Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Blush AS

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Blush AS. Tilsynet avdekte 4 avvik på områda koding, kontrast, skjema og navigasjon.

2019:14
29. juli 2019

    1 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Blush AS i tidsrommet 13.05.2019 til 27.06.2019. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.blush.no/.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, for dei delane av ikt-løysinga som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden. Testinga er avgrensa til utvalde sider i kjøpsløpet, men omfattar ikkje oppretting av brukar eller gjennomføring av kjøp.

    Det er avdekka brot på 6 av 7 krav som er testa, og feila er gruppert i 4 avvik. Det er ikkje gitt merknader.

    Tabellen under gir ei oversikt over alle element som er testa på nettstaden, fordelt på testreglar. Tabellen viser tal brot og samsvar, og kor mange element som er testa totalt.

    Testregel Tal ikkje førekomst Tal brot Tal samsvar Sum testa
    111b 0 3 7 10
    143c 0 4 0 4
    222a 4 0 0 4
    331a 1 1 2 4
    332a 0 2 3 5
    411a 0 2 2 4
    412a 0 2 3 5
    412b 0 3 7 10

    Resultata er dokumentert med skjermbilde og skriftleg grunngjeving.

    • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
    • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdere om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    2.1 Avvik 1: Koding

    Blush AS sikrar ikkje korrekt koding av innhald på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Sider med syntaksfeil i koden.
    Side Element som ikkje er nøsta korrekt Element som ikkje er avslutta korrekt Element som har same attributt fleire gonger Element som har IDar som ikkje er unike Sum Fatal error
    1 1 0 0 0 1 Nei
    2 0 1 0 0 1 Nei
    Sum 1 1 0 0 2
    b) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje skjemaelementet.
    Nr Side Element
    1 Side 3 Felt for å auke antall produkt i handlevogna.
    c) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
    Nr Side Element
    1 Side 1 "Chat med oss" - Skriv ditt spørsmål her
    d) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
    Nr Side Element
    1 Side 1 Hamburgermeny-knapp
    2 Side 2 Produktanmeldelser - "Nyeste først"
    3 Side 2 "Kjøp"-knappen under MoroccanOil Light Oil Treatment

    2.1.1 Kommentar avvik 1

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
    • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon av skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.

    2.2 Avvik 2: Kontrast

    Blush AS sikrar ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Testside har kontrastfeil.
    Nr Side Element
    1 Side 1 Antall feil: 4
    2 Side 2 Antall feil: 9
    3 Side 3 Antall feil: 3
    4 Side 4 Antall feil: 5

    2.2.1 Kommentar avvik 2

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

    • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

    2.3 Avvik 3: Skjema

    Blush AS sikrar ikkje tilstrekkelege feilmeldingar og merking av obligatoriske skjemaelement i skjema på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir ikkje tekstleg feilmelding.
    Nr Side Element
    1 Side 1 Feltet "Skriv ditt spørsmål her..."
    b) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.
    Nr Side Element
    1 Side 4 "Brukernavn (e-post)"
    2 Side 4 "Passord"

    2.3.1 Kommentar avvik 3

    Identifikasjon og beskriving av inputfeil i skjema, vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

    • Dersom det blir oppdaga automatisk at obligatoriske skjemaelement ikkje er fylt ut, gjeld følgjande:
      • Brukaren får ei tekstleg feilmelding
      • Feilmeldinga er koda som tekst
      • Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod
      • Feilmeldinga beskriv feilen
    • Det skal vera opplyst om at skjemaelement er obligatoriske. Eventuell merking med symbol, for eksempel stjerne (*) skal vera forklart før det blir teke i bruk første gong.

    2.4 Avvik 4: Navigasjon

    Blush AS sikrar ikkje at lenka bilder på nettstaden har tilstrekkeleg tekstalternativ.

    Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Lenka bilde har lenketekst som ikkje er beskrivande.
    Nr Side Element
    1 Side 1 Bilde tilhøyrande tekst: "Gjør deg klar til sommerfesten! Opptil 50%".
    b) Lenka bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
    Nr Side Element
    1 Side 1 Bilde av bareMinerals-produkt med teksten: "bareMinerals opptil 40%".
    c) Lenka bilde manglar alt-attributt.
    Nr Side Element
    1 Side 2 Facebook-logo i footer.

    2.4.1 Kommentar avvik 4

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for blinde og synshemma.

    • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Blush AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema

    • skjema
    • navigasjon
    • koding av innhald
    • struktur og presentasjon
    • tekstalternativ

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen

    3.3 Testreglar

    Tilsynets tolking av krava i regelverket og testreglane vi brukar under testinga er publisert på nettstaden vår.

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen

    • 1.1.1b Formål med lenka bilde går fram av lenketekst og/eller tekstalternativ
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 2.2.2a Det er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 7 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 8 testreglar. Verifikasjonen er gjort ved testing av 4 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider står i punkt 3.5.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    1. Framside
    2. Artikkelside
    3. Handlekorg
    4. Betaling

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Blush AS omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 14.05.2019.
    2. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 23.
    3. Førebels rapport vart sendt 27.06.2019.
    4. Tilbakemelding frå verksemda vart motteke den 03.07.2019 og bildedokumentasjon av feil vart sendt på e-post til kontaktperson.
    5. Tilsvar på førebels rapport og oversikt over retting av feil vart motteke 05.07.2019.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.