dei 19 % av elevane i grunnskulen som har dysleksi, lærevanskar eller nedsett funksjonsevne.

Eit utanforskap som startar i skulen, er ikkje noko som enkelt kan takast igjen seinare i livet. Det er utfordrande for kommunane å sikre universelt utforma løysingar, og lærarane treng kompetanse til å ta digitale læremiddel i bruk på ein inkluderande måte.

Våre funn viser ein systematisk svikt. Eleven og dei føresette blir sittande igjen aleine med problemet og det tek tid å nå fram med klage og å få løysingar som fungerer. Dette bryt med retten til utdanning.

Fem råd

Tilsynet gir fem råd i rapporten til sektoren. Vi må

  • prioritere innsatsen for universell utforming i skulen
  • få til ei betre samordning av og meir støtte til innkjøp av digitale løysingar i kommunane
  • styrke lærarane sin kompetanse til å ta i bruk teknologien på ein meir inkluderande måte både i utdanning og etterutdanning
  • gi elevane betre vern mot diskriminering i digital opplæring
  • få opp meir kunnskap og forsking på inkluderande digitalisering

Alle barn skal ha moglegheit til å bruke sine evner og sitt potensiale. Vi bør ikkje ha råd til at elevar sit veke etter veke blant sine klassekameratar og ikkje kan delta saman med dei, seier tilsynsdirektør Malin Rygg. – Debatten om skjerm i skulen bør derfor i mindre grad handle om skjerm eller ikkje skjerm, og i større grad handle om korleis teknologi kan understøtte undervisning, pedagogikk og læreplanar på ein inkluderande og effektiv måte.

Pressespørsmål

For mer informasjon eller intervju, ta gjerne kontakt: