Uu-tilsynet varsla i vår tilsyn med kommunane Bergen, Sunnfjord, Stavanger, Trondheim, Bodø og Tromsø. Trondheim kommune er den første som er i mål. Tilsynet blir avslutta utan ytterlegare oppfølging.
I juni fekk fem av kommunane endeleg rapport og pålegg om retting med frist i august. Tilsyn med ein kommune er framleis under arbeid.
– Trondheim kommune har saman med sine leverandørar jobba godt og har kome i mål med å rette det som vart avdekka i tilsynet. Dette kjem alle elevar i Trondheim til gode, og vil også vere positivt for alle andre kundar av leverandørane som har vore under tilsyn i denne saka, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.
– Vi håpar at tilsynsprosessen gir motivasjon til å fortsette å få på plass god universell utforming for digitale læremiddel, som ikkje har vore under tilsyn i denne omgang. Alle elevar fortener å kunne delta i skulen på like vilkår. Dette er eit viktig steg i rett retning.
Tilsynsrapportane vart publisert på Uu-tilsynets nettsider i juni. Fristen for korrigering var satt til august og Trondheim kommune var i mål med dette innan fristen.
– Tilsynsprosessen har gitt oss enno betre innsikt i kva det vil seie å ha gode universelt utforma digitale læremiddel og andre nettressursar. Kommunen er fornøgd med at tilsynet vert avslutta, og vi vil i samarbeid med våre leverandørar halde fram med å ha merksemd om universell utforming, seier Bjørn Helge Græsli, kommunalsjef støtte, utvikling og innovasjon, i avdeling for oppvekst og utdanning, i Trondheim kommune.
Regelverket om universell utforming av ikt
Tilsynet er gjennomført etter krava i regelverket om universell utforming av ikt, som gjeld verksemder i både offentleg og privat sektor. Føremålet er at alle skal kunne bruke digitale løysingar uansett funksjonsevne.
Sjå gjeldande regelverk og krav på tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no.
Pressespørsmål
For meir informasjon, ta kontakt med:
-
Kommunikasjonsansvarleg i tilsynet, Torhild Brudvik, tlf. 482 88 309, e-post: torhild.brudvik@digdir.no.
-
Tilsynsdirektør i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir), Malin Rygg, tlf. 971 97 317, e-post: malin.rygg@digdir.no.