Noreg har ei digital befolkning. For dei fleste vert kvardagen enklare med digitalisering, men mange fell utanfor. Funksjonsvariasjonar, helse, alder og språkbakgrunn påverkar bruk av digitale løysingar. Også sosioøkonomiske skilnader, manglande kompetanse, tillit og meistringstru kan gi digitalt utanforskap.