På Arendalsveka tok eg ein prat med mange gode folk om digitalt utenforskap, og vi deler videointervjua her på bloggen, og i dag deler vi praten med sjefsforskar Kristin Skeide Fuglerud i Norsk Regnesentral.
Vi les nyheiter på nett, betalar rekningar i nettbank, bestiller e-reseptar, loggar oss på jobb og undervisning er ofte digital. Fleire enn du trur heng ikkje med, og digitalt utanforskap er eit stadig større problem. Skapar vi eit klassedelt samfunn?
Under Arendalsveka møtte eg mange innan forsking, bransje- og brukarorganisasjonar, leiing i offentleg sektor og politikk som har gode tankar rundt dette temaet, og eg stilte dei tre spørsmål:
- Kor stor utfordring har vi med digitalt utanforskap i dag?
- Kva tenker du er den viktigaste grunnen til utfordringane?
- Kva tenker du vi bør satse på for å gi alle like moglegheiter for deltaking?
Vi deler intervjua her på bloggen, og sjefsforskar i Norsk Regnesentral, Kristin Skeide Fuglerud, er dagens namn.
– Universell utforming handlar i bunn og grunn om kvalitet i systema, og det er behov for auka bevisstheit og kompetanse, blant anna hjå utviklarar. Systema må ta høgde for at vi er forskjellige og har ulike utgangspunkt, seier Kristin Skeide Fuglerud.
Vil du lese meir om universell utforming av ikt og digitalt utenforskap, sjekk gjerne ut tilsynets statistikksider om den digitale brukaren og utanforskap. Dersom du er utviklar, designer, redaktør eller produserer innhald, bruk gjerne rettleiinga vår om universell utforming av ikt som har forslag til løysingar, e-læringskurs og infofilm.
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.