Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Komplett.no AS

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Komplett.no AS. Tilsynet avdekte 4 avvik på områda koding, skjema, kontrast og navigasjon.

2019:11
29. juli 2019

    1 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Komplett.no AS i tidsrommet 14.05.2019 - 27.06.2019. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.komplett.no/.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, for dei delane av ikt-løysinga som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden. Testinga er avgrensa til utvalde sider i kjøpsløpet, men omfattar ikkje oppretting av brukar eller gjennomføring av kjøp.

    Det er avdekka brot på 6 av 7 krav som er testa, og feila er gruppert i 4 avvik. Det er ikkje gitt merknader.

    Tabellen under gir ei oversikt over alle element som er testa på nettstaden, fordelt på testreglar. Tabellen viser tal brot og samsvar, og kor mange element som er testa totalt.

    Testregel Tal ikkje førekomst Tal brot Tal samsvar Sum testa
    111b 0 3 7 10
    143c 0 5 0 5
    222a 4 0 1 5
    331a 1 1 3 5
    332a 0 2 4 6
    411a 0 2 3 5
    412a 0 1 5 6
    412b 0 2 8 10

    Resultata er dokumentert med skjermbilde og skriftleg grunngjeving.

    • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
    • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdere om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    2.1 Avvik 1: Koding

    Komplett.no AS sikrar ikkje korrekt koding av innhald på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Sider med syntaksfeil i koden.
    Side Element som ikkje er nøsta korrekt Element som ikkje er avslutta korrekt Element som har same attributt fleire gonger Element som har IDar som ikkje er unike Sum Fatal error
    1 0 0 0 7 7 Nei
    2 2 1 0 0 3 Nei
    Sum 2 1 0 7 10
    b) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
    Nr Side Element
    1 Side 2 Komplett chat - Skriv inn ditt spørsmål her
    c) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
    Nr Side Element
    1 Side 1 Play/pause knapp i header banner
    2 Side 2 Sammenlign

    2.1.1 Kommentar avvik 1

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
    • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon av skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.

    2.2 Avvik 2: Skjema

    Komplett.no AS sikrar ikkje tilstrekkelege feilmeldingar og merking av obligatoriske skjemaelement i skjema på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir ikkje tekstleg feilmelding.
    Nr Side Element
    1 Side 3 Skriv inn ditt spørsmål her
    b) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.
    Nr Side Element
    1 Side 5 Logg inn - Brukernavn
    2 Side 5 Logg inn - Passord

    2.2.1 Kommentar avvik 2

    Identifikasjon og beskriving av inputfeil i skjema, vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

    • Dersom det blir oppdaga automatisk at obligatoriske skjemaelement ikkje er rett fylt ut, gjeld følgjande:
      • Brukaren får ei tekstleg feilmelding
      • Feilmeldinga er koda som tekst
      • Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod
      • Feilmeldinga beskriv feilen
    • Det skal vera opplyst om at skjemaelement er obligatoriske. Eventuell merking med symbol, for eksempel stjerne (*) skal vera forklart før det blir teke i bruk første gong.

    2.3 Avvik 3: Kontrast

    Komplett.no AS sikrar ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Testside har kontrastfeil.
    Nr Side Element
    1 Side 1, Side 2, Side 4 Antall feil: 1
    2 Side 3, Side 5 Antall feil: 3

    2.3.2 Kommentar avvik 3

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

    • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

    2.4 Avvik 4: Navigasjon

    Komplett.no AS sikrar ikkje at lenka bilder på nettstaden har tilstrekkeleg tekstalternativ.

    Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Lenka bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
    Nr Side Element
    1 Side 2 Facebook-ikon i footer
    2 Side 3 Komplett Club - Få 100 kr i velkomstgave
    3 Side 3 Instagram-ikon i footer

    2.4.1 Kommentar avvik 4

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for blinde og synshemma.

    • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Komplett.no AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema

    • skjema
    • navigasjon
    • koding av innhald
    • struktur og presentasjon
    • tekstalternativ

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen

    3.3 Testreglar

    Tilsynets tolking av krava i regelverket og testreglane vi brukar under testinga er publisert på nettstaden vår.

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen

    • 1.1.1b Formål med lenka bilde går fram av lenketekst og/eller tekstalternativ
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 2.2.2a Det er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 7 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 8 testreglar. Verifikasjonen er gjort ved testing av 5 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider står i punkt 3.5.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    1. Framside
    2. Artikkelside
    3. Handlekorg
    4. Betaling – Hvem handler?
    5. Logg inn - KomplettID

    Sidene som ikkje er lenka i lista, har ei nettadresse som er unik for kvar brukar.

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Komplett.no AS omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 14.05.2019.
    2. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 23.
    3. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 27.06.2019.
    4. Rapporten vart sendt på e-post til verksemda 05.07.2019 grunna teknisk feil i første utsending.
    5. Tilbakemelding frå verksemda og oversikt over retting av feil vart motteke same dag 05.07.2019.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.