Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Forbrukertilsynet

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Forbrukertilsynet. Ettersynet avdekte ikkje brot på regelverket.

2018:3
19. mars 2018

    1 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringsloven (ldl) § 36 første ledd jf. ldl. § 18 og forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Forbrukertilsynet i tidsrommet 18.01.2018-27.02.2018. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.forbrukertilsynet.no/.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising står i kapittel 3.

    Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Forbrukertilsynet sitt arbeid med universell utforming av ikt.

    2 Om ettersynet

    2.1 Tema

    Tilsynet omfatta følgjande tema

    • skjema
    • navigasjon
    • tastaturnavigasjon
    • koding av innhald
    • struktur og presentasjon
    • tekstalternativ

    Føremålet med ettersynet er å kontrollere om Forbrukertilsynet etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.

    2.2 Testinga av nettstaden

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 2.3.

    Vi har testa 9 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og vi har brukt 11 indikatorar.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

    2.3 Enkeltsider som vart testa

    1. Forsiden
    2. Tips oss
    3. Klage på markedsføring
    4. Klage på markedsføring vedlegg
    5. Klage på markedsføring info om deg
    6. Klage på markedsføring kontroller skjema
    7. Våre ansatte
    8. Tiltak falske gratisprøver
    9. Lov og rett vedtak møbelringen
    10. Reklame i sosiale medier

    3 Resultat

    Tilsynet med Forbrukertilsynet avdekte ikkje bort på krav i regelverket, som gav grunnlag for avvik eller merknader, innanfor temaet for ettersynet.

    Nettstaden er i samsvar med krava i regelverket på dei sidene som vart testa. Tilsynet er avslutta med utsending av tilsynsrapporten.

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga (verifikasjonen) gjort under tilsynet.

    • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
    • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdere om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    4 Regelverk

    • Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven)
    • Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (ikt)-løsninger.
    • Standarden for nettløysingar, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0.
    • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
    • Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).

    5 Standarden for nettløysingar

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

    6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Forbrukertilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 18.01.2018.
    2. Vi fekk dokumentasjon 06.02.2018. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 7 og 8.
    4. Tilsynsrapport vart sendt 27.02.2018.

    7 Dokumentgrunnlag

    Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.

    Forbrukertilsynet sendte følgjande dokumentasjon:

    • Oversendingsbrev
    • Oversikt over dei 15 mest brukte sidene på nettstaden
    • Kopi av oppdragsavtale med leverandør