I dag er dysleksiens dag. Teknologi og digitalisering har opna moglegheiter for mange, men korleis lagar du innhald på nett som passar alle? Vi oppsummerer korleis du kan gjere nettstaden din meir brukarvenleg for personar med dysleksi og lese- og skrivevanskar.
Fleire av minstekrava i standarden WCAG 2.0 legg til rette for at nettsider blir meir brukarvenlege for personar med dysleksi og språkvanskar. Det omfattar blant anna at
- nettsider skal vere koda slik at det er mogleg å lese opp innhaldet med opplesingsverktøy, som for eksempel Lingdys
- innhaldet på nettsidene skal vere koda med rett språk. Dette sikrar opplesing med rett stemme i verktøyet (for eksempel slik at engelsk tekst ikkje blir lesen opp med norsk uttale)
- det skal vere mogleg å stoppe alt lydinnhald på nettsidene, slik at brukaren kan høyre kva som blir lesen opp av opplesingsverktøyet
- nettsider ikkje skal laste på nytt automatisk. Dette kan føre til at brukarar mistar tråden og må orientere seg på sida og i teksten på nytt
- bilder skal ha alternativ tekst
- det skal vere god kontrast mellom all tekst og bakgrunn
- nettsider skal vere laga slik at det er mogleg å forstørre innhaldet, for eksempel ved å bruke innstillingar i nettlesaren
- nettsider har beskrivande overskrifter og mellomtitlar. Dette gjer det lettare å skumlese og orientere seg i teksten
- skjemafelt har gode instruksjonar og konstruktive feilmeldingar
Ta gjerne med klart språk ...
På nivå AAA i WCAG har standarden fleire krav som vil hjelpe personar med dysleksi og språkvanskar. Desse krava er ikkje ein del av minstekrava i forskrifta. Vi minnar gjerne om kva standarden seier her likevel, sidan vi håpar alle gjerne strekk seg litt lengre for å lage så gode nettsider som mogleg:
- Det er viktig å skrive tekst på eit klart og tydeleg språk, og at språket ikkje krev «leseferdigheter på et nivå som er høyere enn det som forventes etter norsk ungdomsskole», som det heiter i suksesskriterie 3.1.5 om leseferdigheit.
- Uvanlege ord og forkortingar skal ha forklaring.
- Det skal finnast ein funksjon for å forklare ord som blir skrive likt, men uttalt ulikt. Dei orda kallar vi homonym og eit eksempel kan vere ordet lyst som adjektiv; det er lyst ute, og lyst som substantiv, eg har lyst til å kjøpe meg båt.
Les meir om klart språk på klarspråk.no.
Skal du kunne velje kontrast, forstørre tekst og ha talesyntese?
Vi får ofte spørsmål om lovkrav seier at du sjølv skal kunne velje kontrast eller ein knapp til å forstørre tekst på nettsidene. Forskrift om universell utforming av ikt-løysingar stiller ikkje krav om dette, heller ikke om innebygd talesyntese.
Tilsynet rådar ikkje verksemder om å ta vekk eller ikkje ha slik funksjonalitet, men vi har plikt til å opplyse om at dette ikkje er omfatta av regelverket. Det er opp til den enkelte verksemda å vurdere om dei ønsker å tilby slik funksjonalitet til brukarar.
Les våre forslag til løysingar
Du kan lese meir om korleis følgje krava på tilsynet sin nettstad i forslaga til løysingar for nettsider.
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.