Alle offentlege verksemder skal frå neste år gjere opp årleg status for i kva grad nettstadane deira oppfyller dei tekniske krava som sikrar at alle får tilgang til, og kan bruke nettstaden. Status for denne digitale helsesjekken skal oppsummerast i ei tilgjengelegheitserklæring som skal ligge opent på nettstaden.
Frå 1. februar 2023 skal alle offentlege verksemder ha ei tilgjengelegheitserklæring for sine nettløysingar. I dag opnar Uu-tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) for innlogging i den nye løysinga uustatus.no der verksemdene kan publisere sine erklæringar. Løysinga er obligatorisk å bruke for alle verksemder i offentleg sektor.
Tilsynet oppmodar alle om å logge på løysinga og ta den i bruk. I tillegg må alle som ikkje allereie har oversikt over status for universell utforming, starte testing av nettsidene sine.
– Tilgjengelegheitserklæringa er eit viktig tiltak mot digitalt utanforskap. Dette er ein viktig «digital helsesjekk» som viser i kva grad dei offentlege nettstadane oppfyller krava som sikrar at alle har tilgang. No kan kommunar og offentlege verksemder logge seg på løysinga, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Han håpar løysinga kan hjelpe offentleg sektor å jobbe meir systematisk med inkludering i digitale tenester.
Enklare for verksemda og bra for brukaren
Denne felles løysinga som Uu-tilsynet i Digdir no rullar ut er gratis og skal gjere det enkelt og trygt for verksemda å få på plass tilgjengelegheitserklæring.
For brukaren vil tilgjengelegheitserklæringa gi oversikt over kva eventuelle feil nettsidene har. Samtidig vil tilgjengelegheitserklæringa ha ein tilbakemeldingsfunksjon, slik at det skal vere lett for brukarane å gi tilbakemelding på det som ikkje funkar.
Tilsynsdirektøren oppmodar verksemdene som krava gjeld for, om å logge seg inn, ta løysinga i bruk og ta kontakt med Uu-tilsynet dersom dei lurer på noko. Tilsynet er opne for tilbakemeldingar.
Pressespørsmål
For meir informasjon, ta kontakt med:
-
Kommunikasjonsansvarleg i tilsynet, Torhild Brudvik, tlf. 482 88 309, e-post: torhild.brudvik@digdir.no.
-
Tilsynsdirektør i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir), Malin Rygg, tlf. 971 97 317, e-post: malin.rygg@digdir.no.
Andre spørsmål
Har du spørsmål om tilgjengelegheitserklæringa eller har andre spørsmål til universell utforming av ikt, send oss gjerne ein e-post til post@uutilsynet.no.