Hopp til hovudinnhald

Fem verksemder fekk i mars pålegg om å publisere tilgjengelegheitserklæringar på sine nettsider. Alle har no retta opp og publisert innan fristen. Uu-tilsynet avsluttar derfor tilsyna.

I mars sendte Uu-tilsynet ut dei første pålegga om å opprette tilgjengelegheitserklæring. Pålegga vart sendt til utvalde verksemder som ikkje hadde publisert erklæringar innan fristen 1. februar. Dei fem utvalde var Statens Havarikommisjon, Politiets sikkerhetstjeneste (PST), Riksmekleren, Justervesenet og Øksnes kommune. Manglande erklæring vil kunne føre til sanksjonar frå tilsynet i form av dagmulkter.

Dei fekk frist til 12. april om å få på plass erklæringane sine, med varsel om dagbøter dersom denne fristen ikkje vart nådd. Alle har no oppretta erklæring i uustatus.no og publisert, og tilsynet avsluttar derfor sakene.

– Vi er glade for at verksemdene har teke dette på alvor, og fått erklæringar på plass, seier Malin Rygg, tilsynsdirektør i Uu-tilsynet.

– Tilgjengelegheitserklæring er eit viktig steg i arbeidet som skal skje i offentlege verksemder for å sikre at dei digitale løysingane kan brukast av alle. Det er viktig at offentleg sektor digitaliserer på ein måte som inkluderer og ikkje skapar digitalt utanforskap. Tilsynet kjem til å halde fram med å følge opp verksemder som ikkje har dette på plass, og verksemder som er seint ute, må rekne med å få eit varsel i løpet av våren.

Pressespørsmål

For mer informasjon, ta kontakt med: