Appar i offentlege verksemder skal også ha tilgjengelegheitserklæring. Det nærmar seg fristen for å få dette på plass, og i starten av desember sendte vi ut informasjonsbrev til deg som skal opprette erklæring for app.
I desember har vi har sendt informasjonsbrev til alle offentlege verksemder med innloggingsinformasjon til uustatus.no, slik at du som har ansvar for appar i ei offentleg verksemd no kan opprette tilgjengelegheitserklæring for app.
I fjor opna vi løysinga uustatus.no for å lage erklæringar for nettstader, men no er den også open for å lage erklæringar for appar. Fristen for nettstader var 1. februar 2023, og fristen for appar er 1. februar 2024.
Det er obligatorisk å bruke uustatus.no til å opprette erklæring, som er ei felles løysing som tilsynet i Digdir rulla for første gong i fjor til alle offentlege verksemder. Merk at erklæringar som ikkje er laga i uustatus.no er ikkje godkjende erklæringar.
Ei tilgjengelegheitserklæring viser i kva grad nettstaden eller appen følger krava om universell utforming av ikt, og skal ha ein tilbakemeldingsfunksjon for brukaren, i tillegg til status for innhald som ikkje er universelt utforma.
For å fylle ut erklæringa, må du først teste appen for å finne ut om kvart krav er oppfylt. På temasida om rettleinga for tilgjengelegheitserklæringa finn du ei sjekkliste med oversikt over alle krava. På rettleiingssidene for nettstader og appar, finn du løysingsforslag for krava.
Har du spørsmål?
Dersom du har spørsmål, sjekk rettleiinga på tilsynets sider. Her finn du svar på ofte stilte spørsmåli tillegg til meir informasjon og rettleiing om tilgjengelegheitserklæring både for nettstad og app: uutilsynet.no/tilgjengelighetserklæring.
Pressespørsmål
For meir informasjon for presse, ta kontakt med:
- Kommunikasjonsansvarlig i tilsynet, Torhild Brudvik, tlf. 482 88 309, e-post: torhild.brudvik@digdir.no
- Tilsynsdirektør i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir), Malin Rygg, tlf. 971 97 317, e-post: malin.rygg@digdir.no