Tilsynsrapport Bærum kommune
Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Bærum kommune. Ettersynet avdekte 4 avvik på områda kontrast, tastaturnavigasjon, koding og skjema.
1 Innleiing
Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.
Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte tilsyn med Bærum kommune i tidsrommet 18.08.2017 – 27.10.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.baerum.kommune.no/.
Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.
Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Bærum kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.
2 Om ettersynet
2.1 Tema
Tilsynet omfatta følgjande tema
- skjema
- navigasjon
- tastaturnavigasjon
- koding av innhald
- struktur og presentasjon
- tekstalternativ
Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Bærum kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.
2.2 Om testinga
Vi har testa 9 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukte 11 indikatorar.
Verifikasjonen er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden.
Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:
- Chrome versjon 61.
- Colour Contrast Analyser, versjon 2.5.0.0.
- Kodevalidatoren til W3C.
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.
2.3 Enkeltsider som vart testa
- Framsida
- Plan, bygg og geodata
- Jobb i kommunen
- Hentekalender
- Søk etter plan/byggesaker
- Søk etter dokumenter
- Barnehage
- Søke barnehage - Velg barnehage
- Søke barnehage - Fylt ut skjema
- Søke barnehage - Kontaktinformasjon
3 Resultat
Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.
- Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
- Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
3.1 Avvik 1: Kontrast
Bærum kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Lenkene Høring - Klimastrategi 2030 og kommunens kulturstipend og kulturpris innen 1. oktober! |
2 | Side 8 | Lenka Flere barnehager |
3 | Side 9, Side 10 | Knappen avbryt |
4 | Side 8, Side 9, Side 10 | Grå tekst i botntekst |
5 | Side 4 | Raude feilmeldingar i skjemaet Rapporter feil |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Dei grøne lenkene Plan, bygg og geodata, Barnehage, Helse og omsorg, Avfall og gjenvinning, Skole og Natur, kultur, idrett og fritid |
2 | Side 1 | Liste med lenker til ulike tenester på høgre del av framsida |
3 | Side 1 | Grøne lenker til høgre i delen Aktuelt fra Bærum kommune |
4 | Side 2 | 7 grøne lenker på kvit bakgrunn |
5 | Side 2, Side 7 | Meny med grøne lenker på kvit bakgrunn på høgresida |
6 | Side 3, Side 7 | 6 grøne tema lenker på kvit bakgrunn |
7 | Side 4 | Knappen Returpunkter/aktiv knapp i meny |
8 | Side 5, Side 6 | Lenka Postliste |
9 | Side 5, Side 6 | Lenka Saker |
10 | Side 5, Side 6 | Lenka Dokumenter |
11 | Side 5, Side 6 | Lenka Vis færre søkevalg |
12 | Side 5, Side 6 | Lenkene ACOS Innsyn og ACOS AS |
13 | Side 8, Side 9, Side 10 | Knappen Min Side |
14 | Side 8, Side 9, Side 10 | Lenka Søk barnehageplass her (du skal ikke være innlogget) |
15 | Side 8, Side 9, Side 10 | Lenka Logg inn med ID-porten |
16 | Side 8, Side 9, Side 10 | Kvitt tal på oransje bakgrunn på elementa som viser kor langt ein er komen i skjemaet. |
17 | Side 8, Side 9, Side 10 | Blå tekst på blå bakgrunn i boksane med hjelp til utfylling av skjemaet |
18 | Side 8 | Overskrifta Barnehage på blå bakgrunn |
19 | Side 8 | Lenka Informasjon om barnehageopptaket i Bærum kommune |
20 | Side 8 | Lenka Vise alle barnehager |
21 | Side 8 | Legg til og Mer info - lenker i tabell over barnehager |
22 | Side 8, Side 9, Side 10 | Blå lenker i botntekst |
23 | Side 10 | Hjelpetekstane Utenlandske numre må starte med landskode og Din e-postadresse vil bli brukt for å kontakte deg. Du kan senere endre denne i din profil. |
24 | Side 10 | Hjelpeteksten ddmmåånnnnn |
25 | Side 5 | Blå lenker med saksnummer og tittel på sak |
26 | Side 5 | Blå lenker med tall for å hoppe til neste side med søkeresultat |
3.1.1 Kommentar avvik 1
Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.
- Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.
3.2 Avvik 2: Tastaturnavigasjon
Bærum kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg tastaturnavigasjon på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 4 | Lenka Se tømmedager for hele året |
2 | Side 4 | Menypunkta Tømmekalender/SMS, Returpunkter, Sorteringsinfo, Isi gjenvinningsstasjon og Meld om feil |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1, Side 2, Side 3, Side 4 | Heile nettsida |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 8, Side 9, Side 10 | Heile nettsida |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 8, Side 9, Side 10 | Knappane Du er ikke innlogget og Valgte barnehager |
3.2.1 Kommentar avvik 2
Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er umogleg å bruke for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.
- Innhald på nettsider skal du kunne bruke med tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
- Det skal vere mogleg å hoppe over innhald som blir gjentatt på fleire sider, som for eksempel menyar, navigasjonslenker, topptekst, slik at brukaren kjem raskare til hovudinnhaldet. Snarveglenka skal flytte tastaturfokuset til det første aktive elementet i hovudinnhaldet.
- Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.
3.3 Avvik 3: Koding
Bærum kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av skjemaelement og kodesyntaks på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium
Side | Element som er nøsta feil | Element som ikkje er avslutta korrekt | Element som har same attributt fleire gonger | Element som har IDar som ikkje er unike | Sum | Fatal error |
---|---|---|---|---|---|---|
5 | 0 | 1 | 0 | 0 | 1 | Nei |
8 | 4 | 0 | 0 | 4 | 8 | Nei |
9 | 4 | 0 | 0 | 3 | 7 | Nei |
10 | 4 | 0 | 0 | 3 | 7 | Nei |
Sum | 12 | 1 | 0 | 10 | 23 |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 4 | Søk på adresse (Hentekalender) |
2 | Side 4 | Bestille varsel på SMS (Hentekalender) |
3 | Side 4 | Beskrivelse (Meld feil) |
4 | Side 4 | Min e-post (Meld feil) |
5 | Side 4 | Mitt telefonnummer (Meld feil) |
3.3.1 Kommentar avvik 3
Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.
- Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte.
- Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn.
3.4 Avvik 4: Skjema
Bærum kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege feilmeldingar i skjema.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 9 | Søkers fødselsnummer |
2 | Side 9 | Barnets fødselsnummer |
3 | Side 10 | Fornavn og mellomnavn |
4 | Side 10 | Etternavn |
5 | Side 10 | Adresse |
6 | Side 10 | Postnummer |
7 | Side 10 | Poststed |
8 | Side 10 | E-post |
9 | Side 9 | Medsøkers fødselsnummer |
10 | Side 10 | Telefon (privat) |
11 | Side 10 | Telefon (arbeid) |
12 | Side 10 | Telefon (mobil) |
3.4.1 Kommentar avvik 4
Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg å bruke for alle.
- Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut.
4 Regelverk
- Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven).
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar.
- Standarden for nettløsninger, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0.
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
5 Standarden for nettløysingar
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.
35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.
Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.
6 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Bærum kommune omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarselet vart sendt 18.08.2017.
- Vi fekk dokumentasjon 11.09.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
- Formøte vart gjennomført 19.09.2017. Felles for kommunane Oslo, Bærum, Skedsmo, Sarpsborg, Moss og Horten.
- Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 38 og 39.
- Førebels rapport vart sendt 27.10.2017.
- Tilbakemelding frå kommunen på førebels rapport motteke 16.11.2017.
7 Dokumentgrunnlag
Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Bærum kommune sendte følgjande dokumentasjon:
- Oversendingsbrev
- Informasjon om nettstaden og standardar
- Oversikt over mest brukte sider og tenester – Analytics
- Rapport frå Siteimprove
- Kopi av kontrakt med Netlife Research AS 26.11.2014