Tilsyn med andre digitale løysingar i utdanning
Uu-tilsynet har gjennomført tilsyn med ulike løysingar som er i bruk i opplæring og utdanning, men som ikkje er digitale læremiddel. Fleire av desse er avgjerande for å søke om opptak, studielån, ta eksamen og for samhandling mellom skulen og føresette i grunnskulen.
Status for universell utforming av eit utval ikt-løysingar i opplæring og utdanning
Diagrammet viser status for universell utforming av ikt på kontrolltidspunktet. Tilsyna vart gjennomførte i 2021. Ikt-løysingane er utbetra før avslutning av tilsyna.
- Alle ikt-løysingane hadde brot på regelverket om universell utforming av ikt.
- Både Universitetet i Bergen (uib.no) og Handelshøgskulen BI (bi.no) hadde brot med 8 av 10 krav som inngjekk i kontrollane.
- Statens lånekasse for utdanning (lanekassen.no) og Samordna opptak viste meir enn 80 % samsvar, og er såleis dei med best resultat.
- Visma app, ei løysing for samhandling mellom skulen og føresette, hadde brot med 5 av 6 krav. Løysinga vart utbetra etter tilsyn og rulla ut til alle kommunane som brukar appen i sine grunnskular.
Kjelde: Uu-tilsynet
Oppfølging av tilsyna med eit utval ikt-løysingar i opplæring og utdanning
Diagrammet viser oppfølging av tilsyna med eit utval digitale løysingar i opplæring og utdanning som ikkje er digitale læremiddel.
Kort oppsummert
- Fire av dei seks løysingane vart utbetra innan fristen sett av tilsynet.
- To verksemder fekk vedtak om tvangsmulkt, men ei av verksemdene retta opp i ikt-løysinga innan fristen for iverksetting av tvangsmulkt.
- For éi verksemd vart tvangsmulkt iverksett. Løysinga vart då retta opp.