Hopp til hovudinnhald

Alder og digital deltaking

Dei aller fleste eldre innbyggarar er digitale, men dei brukar digitale tenester i mindre grad enn yngre. Med alder aukar også omfanget av funksjonsnedsettingar. Universell utforming skal bidra til digital deltaking også blant eldre.

Forventa befolkningsutvikling i ulike aldersgrupper

Diagrammet viser forventa utvikling i folketalet fordelt på aldersgrupper, fram mot 2044, basert på SSB sitt mellomalternativ for folketalsprognose.

Kort oppsummert

  • Noreg har ei aldrande befolkning. Om lag 915 000 er 67 år og eldre.
  • Forventa befolkningsvekst i perioden 2024-2044 skjer i aldergruppene over 50 år, og talet på innbyggarar over 80 år vert meir enn dobla.
  • Talet på innbyggarar under 50 år er venta å gå ned med vel 90 000.

Kjelde: SSB statistikkbanken, tabell 07459 og tabell 13599

Bruk av internett etter alder

Diagrammet viser prosentdel som har brukt internett dagleg eller nesten dagleg siste 12 md. Aldersgruppe 16-74 år og 75-79 år. Periode 2009-2024.

Kort oppsummert

  • 76 % mellom 75 og 79 år på internett dagleg/nesten dagleg i 2024, mot 17 % i 2009.
  • 95 % mellom 16 og 74 år på internett dagleg/nesten dagleg i 2024, mot 76 % i 2009.
  • Samla sett er 94 % av befolkninga dagleg/nesten dagleg på internett i 2024, mot 74 % i 2009.

Kjelde: SSB statistikkbanken, tabell 11124

Dei mest brukte internettenestene etter alder

Diagrammet viser ulike typar aktivitetar innbyggarane i aldersgruppene 16-74 år og 75-79 år har brukt internett til i 2024. Prosent.

Kort oppsummert

  • Aldersgruppa 75-79 år brukar internett i mindre grad og til færre oppgåver enn dei som er under 75 år.
  • Mellom 85 og 90 % i gruppa 75-79 år brukar e-post og nettbank.
  • Mellom 76 og 83 % i gruppa 75-79 år les nettaviser og søker på nettet etter informasjon om varer og tenester.
  • Når det gjeld sosiale aktivitetar over internett som å sende direktemeldingar, delta i sosiale nettverk eller ha videosamtalar over nettet, er prosentdelen brukarar i aldersgruppa 75-79 år litt over halvparten av dei under 75 år.
  • Aldersgruppa 75-79 år er også langt mindre aktive når det gjeld netthandel.

Kjelde: SSB statistikkbanken, tabell 06998 og tabell 11436

Alder og bruk av offentlege tenester på internett

Diagrammet viser bruk av offentlege myndigheiter sine tenester på internett siste 12 månader. Prosent 16-74 år og 75-79 år. 2024.

Kort oppsummert

  • Ein del offentlege digitale tenester vert brukte i vesentleg mindre grad i aldersgruppa 75-79 år, samanlikna med dei som er yngre. Dette gjeld særleg
    • å søke via internett på ytingar eller rettar
    • å skaffe informasjon frå det offentlege sine nettsider
    • å bestille time eller avtale møte via internett
  • Det er små skilnader mellom aldersgruppa 75-79 år og dei som er yngre når det gjeld
    • å få tilgang til personleg informasjon frå offentlege register
    • å kommunisere eller ta i mot dokument frå brukarkontoar
    • å laste ned skjema frå internett

Kjelde: SSB statistikkbanken, tabell 11004

Kor fornøgde er personar i ulike aldersgrupper med å utføre oppgåver via internett?

Diagrammet viser korleis innbyggarar 18 år og eldre har svara på følgande spørsmål: «Kor fornøgd eller misfornøgd er du med det offentlege når det gjeld moglegheit til sjølv å utføre oppgåver over internett?».

Kort oppsummert

  • Det offentleg famnar om statlege, fylkeskommunale og kommunale tenester og myndigheitsorgan.
  • Oppgåver over internett famnar om bruk av sjølvbeteningsløysingar, å fylle ut og sende søknader/skjema e.l.
  • Aldersgruppa 25-34 år er mest fornøgde med sjølv å kunne utføre oppgåver over nettet, med 78 %.
  • Aldersgruppa 67 år og eldre har relativt sett færrast som er fornøgde, med 53 %.

Kjelde: DFØ innbyggarundersøkinga 2021