I dag er eg i Trondheim og skal snakke til over 400 påmeldte til Kommunikasjonsforeningen sitt årlege Høstseminaret. Eg skal gi tre gode råd om universell utforming av nettsider.
I innlegget mitt kl. 11.30 gir eg tre råd til deg som er nettredaktør og deg som jobbar med innhald på nett.
Vi i tilsynet erfarer at mange er usikre på kva universell utforming av nettsider betyr, og vi ser også at det skal ikkje alltid så mykje til for å forbetre tilstanden på nettsidene betrakteleg. Du må kjenne til dette, for dette er eit lovkrav og vi i Difi fører tilsyn etter regelverket. Det finst også andre veldig gode grunnar til universell utforming, blant anna at det er smart, samfunnsøkonomisk og lønnsamt for deg. Det kan du sjå i presentasjonen på tilsynets Slideshare.

Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.