Tilsynsrapport Bodø kommune, Showbie (app)
Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Bodø kommune, Showbie (app). Tilsynet avdekka brot på 4 av 6 krav som blei testa.
1 Innleiing
Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.
Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte tilsyn med Bodø kommune i tidsrommet 13.03.2023 til 24.04.2023. Tilsynet retta seg mot det digitale læremiddelet Showbie (app).
Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av appen.
Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.
2 Resultat
Resultata byggjer på informasjon frå testinga av appen.
Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
Det er avdekt brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:
2.1 Alternativt format
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 1 | Tom papirholder | app-1.1.1a-1 |
2 | Side 8 | Pinnsvin under grener med et haiku | app-1.1.1a-9 |
3 | Side 10, Side 3, Side 4 | Profilbilde | app-1.1.1a-11 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 5 | Lyseblå rektangel side 2 | app-1.1.1a-12 |
2 | Side 7 | Forhåndsvisning av dokument når man trykker på "del" | app-1.1.1a-13 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får innhaldet presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.
- Meiningsberande bilde skal ha eit kort tekstalternativ som gjer att same informasjon som biletet.
- Dekorative bilde skal vere koda på ein slik måte at dei ikkje er til støy for brukare med skjermlesar.
2.2 Kontrast
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 2 | Gi denne koden til elever...., Alle som har gruppekoden...., Trenger du hjelp... | app-1.4.3a-10 |
2 | Side 2 | elevtilgang - låst | app-1.4.3a-11 |
3 | Side 2 | Delte elementer | app-1.4.3a-12 |
4 | Side 2 | 7 | app-1.4.3a-13 |
5 | Side 2 | Alle oppgaver | app-1.4.3a-2 |
6 | Side 2 | Ny klasse | app-1.4.3a-3 |
7 | Side 2 | Søk | app-1.4.3a-4 |
8 | Side 2 | English, ingen tidsfrist | app-1.4.3a-5 |
9 | Side 2 | Opprett en gruppe og inviter andre | app-1.4.3a-6 |
10 | Side 2 | Du tilhører ingen g... | app-1.4.3a-7 |
11 | Side 2 | Avbryt, Lagre, UCWRF, ny gruppe | app-1.4.3a-8 |
12 | Side 2 | Ny gruppe, Kort beskrivelse... | app-1.4.3a-9 |
13 | Side 3 | Deler nye innlegg med | app-1.4.3a-14 |
14 | Side 3 | skriv en kommentar... | app-1.4.3a-16 |
15 | Side 3 | Legg inn | app-1.4.3a-17 |
16 | Side 3 | Denne oppgaven er.... | app-1.4.3a-18 |
17 | Side 4 | 4. apr., 07:47 | app-1.4.3a-19 |
18 | Side 9 | Avbryt, Lagre | app-1.4.3a-20 |
19 | Side 10 | Inviter foreldre | app-1.4.3a-21 |
20 | Side 10 | Logg av | app-1.4.3a-22 |
Kommentar til brot
Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst. Dette gjer at brukarar med moderat nedsett syn i større grad kan lese teksten. Dette gjelder også brukarar med redusert fargesyn.
Tilstrekkeleg kontrast gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar
2.3 Skjema
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 1 | Sidebar togle | app-4.1.2a-1 |
2 | Side 5 | Spill av lyd | app-4.1.2a-11 |
3 | Side 7 | Delte instruksjoner | app-4.1.2a-15 |
4 | Side 7 | Sideviser | app-4.1.2a-18 |
5 | Side 7 | Sider i sideviser | app-4.1.2a-19 |
6 | Side 7 | Fargevelger gul | app-4.1.2a-21 |
7 | Side 7 | Ekstra tynn pennebredde | app-4.1.2a-22 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.
- Skjemaelement skal ha ledetekst som identifiserer og beskriver element og kva for funksjon det har.
2.4 Tastaturbetjening
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 2 | Sorter etter fornavn/etternavn knapp ved søkefelt for "Elever" | app-2.1.1a-2 |
2 | Side 5 | Bytte side | app-2.1.1a-6 |
3 | Side 7 | Delte elementer | app-2.1.1a-12 |
4 | Side 7 | Tekstverktøy | app-2.1.1a-13 |
5 | Side 7, Side 5 | Karakter-knapp | app-2.1.1a-14 |
6 | Side 7 | Avbryte/lagre talenotat | app-2.1.1a-15 |
7 | Side 7 | Avbryte/lagre ny kommentar | app-2.1.1a-9 |
8 | Side 8, Side 9 | Karakter-knapp, delte elementer, kommentarverktøy, Talenotatverktøy og Tekstverktøy | app-2.1.1a-17 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka, gjer at appen er vanskeleg å bruke for personar som må, eller ønsker å navigere med sveiping. Dette rammer særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett motorikk.
- Alt innhald og funksjonalitet på appsida skal kunne nåast og brukast med sveiping og dobbelttrykk når skjermlesar er aktivert. Unnateke er innhald/funksjonalitet som ikkje er formålstenleg å betene med sveiping.
3 Om kontrollen
3.1 Tema
Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Bodø kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.
Tilsynet omfatta følgjande tema:
- Alternativt format
- Kontrast
- Skjema
- Tastaturbetjening
3.2 Krav
Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:
- 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold
- 1.4.3 Kontrast (minimum)
- 2.1.1 Tastatur
- 2.1.2 Ingen tastaturfelle
- 3.3.1 Identifikasjon av feil
- 4.1.2 Navn, rolle, verdi
3.3 Testreglar
Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:
- App 1.1.1a Bilde har alt-tekst som beskriv formålet
- App 1.4.3a Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
- App 2.1.1a Nå alt med sveiping
- App 2.1.2a Det finst ingen sveipefeller i skjermbildet
- App 3.3.1a Feilmelding til tomme obligatoriske skjemaelement
- App 4.1.2a Interaktive element er identifisert
3.4 Testinga av appen
Vi har testa 6 av dei 47 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt seks testreglar.
Verifikasjonen er gjort ved testing av 10 enkeltsider i appen. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5.
Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:
- Verktøy: iPad (9. generasjon)
- iOS versjon 15.4.1
- WebAIM Contrast Checker (manuelt)
Utover dette er appen kontrollert med manuelle metodar.
3.5 Enkeltsider som vart testa
Vi har testa følgjande enkeltsider:
Showbie
- Side 1 - Startside
- Side 2 - Meny
- Side 3 - Sample Assignment
- Side 4 - Haiku
- Side 5 - Textbook 4
- Side 6 - Assignment Walkthrough
- Side 7 - Assignment Information
- Side 8 - Inspiration Photo with Haiku
- Side 9 - My Document
- Side 10 - Min info
3.6 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Bodø kommune omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarselet vart sendt 13.03.2023.
- Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 18.04.2023.
- Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 15.
- Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 24.04.2023.
- Vi mottok tilbakemelding frå kommunen 09.05.2023.
4 Regelverk
- Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven)
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger
- Standarden for nettløysingar, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.1
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
5 Standarden for nettløysingar
Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4b første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA.
47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta.
WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.