Hopp til hovudinnhald

Nedsett funksjonsevne og digital deltaking

Ein av ti personar med nedsett funksjonsevne er sjeldan eller aldri på internett. 17 % har lite digital erfaring. Sjølv om fleirtalet er digitale, har ein med nedsett funksjonsevne større vanskar med å bruke internett til å skaffe seg informasjon, varer og tenester enn befolkninga elles.

Definisjon

Nedsett funksjonsevne kan definerast på fleire måtar. Her brukar vi definisjonen frå DFØ si innbyggarundersøking. Personar med funksjonsnedsetting er dei over 18 år som har svara ja på spørsmål om dei har nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne som medfører avgrensingar i dagleglivet, og som har vara eller vil vare i seks månader eller meir.

Kor mange personar har funksjonsnedsetjing?

Diagrammet viser prosentdelen innbyggarar over 18 år som gjennom DFØ si innbyggarundersøking opplyser at dei har nedsett funksjonsevne.

Kort oppsummert

  • 20 % over 18 år rapporterer gjennom DFØ si innbyggarundersøking for 2021 at dei har nedsett funksjonsevne.
  • Dette gir eit estimat på at om lag 800 000 i aldersgruppene 18 år og eldre, har ei funksjonsnedsetting som medfører avgrensingar i dagleglivet og som har vara i seks månader eller meir.

Kjelde: DFØ innbyggarundersøkinga 2021

Nedsett funksjonsevne og bruk av internett

Diagrammet viser korleis innbyggarar over 18 år - med eller utan funksjonsnedsetting - har svara på følgande spørsmål: «Kor ofte brukar du internett?».

Kort oppsummert

  • Personar med funksjonsnedsetting brukar internett i noko mindre grad enn personar utan funksjonsnedsetting.
  • 87 % av personar med funksjonsnedsetting brukar internett dagleg, mot 96 % utan funksjonsnedsetting.
  • Den relativt sett største skilnaden mellom personar med og utan funksjonsnedsetting når det gjeld bruk av internett, er blant dei som svarar at dei sjeldan eller aldri er på nettet. 7 % med funksjonsnedsetting er sjeldan eller aldri på internett, mot 2 % utan funksjonsnedsetting.

Kjelde: DFØ innbyggarundersøkinga 2021

Nedsett funksjonsevne og erfaring med private og offentlege digitale tenester

Diagrammet viser korleis innbyggarar over 18 år – med eller utan funksjonsnedsetting - har svara på følgande spørsmål: «Kor stor eller liten erfaring har du med bruk av private eller offentlege nettenester, som nettbank, Altinn, nett-tv, kjøp av varer og tenester?».

Kort oppsummert

  • Det er stor skilnad på personar med og utan funksjonsvariasjonar når det kjem til erfaring med bruk av private og offentlege digitale tenester. Færre enn halvparten av personar med nedsett funksjonsevne har stor erfaring med bruk av digitale tenester.
  • 50 % av personar med funksjonsnedsetting har stor erfaring med private/offentlege internettenester, mot 68 % utan funksjonsnedsetting.
  • 13 % av personar med funksjonsnedsetting har ingen/liten erfaring med private/offentlege internettenester, mot 4 % utan funksjonsnedsetting.

Kjelde: DFØ innbyggarundersøkinga 2021

Nedsett funksjonsevne og vanskar med kommunale digitale tenester

Diagrammet viser korleis innbyggarar 18 år og eldre – med eller utan funksjonsnedsetting - har svara på følgande spørsmål: «Kor lett eller vanskeleg meiner du det følgande er i din kommune: Bruke kommunens nettbaserte tenester?».

Kort oppsummert

  • Det er nokså tydelege skilnader mellom personar med og utan funksjonsvariasjonar i vurdering av kor lett eller vanskeleg det er å bruke kommunale digitale tenester.
  • 24 % med funksjonsnedsetting svarar at det er vanskeleg å bruke digitale kommunale tenester, mot 17 % utan funksjonsnedsetting.
  • 49 % med funksjonsnedsetting svarar at det er lett å bruke digitale kommunale tenester, mot 60 % utan funksjonsnedsetting.

Kjelde: DFØ innbyggarundersøkinga 2021

Nedsett funksjonsevne og vurdering av offentlege digitale tenester

Diagrammet viser korleis innbyggarar over 18 år – med eller utan funksjonsnedsetting - har svara på følgande spørsmål: «Kor fornøgd eller misfornøgd er du med det offentlege når det gjeld moglegheit til sjølv å kunne utføre oppgåver over internett?».

Kort oppsummert

  • Det offentlege famnar om statlege, fylkeskommunale og kommunale tenester og myndigheitsorgan.
  • Oppgåver over internett famnar om bruk av sjølvbeteningsløysingar, å fylle ut og sende søknader/skjema e.l.
  • Det er stor skilnad på personar med og utan funksjonsvariasjonar når det kjem til kor fornøgde dei er med å kunne utføre oppgåver over internett.
  • 57 % med funksjonsnedsetting er fornøgde med moglegheitene dei opplever til sjølve kunne utføre oppgåver via internett, mot 73 % utan funksjonsnedsetting.
  • 23 % med funksjonsnedsetting er misfornøgde med moglegheitene dei opplever til sjølve kunne utføre oppgåver via internett, mot 13 % utan funksjonsnedsetting.

Kjelde: DFØ innbyggarundersøkinga 2021

Funksjonsvariasjonar har stor påverknad på bruk av digitale løysingar

Diagrammet bygger på ei spørjeundersøking der 342 personar med ulike typar funksjonsvariasjonar svarar på i kva grad dei opplever at funksjonsnedsetjingane påverkar bruk av digitale løysingar som pc, mobiltelefon og sjølvbeteningsautomatar.

Kort oppsummert

  • 70 % av dei som deltok i undersøkinga svara at funksjonsnedsettinga skapte vanskar for bruk av ikt-løysingar i stor eller i nokon grad.
  • 56 % vurderer at funksjonsnedsetting påverkar bruk av digitale løysingar i stor grad.
  • 14 % vurderer at funksjonsnedsetting påverkar bruk av digitale løysingar i nokon grad.

Kjelde: Proba samfunnsanalyse, 2020 (på oppdrag frå Uu-tilsynet)