Hopp til hovudinnhald
23. august 2024

120 000 barn og unge i Noreg står utanfor det digitale fellesskapet. Er barn og unge i blindsona når vi digitaliserer samfunnet?

Nyleg deltok eg på Arendalsuka i ein panelsamtale om eit tema som eg brenn for – digitalt utanforskap blant barn og unge. Kva skjer når ein ungdom står utanfor det digitale som har blitt ein del av måten vi snakkar med kvarandre, planlegg tida vår, tek inn nyheiter og samhandlar på skulen eller jobben.

Når vi snakkar om digitalisering, er det lett å tenke at det berre handlar om teknologi, men som vi alle kjenner på, er det digitale no ein integrert del av kvardagen vår. Barn og unge lever i ein kvardag der dei held seg oppdatert på nyheiter og underhaldning gjennom TikTok, er sosiale gjennom gaming, leverer lekser gjennom digitale læremiddel og held kontakt med venner gjennom Snapchat. Digitalt utanforskap har store konsekvensar for dei unge, ikkje berre for skuleprestasjonar og framtidige jobbmoglegheiter, men også for det sosiale livet, mental helse, og plassen deira i samfunnet.

Gode råd frå dei som veit

Den nye digitaliseringsstrategien er på trappene. Under Arendalsveka 2024 arrangerte vi ein panelsamtale der vi fekk med oss tre engasjerte ungdommar som gav oss råd om korleis vi bør digitalisere for framtida, Jet Thuithof (16), Hadia Mirza (18) og Lucas Storaunet (16). Med oss i panelet var også Kaja Hegg frå Redd Barna, Sumeet Singh Patpatia frå Schibsted og Torgeir Waterhouse frå Otte som moderator.

Dei kloke og engasjerte ungdommane frå DigiUng gav digitaliseringsministaren tre konkrete råd med håp om at desse råda blir tekne med vidare i utforminga av digitale strategiar for barn og unge:

  1. Snakk med brukarane heile vegen: Det er avgjerande å involvere ungdommane i utviklinga av digitale løysingar frå start til slutt. For at tenestene skal opplevast som relevante og brukarvennlege for dei unge, må dei vere med gjennom heile prosessen – både før, undervegs og etter løysinga er ferdig. Slik treff løysingane dei faktiske behova til dei som skal bruke dei.
  2. Sørg for mangfald blant dei som blir høyrt: Det er viktig å få innspel frå ungdommar med ulik bakgrunn og frå forskjellige delar av landet. Vi kan ikkje basere oss berre på erfaringane til dei mest skuleflinke eller dei som bur i ressurssterke område – vi må sørge for at eit breitt spekter av unge stemmer blir høyrt. Dette mangfaldet vil gi eit betre grunnlag for å utvikle digitale løysingar som fungerer for alle, uavhengig av sosiale og økonomiske høve. Eit konkret forslag var å bruke elevorganisasjonane og skulane til å hente inn innspel og brukarerfaringar for å nå breitt ut til ulike ungdommar.
  3. Gi informasjon på klart språk: Pass på å forklare digitale tenester, som bank- og ID-system, på ein enkel og tilgjengeleg måte. Dette er spesielt viktig for å inkludere både barn og foreldre med fleirkulturell bakgrunn. Det betyr å gi informasjon på fleire språk og sikre at den er lett å forstå for alle. Dette er også viktig for barn som ikkje har vaksne som kan hjelpe.
Digitaliseringsminister Karianne Tung saman med tre ungdommar frå DigiUng, Jet, Lucas og Hadia.

Sumeet Singh Patpatia delte inspirerande erfaringar i panelsamtalen frå Schibsted sin Inclusion Lab, der dei har tilsett unge fleirkulturelle for å få innsikt i korleis dei konsumerer nyheiter. Der har dei gått djupare enn berre å gjennomføre intervju – dei tek i bruk nye metodar for å utvikle idear og teste prototypar. Kanskje er nyheiter formidla gjennom musikk ein måte å nå nye grupper på? Dette er interessante erfaringar om korleis ein kan legge til rette for å få innspel på også meir utradisjonelle måtar som treff målgrupper som vi ikkje når gjennom vanlege brukarundersøkingar.

Kaja Hegg frå Redd Barna framheva i panelsamtalen at digitalt utanforskap ikkje berre er eit spørsmål om tilgang til teknologi, men også handlar om strukturelle utfordringar som mobbing, foreldrekontroll og andre relasjonelle barrierar. Digitalt stress og nettmobbing kan ha ein alvorleg innverknad på ungdommane si psykiske helse. Vi må derfor passe på at digitale helsetenester og støttetenester er lett tilgjengelege for dei som treng det.

Ansvaret ligg hos oss

Arbeidet som Digdir gjer saman med DigiUng og Helsedirektoratet for å gjere helsetenester meir tilgjengeleg for ungdom gjennom MinID, er eit av dei konkrete tiltaka på dette feltet.

For meg er det klart at vi som jobbar med digitalisering, har eit ansvar for å ta desse innspela på alvor når vi jobbar med regjeringa sin nye digitaliseringsstrategi. Digitalt utanforskap må løysast på systemnivå – vi kan ikkje overlate dette til familiane å løyse aleine. Det er vårt ansvar å sikre at digitale tenester er universelt utforma og tilpassa barn og unge sine behov, slik at de får tilgang til dei same moglegheitene som alle andre.

Som leiar for Tilsynet for universell utforming av ikt i Digdir har eg sett korleis digital deltaking er avgjerande for demokratisk deltaking. Denne debatten har gitt meg ei sterk påminning om at digitalisering handlar om meir enn berre teknologi – det handlar om menneske. Det handlar om at alle barn og unge skal ha like moglegheiter til å delta i samfunnet, uansett kva bakgrunn dei har eller kva situasjon de er i. Dette er ei utfordring vi må ta på alvor, og eg vil jobbe for å bidra til at vi finn løysingar som gir alle barn og unge den plassen dei fortener i det digitale Noreg.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Skriv ny kommentar

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
1 + 0 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.