Tilsynsrapport Cubus AS
Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Cubus AS. Tilsynet avdekte 2 avvik på områda merking av obligatoriske skjemafelt og kontrast.
1 Innleiing
Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.
Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte tilsyn med Cubus AS i tidsrommet 10.04.2019 til 10.02.2020. Tilsynet retta seg mot https://www.cubus.com/no/.
Merk at kontrollen blei varsla i april 2019, men gjennomført først i januar 2020. Grunnen er at Cubus AS ga tilbakemelding om at nettstaden var utvikla i 2013 (eksisterande ikt), og at den skulle oppgraderast vesentleg i siste halvår 2019.
Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, for dei delane av ikt-løysinga som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.
Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.
2 Resultat
Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.
Det er avdekka brot på 2 av 7 krav som er testa, og feila er gruppert i 2 avvik. Det er ikkje gitt merknader.
Tabellen under gir ei oversikt over alle element som er testa på nettstaden, fordelt på testreglar. Tabellen viser tal brot og samsvar, og kor mange element som er testa totalt.
Testregel | Tal ikkje førekomst | Tal brot | Tal samsvar | Sum testa |
---|---|---|---|---|
111b | 0 | 0 | 10 | 10 |
143c | 0 | 4 | 0 | 4 |
331a | 2 | 0 | 8 | 8 |
332a | 0 | 8 | 4 | 12 |
411a | 0 | 0 | 4 | 4 |
412a | 0 | 0 | 13 | 13 |
412b | 0 | 0 | 12 | 12 |
Resultata er dokumentert med skjermbilde og skriftleg grunngjeving.
- Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
- Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdere om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
2.1 Avvik 1: Merking av obligatoriske skjemafelt
Cubus AS sikrar ikkje tilstrekkeleg merking av obligatoriske skjemafelt på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 4 | E-post |
2 | Side 4 | Gjenta E-post |
3 | Side 4 | Fornavn |
4 | Side 4 | Etternavn |
5 | Side 4 | Adresse |
6 | Side 4 | Postnr |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 4 | Betalingsvalg - Betal med kort, vipps eller faktura |
2 | Side 4 | Jeg godtar kjøpsbetingelsene |
2.1.1 Kommentar avvik 1
Identifikasjon og beskriving av inputfeil i skjema, vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.
-
Dersom det blir oppdaga automatisk at obligatoriske skjemaelement ikkje er fylt ut, gjeld følgande:
-
Brukaren får ei tekstleg feilmelding
-
Feilmeldinga er koda som tekst
-
Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod
-
Feilmeldinga beskriv feilen
-
- Når det er opplyst om at skjemaelement er obligatoriske med symbol, for eksempel stjerne (*), skal det vere forklart før symbolet blir teke i bruk første gong.
2.2 Avvik 2: Kontrast
Cubus AS sikrar ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Antall feil: 5 |
2 | Side 2 | Antall feil: 5 |
3 | Side 3 | Antall feil: 12 |
4 | Side 4 | Antall feil: 5 |
2.2.1 Kommentar avvik 2
Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.
- Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.
3 Om kontrollen
3.1 Tema
Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Cubus AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.
Tilsynet omfatta følgjande tema
- Skjema
- Navigasjon
- Koding av innhald
- Struktur og presentasjon
- Tekstalternativ
3.2 Krav
Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen
- 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold
- 1.4.3 Kontrast (minimum)
- 2.2.2 Pause, stopp, skjul
- 3.3.1 Identifikasjon av feil
- 3.3.2 Ledetekster eller instruksjoner
- 4.1.1 Parsing (oppdeling)
- 4.1.2 Navn, rolle, verdi
3.3 Testreglar
Tilsynets tolking av krava i regelverket og testreglane vi brukar under testinga er publisert på nettstaden vår.
- 1.1.1b Formål med lenka bilde går fram av lenketekst og/eller tekstalternativ
- 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
- 2.2.2a Det er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar
- 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
- 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
- 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
- 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
- 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden
3.4 Testinga av nettstaden
Vi har testa 7 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 8 testreglar. Verifikasjonen er gjort ved testing av 4 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider står i punkt 3.5.
Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:
- Chrome, versjon 74.0
- Kodevalidatoren til W3C
- Siteimprove Accessibility Checker
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.
3.5 Enkeltsider som vart testa
Vi har testa følgjande enkeltsider:
3.6 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Cubus AS omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarselet vart sendt 10.04.2019.
- Tilbakemelding frå verksemda om at løysinga er eksisterande ikt vart motteke 23.05.2019.
- Avgjerd om å utsette tilsynet til januar 2020 vart sendt 07.05.2019.
- Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 5, 2020.
- Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 10.02.2020.
- E-postkorrespondanse om feil som gjeld kontrast 12.02.2020 - 17.02.2020.
- Verksemdas kommentarar til førebels tilsynsrapport med forslag til retting vart motteke 24.02.2020.
4 Regelverk
Oversikt over aktuelt regelverk for kontrollen
- Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven)
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger
- Standarden for nettløysingar, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
5 Standarden for nettløysingar
Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.
35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.