Hopp til hovudinnhald

I dag 1. oktober lanserer Standard Norge fire nye viktige standardar for universell utforming og digitalisering. Ein av dei er NS 11038 Universell utforming og digitalisering – Tinga sitt internett, der tilsynet har vore del av standardiseringsarbeidet.

Standard Norge lanserer i dag fire nye standardar om universell utforming og digitalisering. Målet med desse er å sikre at alle kan delta aktivt i det digitale samfunnet, bli verande i arbeidslivet og få dekka individuelle behov i møte med nye teknologiar og utfordringar.

Dei fire nye standardane er:

  • NS 11038 Tinga sitt internett
  • NS 11039 Smarte byar
  • NS 11041 Inkluderande arbeidsliv
  • NS 11042 Anskaffingar

Dei vart lagt fram på eit digitalt frukostmøte der tilsynsdirektør Malin Rygg deltok med eit innlegg om universell utforming og digitalisering. Jan Beniamin Kwiek frå tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet har delteke i standardiseringskomiteen SN/K 592.

Les meir om standardane på Standard Norge sine fagsider.