Ein universelt utforma og utplassert automat aukar sjansane for at alle som ønskjer å bruke automatar kan lukkast. Korleis du gjer det, ser du i den nye rettleiaren vår.
Alle som eig ein butikk, kiosk eller ei verksemd og som har ein betalingsterminal eller ein anna type automat, har eit ansvar for å kjenne til og følgje krava til universell utforming. Tilsynet startar no med kontrollar, men vi vil òg informere og hjelpe verksemdene med å følgje krava. Derfor har vi laga denne rettleiaren.
Rullestol, barnevogn, høgde? … vi hjelper deg
Rettleiaren bygger på utvalde krav som små og mellomstore verksemder kan gjere noko med og rette sjølve. Rettleiaren hjelper deg å plassere automaten på rett måte, slik at flest mogleg av brukarane klarer å bruke den.
Rettleiaren er delt inn i minstekrav og tilrådingar. Minstekrava er du lovpålagt å følgje. Tilrådingane er frivillige, og gjeld forhold det er lurt å tenkje på, slik at fleire kan bruke automaten din.
Rettleiing og film
Du finn rettleiinga på våre sider om automatar. Bla gjennom innleiing og fire delar som handlar om å finne automaten, komme fram til automaten, beteningsområdet og omgjevnader og om å bruke automaten.
I menypunktet om automatar kan du sjå 2-minuttarsfilmen om universell utforming av sjølvbeteningsautomatar, som vi lanserte sist veke.
Lovpålagt og lurt
Det er lovpålagt at nye sjølvbeteningsautomatar retta mot innbyggarar i Noreg er universelt utforma. Universell utforming skal sikre at du ikkje stenger nokon ute frå å bruke dei. Dessutan er det ein gevinst på lang sikt for verksemdene når fleire kan bruke tenestene sjølve.

Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.