Hopp til hovudinnhald

Rapport

Digitale barrierar på norske nettstader 2018

Manglande universell utforming skapar digitale barrierar. Tilsynet har målt status for universell utforming (uu) av 278 nettstader i privat og offentleg sektor.

22. mars 2019

Statusmålingar

  • avdekker digitale barrierar som gjer det vanskeleg eller umogleg for mange å betjene eller få tilgang på innhald på nettstaden
  • peikar ut nettstader som er aktuelle for kontroll

Målinga i 2018 famnar om nettstader som har store brukarvolum på samfunnsområde som er særleg viktige for likeverdig samfunnsdeltaking.