Bruk av digitale læremiddel og ikt-løysingar i grunnskulen
På oppdrag frå Uu-tilsynet har Oslo Economics gjennomført ei kartlegging av bruk av digitale løysingar i opplæringssektoren. Kartlegginga viser bruk av digitale læremiddel, læringsplattformer og andre digitale læringsressursar. I alt 232 grunnskular over heile landet har delteke i undersøkinga.
Dei 30 mest brukte digitale læremidla og læringsressursane
Diagrammet viser ei oversikt over dei 30 mest brukte digitale læremidla og læringsressursane. Leverandør av læremidla og læringsressursane står i parentes.
Kort oppsummert
- Digitale læremiddel er nettbaserte reiskapar brukt i pedagogisk arbeid og utvikla for læringsaktivitetar. Digitale læringsressursar er nettbasert innhald som ikkje nødvendigvis er utvikla for bruk i skulen, men som vert nytta i undervisning og læring. Bruk av NRK skole, YouTube, Book Creator, Salaby og Office-programma verkar å vere særleg utbreidd i grunnskulane som deltok i kartlegginga.
- Det er dei gratis læremidla og læringsressursane som dei fleste skulane opplyser om at dei brukar i undervisninga.
Kjelde: Oslo Economics
Dei mest brukte digitale læringsplattformene
Diagrammet viser ei oversikt over dei 15 mest brukte digitale læringsplattformene. Leverandør av læringsplattformene er sett i parentes. Digitale læringsplattformer er løysingar for å administrere brukarar og organisere læringsinnhald.
Kort oppsummert
- Microsoft sine plattformer er i bruk av særleg mange grunnskular. Office 365 er i bruk i 68 % av skulane som deltok i undersøkinga, Microsoft Teams i 64 % og OneNote i 49 % av skulane.
- Visma Flyt Skole, Showbie og Google sine plattformer er også brukt av mange skular, mellom 22 og 36 % av skulane i undersøkinga oppgav at dei brukte desse løysingane.
Kjelde: Oslo Economics
Dei mest brukte samhandlingsløysingane
Diagrammet viser ei oversikt over samhandlingsløysingane som vert brukte i skulane som deltok i kartlegginga. Dette er løysingar som kan brukast for fjernundervisning eller møteverksemd, men som også vert nytta til utveksling av dokument. Leverandør av læringsplattformene er sett i parentes.
Kort oppsummert
- 75 % av skulane i undersøkinga brukar Microsoft Teams som samhandlingsløysing.
- 30 % av skulane brukar Visma Flyt Skole.
- 20 % brukar Google Meet.
- Andre digitale løysingar for samhandling vert brukte av færre enn 10 % av skulane i undersøkinga.
Kjelde: Oslo Economics
Dei mest brukte digitale einingane
Diagrammet viser prosentdel elevar med tilgang til eigne digitale einingar, fordelt på utvalde klassesteg.
Kort oppsummert
- 93 prosent av elevane i grunnskulen har tilgang til eiga digital eining som for eksempel nettbrett, pc eller Mac.
- Dei eldste elevane har best tilgang. Medan 20 prosent av førsteklassingane er utan eiga digital eining, er tilsvarande tal for tiande klasse berre éin prosent.
- Bruk av ulike typar digitale einingar endrar seg med alderen. Nettbrett dominerer i småskulen. Berbar pc eller Mac dominerer bruken i tiande klasse.
Kjelde: Fakta om grunnskulen 2023–2024