Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Lørenskog kommune

Rapporten gjer greie for avvika og merknadane som vart avdekt under tilsynet med Lørenskog kommune. Tilsynet er gjennomført som inspeksjon og tema var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden.

2015:1
29. juli 2015

    1 Samandrag

    Rapporten gjer greie for avvika og merknadane som vart avdekt under tilsynet med Lørenskog kommune. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.lorenskog.kommune.no/.

    Tilsynet er gjennomført som inspeksjon. Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

    • koding av ulike typar innhald
    • tastaturnavigasjon
    • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
    • lenker
    • kontrast

    Inspeksjonen avdekte 5 avvik og det vart gitt 2 merknader.

    Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting.

    Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift.

    Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    Oversikt over resultat

    Avvik

    Avvik 1: Lørenskog kommune sikrar ikkje at meiningsberande bilete på nettstaden har tilstrekkeleg tekstalternativ.

    Avvik 2: Lørenskog kommune sikrar ikkje at alle overskrifter, tabellar og skjemaelement på nettstaden kan identifiserast og er koda korrekt.

    Avvik 3: Lørenskog kommune sikrar ikkje at brukaren kan nå og bruke alt innhald og alle funksjonar på nettstaden med tastatur.

    Avvik 4: Lørenskog kommune sikrar ikkje at brukaren kan forstørre alt innhald på nettstaden utan tap av innhald eller funksjonalitet.

    Avvik 5: Lørenskog kommune sikrar ikkje at koden på nettstaden har korrekt syntaks.

    Merknader

    Merknad 1: Lørenskog kommune har eit forbetringspotensiale når det gjeld informasjon om måla med og funksjonen til lenkene.

    Merknad 2: Lørenskog kommune har eit forbetringspotensiale når det gjeld kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

    Vi viser elles til kapittel 8 om resultat som inneheld avvika og merknadane med heimelstilvisning og konkret grunngjeving for kvart enkelt funn.

    2 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Tilsynet for universell utforming av ikt gjennomførte i tidsrommet 12.05.15 - 28.05.15 tilsyn med Lørenskog kommune. Tilsynet vart gjort som inspeksjon, og retta seg mot nettstaden https://www.lorenskog.kommune.no/.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er dtl. § 29 første ledd jf. dtl. §14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar §5.

    Tilsynet er del av den planlagde tilsynsverksemda for 2015.

    Inspeksjon inneber at vi hentar inn og går gjennom dokumentasjon frå verksemda, har møter og verifiserer delar av nettstaden opp mot krava til universell utforming.

    Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

    • koding av ulike typar innhald
    • tastaturnavigasjon
    • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
    • lenker
    • kontrast

    Rapporten gjer greie for avvika og merknadane som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i verifikasjonen.

    Kapittel 8 om resultat har omtale av avvik og merknader med heimelstilvisning og konkret grunngjeving for kvart enkelt funn.

    Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Lørenskog kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt, verken generelt eller innanfor tema for tilsynet.

    3 Omtale av verksemda og nettstaden

    3.1 Om verksemda

    Lørenskog kommune har om lag 35.000 innbyggjarar.

    Ansvaret for nettstaden ligg i teknologiavdelinga i kommunen. Avdelinga blir leia av ein IKT-direktør, som begynte i stillinga i mai. Kontaktperson i samband med tilsynet var kommunikasjonssjef og nettredaktør Gard Haglund.

    To webmasterar har ansvaret for dagleg overordna forvaltning av nettstaden. Vidare har kommunen fleire nettansvarlege som produserer og publiserer innhald på dei ulike tenesteområda.

    3.2 Om nettstaden

    Lørenskog kommune lanserte ei fornying av nettstaden i mars i 2015, med ny menystruktur og design. Avtalen om dette vart inngått i august 2014.

    Målet med nytt design av nettstaden var å få betre struktur, og å gjera det enklare for innbyggarane å finna fram til informasjon om mellom anna tenester, opningstider, kontaktpersonar eller skjema. Søkefunksjonen er betra og sidene tilpassar seg skjermstørrelsen til brukaren.

    4 Om standarden for nettløysingar retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald WCAG 2.0

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG 2.0) nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

    5 Aktivitetar under tilsynet

    Tilsynet med Lørenskog kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    Tilsynsvarselet vart sendt til kommunen 20.04.2015.

    Førebuingsmøte vart gjennomført hjå kommunen 12.05.2015.

    Førebuingsmøte er del av inspeksjonen fordi lovreguleringa av området er ny, samtidig som undersøkingar viser at det er låg kjennskap til regelverket, krava til nettløysingar (WCAG 2.0) og tilsynet som myndigheitsorgan.

    Vi fekk tilsendt dokumentasjon frå kommunen 13.05.2015. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 10 om dokumentgrunnlag.

    Vi heldt opningsmøte på video 19.05.2015.

    Verifikasjon og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 21 og 22.

    For å gjennomføre verifikasjon, har tilsynet utvikla eit indikatorsett, i tillegg til prosedyrar for gjennomføring av test, registrering og dokumentasjon av testresultat. Indikatorsettet operasjonaliserer suksesskriteria i WCAG 2.0 som er minimumskrav i regelverket. Verifikasjonsaktiviteten under tilsynet er omtalt nærare i kapittel 8 om resultat.

    Sluttmøte med presentasjon av resultata frå inspeksjonen vart gjennomført hjå kommunen 28.05.2015.

    Førebels rapport vart sendt til kommunen 18.06.2015. Frist for tilbakemeldingar frå kommunen er 02.07.2015. Kommunen hadde ikkje kommentarar til førebels rapport, jf. e-post motteke 30.06.2015.

    Endeleg rapport vart sendt til kommunen 03.07.2015.

    Kommunen leverer plan for retting av avvik innan 30.09.2015.

    6 Kva tilsynet omfatta

    6.1 Tema for inspeksjonen

    Føremålet med inspeksjonen er å kontrollera om kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt-løysingar, innanfor det tema tilsynet omfattar.

    Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

    • koding av ulike typar innhald
    • tastaturnavigasjon
    • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
    • lenker
    • kontrast

    6.2 Om val av tema

    Tema er valt fordi resultata etter statusmålinga av nettstadar, Difi-rapport 2015:7 Digitale barrierer på norske nettstader, og andre informasjonskjelder, viser at dette er område der verksemdene ofte ikkje oppfyller regelverket.

    7 Delar av nettstaden som vart kontrollert

    7.1 Oversyn over enkeltsider

    • Side 1 Framside
    • Side 2 Organisasjonskart
    • Side 3 Politisk ledelse har ordet
    • Side 4 Politisk Møteplan 2015
    • Side 5 Skjemaer og søknader
    • Side 6 Skjemaside 1: Personopplysninger Samtykke personvernerklæring
    • Side 7 - Skjemaside 2: Informasjon om leietaker
    • Side 8 - Skjemaside 3: Kultursaler
    • Side 9 - Skjemaside 4: Leieperiode
    • Side 10 - Skjemaside 5: Type leie
    • Side 11 Bolig og eiendom
    • Side 12 Bygging
    • Side 13 Barnehage
    • Side 14 Helse og omsorg i Lørenskog

    8 Resultat

    8.1 Innleiing

    Resultata byggjer på informasjon frå verifikasjonsfasen av tilsynet. Verifikasjonane er gjort ved testing av nettstaden. Testinga er gjennomført i Internet Explorer versjon 11.

    Resultata frå testinga er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving. Skjermbileta er med som vedlegg til rapporten, jf. vedlegg 1.

    Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting.

    Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift.

    Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    8.2 Avvik

    8.2.1 Avvik 1

    Lørenskog kommune sikrar ikkje at alle meiningsberande bilete på nettstaden har tilstrekkeleg tekstalternativ.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 1.1.1.

    Suksesskriterium i WCAG:

    "1.1.1 Ikke-tekstlig innhold: Alt ikke-tekstlig innhold som presenteres for brukeren, har et tekstalternativ som har samme formål."

    Avvik 1 byggjer på

    1. Framsida: Bileta i karusellen er lenka, men dei har ikkje alternativ tekst som beskriv lenkemålet.
    2. Alle sider unntatt skjemasider: I botnteksten er det eit lenka bilete av ein hengelås. Alternativ tekst er Pad Lock . Lenka opnar eit vindauge for innlogging til interne sider for kommunetilsette (Acos), og biletet manglar alternativ tekst som er dekkande for lenkemålet.
    3. Side 2: Organisasjonskartet er eit komplekst bilete som består av fleire små lenka bilete. Desse bileta har ikkje alternativ tekst som beskriv lenkemålet.
    4. Alle skjemasider: På skjemasidene er logoen til Lørenskog kommune eit lenka bilete. Alternativ tekst logo beskriv ikkje lenkemålet. Det lenka biletet fører til logg inn-sida for skjema - gjeld på side 13 og 14.
    5. Bileta av kalendrane på side 9 har alternativ tekst . Ein slik alternativ tekst vil brukaren oppleve som støy. Alternativ tekst skal vera tom dersom biletet er dekorasjon.
    6. Side 11, 12, 13 og 14 har alle banner på toppen av sida. Alternativ tekst er namnet på biletet.jpg. Alternativ tekst skal vera tom dersom biletet er rein dekorasjon.
    Kommentar

    Lenka bilete er ein måte å navigera på nettstaden. Den alternative teksten til eit lenka bilete skal derfor ha informasjon om lenkemålet/kor brukaren kjem ved å bruka lenka.

    Meiningsberande bilete, som ikkje er lenka, skal ha ein alternativ tekst som skildrar motivet i biletet.

    Alle bilete skal ha kode/atributt for alternativ tekst. Tom alternativ tekst vil seie at attributtet er koda, men at det ikkje har innhald. Dette er tillate dersom biletet er rein dekorasjon.

    8.2.2 Avvik 2

    Lørenskog kommune sikrar ikkje at alle overskrifter, tabellar og skjemaelement på nettstaden kan identifiserast og er koda korrekt.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 1.3.1.

    Suksesskriterium i WCAG:

    "1.3.1 Informasjon og relasjoner: Informasjon, struktur og relasjoner som formidles via presentasjonen, kan bestemmes programmeringsmessig eller gjøres tilgjengelig(e) som tekst."

    Avvik 2 byggjer på

    Overskrifter:

    1. På side 11, 12, 13 og 14 er det fleire overskrifter som ikkje er koda som overskrifter. Det gjeld totalt 24 overskrifter.
    2. På side 6, 13 og alle sider med informasjon om informasjonsskapslar, finst det tilfelle av overskriftstaggar utan innhald.
    3. På side 11 er ein setning koda som overskrift, men den er løpande tekst/brødtekst. Tilsvarande gjeld ein setning på side 12.
    4. På side 3 finst det overskrifter som er koda som tabell.

    Tabell:

    1. På side 2 har ein tabell koda tabelloverskrifter utan innhald.

    Skjemaelement:

    1. På skjemasidene er obligatoriske skjemafelt markert med stjerne (*). Dette er felles for alle skjemasider. Stjerne (*) skal vera ein del av ledeteksten og innanfor label-elementet i HTML-koden.
    2. Dekkande lag (modalvindu) for e-post: Dersom brukaren ønskjer å senda e-post til kommunen frå ei side, kjem den integrerte e-postfunksjonen opp i eit dekkande lag. E-postfunksjonen er eit skjema. Her manglar det kopling mellom ledetekst Husk meg og avkryssingsboksen.
    3. På side 5 manglar det koda kopling mellom ledeteksten Søk etter skjema og tilhøyrande skjemafelt.
    4. På side 7 - skjemaside 2 er det ikkje koda kopling mellom ledeteksten Sted og tilhøyrande skjemafelt.
    Kommentar

    WCAG krev samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Grunnen er at alle brukarar skal ha tilgang til lik informasjon.

    8.2.3 Avvik 3

    Lørenskog kommune sikrar ikkje at brukaren kan nå og bruke alt innhald og alle funksjonar på nettstaden med tastatur.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 2.1.1, 2.4.1 og 2.4.7.

    Suksesskriterium i WCAG:

    "2.1.1 Tastatur: All funksjonalitet i innholdet kan betjenes via et tastaturgrensesnitt uten at det er behov for tidsberegning av de enkelte tastetrykkene, unntatt hvis den underliggende funksjonen krever inndata som er avhengige av rekkefølgen på brukerens bevegelser, og ikke bare av sluttpunktene.

    Merknad 1: Dette unntaket gjelder den underliggende funksjonen, ikke inndatateknikken. Hvis teksten for eksempel skrives inn med håndskrift, krever inndatateknikken (håndskrift) inndata i en bestemt rekkefølge, men den underliggende funksjonen (tekstlige inndata) gjør det ikke.

    Merknad 2: Dette er ikke et forbud mot og bør ikke hindre bruk av mus eller andre inndatametoder i tillegg til tastatur.

    2.4.1 Hoppe over blokker: Det finnes en mekanisme for å omgå blokker med innhold som gjentas på flere websider.

    2.4.7 Synlig fokus: Tastaturbetjente brukergrensesnitt har en betjeningsmodus der fokusindikatoren for tastaturet er synlig."

    Avvik 3 byggjer på

    Innhald brukaren ikkje kan nå med tastatur:

    1. På side 6 er det ikkje mogleg å nå eller å lesa gjennom personvernerklæring med bruk av tastatur.
    2. Lenka for meir informasjon om informasjonskapslar og lenka for å skjula meldinga/varselet om bruk av informasjonskapslar lar seg ikkje nå med tastatur. Dette er felles for alle sider som ikkje er skjemasider.
    3. På framsida er det ikkje mogleg å bruka dei tre små knappane til å skifte mellom bileta i karusellen.

    Innhald utan eller med svak fokusmarkering:

    1. Det er ikkje fokusmarkering av bilete i karusellen.
    2. Det er ikkje fokusmarkering på pil for høgre og venstre i karusellen. Elementa i karusellen får berre fokusmarkering når brukaren held musepeikaren over dei.
    3. Hjelpemenyen får fokusmarkering ved tastaturnavigasjon, men markeringa er svært svak. Dette er felles for alle sider som ikkje er skjemasider.
    4. På side 3, 13 og 14 er det svært svak fokusmarkering av artikkelbilete.

    Snarveglenke:

    1. Ved bruk av snarveglenke på framsida, hoppar visuelt fokus til hovudinnhaldet, men fokusmarkeringa fortset på toppen av sida. Tilsvarande gjeld på side 2.
    2. På side 3 og 4 hoppar ikkje visuelt fokus ved bruk av snarveglenka, men fokusmarkeringa fungerer ved neste tab-trykk.
    Kommentar

    Fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar han eller ho er på nettstaden til ei kvar tid.

    8.2.4 Avvik 4

    Lørenskog kommune sikrar ikkje at brukaren kan forstørre alt innhald på nettstaden utan tap av innhald eller funksjonalitet.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 1.4.4.

    Suksesskriterium i WCAG:

    "1.4.4 Endring av tekststørrelse: Med unntak av teksting og bilder av tekst, kan tekst forstørres opp til 200 % uten bruk av kompenserende teknologi og uten at innhold eller funksjonalitet går tapt."

    Avvik 4 byggjer på

    1. Brukaren får ikkje tilgang til hjelpemeny i skalert modus. Den forsvinn frå skjermen. Dette er felles for alle sider med slik meny. Hjelpemenyen inneheld knapp for talesyntese, justering av tekststørrelse, nettstadkart og høgkontrast.
    2. På side 5 får brukaren ikkje tilgang til lenka for innlogging til skjemasider. Denne lenka forsvinn i skalert modus.
    3. Hjelpetekst/forklaring til skjemafelt forsvinn i skalert modus. Dette er gjennomgåande for alle skjemasider.
    Kommentar

    Testinga vart gjort med oppløysing på 800 x 600 pikslar og zoomnivå på 200 %.

    8.2.5 Avvik 5

    Lørenskog kommune sikrar ikkje at koden på nettstaden har korrekt syntaks.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 4.1.1.

    Suksesskriterium i WCAG:

    "4.1.1 Parsing (oppdeling): I innhold som implementeres ved hjelp av oppmerkingsspråk, har elementene fullstendige start- og sluttkoder, elementene er nøstet i henhold til spesifikasjonene, elementene inneholder ikke dupliserte attributter, og eventuelle ID-er er unike. Unntaket er hvis spesifikasjonene tillater disse funksjonene.

    Merknad: Start- og sluttmarkører som mangler et nødvendig tegn, for eksempel avsluttende hakeparentes, eller som har feil angivelse av anførselstegn for attributtverdier, er ikke fullstendige."

    Avvik 5 byggjer på

    1. På side 3, 7, 8, 9, og 10 viser validering av koden at det er fleire tilfelle av dobbel ID, det vil seie at same ID er brukt i fleire komponentar.
    2. På side 5 er det fleire tilfelle av duplikatatributtar og eitt tilfelle av feil nøsting (element not allowed).
    Kommentar

    Korrekt kode er viktig for å sikra at alle brukaragentar som til dømes nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    8.3 Merknader

    8.3.1 Merknad 1

    Lørenskog kommune har eit forbetringspotensiale når det gjeld informasjon om måla med og funksjonen til lenkene.

    Merknad til følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 1.4.1 og 2.4.4.

    Suksesskriterium i WCAG:

    "1.4.1 Bruk av farge: Farge blir ikke benyttet som det eneste visuelle virkemiddelet for å formidle informasjon, angi en handling, be om respons eller skille ut et visuelt element.

    2.4.4 Formål med lenke (i kontekst): Formålet med hver lenke kan fastslås ut fra bare selve lenken eller ut fra lenketeksten kombinert med programmeringsmessig bestemt lenkekontekst. Unntaket er hvis formålet med lenken ville vært flertydig for alle brukere."

    Merknad 1 byggjer på

    1. På side 5 under kulepunktet Trafikk, reiser og samferdsel, ligg lenka veilys . Lenkemålet er ein ekstern nettstad der brukaren kan registera feil på veglys. Lenkenamnet veilys gir ikkje brukaren tilstrekkeleg informasjon om lenkemålet. Lenkemålet er heller ikkje tydeleg nok i kombinasjon med lenkekonteksten.
    2. Det er mange førekomstar av lenke utan lenketekst, som berre viser til mail to utan at det ligg inne e-postadresse. Dette er gjennomgåande etter teksten Publisert av
    3. På side 3 er lenka formannskapskontoret knytt til to e-postadresser. Brukaren får ikkje informasjon om at lenka opnar seg i brukaren sitt standard e-postprogram med to førehandsutfylte adresser.
    4. På skjemaside 3 er ei lenke markert berre med farge. Den blir ikkje markert med meir enn berre farge når brukar held musepeikaren over eller navigerer til lenka med tastatur. Tilsvarande gjeld ei lenke på skjema side 5.

    8.3.2 Merknad 2

    Lørenskog kommune har eit forbetringspotensiale når det gjeld kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

    Merknad til følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 1.4.3.

    Suksesskriterium i WCAG:

    "1.4.3 Kontrast (minimum): Den visuelle presentasjonen av tekst og bilder av tekst har et kontrastforhold på minst 4.5:1, unntatt i følgende tilfeller:

    Stor tekst: Stor skriftstørrelse og bilder av stor skriftstørrelse har et kontrastforhold på minst 3:1.

    Uvesentlig: Tekst eller bilder av tekst som utgjør en del av en inaktiv brukergrensesnittkomponent, som er ren dekorasjon, som ikke er synlig(e) for noen, eller som utgjør en del av et bilde som inneholder annet vesentlig visuelt innhold, er ikke underlagt kontrastkrav.

    Logoer: Tekst som utgjør en del av en logo eller et varemerkenavn, er ikke underlagt kontrastkrav."

    Merknad 2 byggjer på

    1. Felles for skjemasidene: Feilmeldingar i skjema er liten tekst, som har for dårleg kontrast mot bakgrunnen. Målt verdi er 3,4:1. Dette gjeld alle feilmeldingar i skjema.
    2. Lenka til personvernerklæringa er liten tekst som har for dårleg kontrast mot bakgrunnen. Målt verdi er 3,1:1. Dette er felles for alle sider som har lenke til personvernerklæringa.
    3. Teksten Google tilpasset søk som står inne i søkefeltet er liten tekst som har for dårleg kontrast mot bakgrunnen. Målt verdi er 3,03:1. Dette er gjennomgåande for alle sider med søkefelt.
    Kommentar

    Stor tekst er skrift som er minst 24 pikslar høg, eller feit skrift som er minst 19 pikslar høg. Alt anna er liten tekst. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1.

    10 Dokumentgrunnlag

    Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Kommunen treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Kommunen sendte inn følgjande dokumentasjon:

    • Organisasjonskart
    • Oversikt over nettansvarlege for ulike tenesteområder i kommunen
    • Kopi av signert kontrakt
    • Omtale av designsmalar for nettstaden
    • Sjekkliste for universell utforming teknisk del
    • Sjekkliste for universell utforming design og innhald
    • Sjekkliste for universell utforming kunden sin del
    • Oversikt over dei 10 mest besøkte sidene og dei 10 mest besøkte tenestene på nettstaden

    11 Deltakarar

    11.1 Frå Lørenskog kommune deltok

    Namn Stilling Førebuingsmøte Opningsmøte Sluttmøte
    Sidsel Nordhagen Ikt-direktør X X
    Gard Haglund Kommunkasjons-sjef X X X
    Kristian Hvesser Ikt-konsulent X X X
    Marianne Mathisen Ikt-konsulent X X

    11.2 Frå tilsynet deltok

    Førstekonsulent Geir Sindre Fossøy

    Førstekonsulent Martin Skifte Swartling

    Seniorrådgjevar Espen Rørvik Tjøstolvsen (observatør)

    Rådgjevar Siv Bianca Kjosås (inspeksjonsleiar)

    12 Vedlegg til rapporten

    Ikke publisert

    Vedlegg 1: Test og avviksdokumentasjon jf. resultata i kapittel 8 skjermbilete som viser avvik/merknader (eige vedlegg).

    Vedlegg 2: Oversyn over suksesskriterium som er kontrollert under tilsynet (eige vedlegg).

    13 Referanseark for tilsynet

    Verksemd: Lørenskog kommune
    Saksnummer: 15/00390
    Tema: Koding, navigasjon og tekstalternativ
    Funn: 5 avvik, 2 merknader
    Rapportnummer: 1/2015
    Inspeksjonsleiar: Siv Bianca Kjosås
    Dato endeleg tilsynsrapport: 02.07.2015
    Postadresse og nettstad, Difi: DIFI
    Postboks 8115 Dep
    0032 Oslo

    www.difi.no