Hopp til hovudinnhald

Erfaringar med bruk av digitale løysingar i grunnskulen

Proba samfunnsanalyse utarbeidde kartlegginga Erfaringer med digitale løsninger i skolen - Kartlegging og analyse av fordeler og ulemper med digitale løsninger, på oppdrag frå Uu-tilsynet i 2023. Rapporten bygger mellom anna på ei spørjeundersøking der 2750 føresette til barn i grunnskulen har delteke. Mange elevar har svara på undersøkinga i lag med dei føresette.

Kva meiner dei føresette om omfanget av bruk av digitale læremiddel i grunnskulen?

Diagrammet viser i kva grad dei føresette til elevar i grunnskulen synest det er passeleg, for lite eller for mykje bruk av digitale løysingar i skulen.

Kort oppsummert

  • Dei føresette til elevane i grunnskulen er delte i synet på omfanget av bruk av digitale læremiddel.
  • 47 % meiner at det er passe bruk av digitale læremiddel.
  • 44 % meiner at det er for mykje.
  • 4 % meiner det er for lite, medan 5 % har inga meining om det.

Kjelde: Proba samfunnsanalyse

Gir bruk av digital læremiddel elevane meistring?

Diagrammet viser i kva grad dei føresette til elevar i grunnskulen meiner at bruk av digitale læremiddel gir elevane meistring.

Kort oppsummert

  • Eit fleirtal av dei føresette til elevane i grunnskulen meiner at bruk av digitale læremiddel gir meistring.
  • 60 % er heilt eller ganske einige i at digitale læremiddel gir meistring.
  • 10 % er heilt eller ganske ueinige.
  • 21 % har svara verken eller og 9 % har svara at dei ikkje veit eller ikkje finn det relevant.

Kjelde: Proba samfunnsanalyse

Gir bruk av digital læremiddel godt læringsutbyte?

Diagrammet viser i kva grad dei føresette til elevar i grunnskulen meiner at elevane har godt læringsutbyte av å bruke digitale læremiddel.

Kort oppsummert

  • Om lag halvparten av dei føresette til elevane i grunnskulen meiner at bruk av digitale læremiddel gir godt læringsutbyte.
  • 49 % er heilt eller ganske einige i at digitale læremiddel gir godt læringsutbyte.
  • 18 % er heilt eller ganske ueinige.
  • 24 % har svara verken eller og 9 % har svara at dei ikkje veit eller ikkje finn det relevant.

Kjelde: Proba samfunnsanalyse

Er dei digitale læremidla forståelege?

Diagrammet viser i kva grad føresette til elevar i grunnskulen meiner at digitale læremiddel er forståelege. Dette famnar om kor lett eller vanskeleg det er for barna å forstå korleis digitale læremiddel og løysingar skal brukast, i kva grad dei oppfattar innhaldet, om dei er enkle å finne fram i og kor lett eller vanskeleg det er for dei føresette å hjelpe barnet.

Kort oppsummert

  • Eit klart fleirtal av dei føresette er heilt eller delvis einige i at elevane
    • forstår korleis læremiddelet skal brukast (76 %)
    • forstår innhaldet i læremidla (76 %)
    • finn det enkelt å navigere og finne fram (65 %)
  • Om lag halvparten (49 %) av dei føresette er heilt eller delvis einige i at det er enkelt for dei å hjelpe eleven/barnet med bruk av digitale læremiddel.
  • Men ein av fire foreldre (25 %) er heilt eller delvis ueinige i at det er lett å hjelpe barnet med bruk av digitale læremiddel.

Kjelde: Proba samfunnsanalyse

Er dei digitale læremidla brukarvennlege?

Diagrammet viser i kva grad føresette til elevar i grunnskulen meiner at digitale læremiddel er brukarvennlege. Dette famnar om i kva grad elevane opplever frustrasjon ved bruk av digitale læremiddel, om dei treng hjelp, om dei opplever tekniske problem eller har vanskar med innlogging.

Kort oppsummert

  • Eit klart fleirtal av dei føresette, mellom 57 og 65 % er heilt/ganske ueinige i at elevane opplever frustrasjon ved bruk av digitale læremiddel, treng hjelp til bruk, har vanskar med innlogging eller opplever andre tekniske problem med digitale læremiddel.
  • Men bortimot 20 % av dei føresette er heilt eller delvis einige i at elevane
    • opplever frustrasjon ved bruk av digitale læremiddel (18 %)
    • treng hjelp til bruk av digitale læremiddel (17 %)

Kjelde: Proba samfunnsanalyse

Elevar med funksjonsnedsetting

Diagrammet viser kva dei føresette til elevar i grunnskulen har svara på spørsmål om eleven/barnet har funksjonsnedsetting.

Kort oppsummert

  • 19 % av dei føresette i undersøkinga svara på vegne av barn med nedsett funksjonsevne.
  • Funksjonsnedsettingane flest rapporterer om er dysleksi/andre lese- og skrivevanskar og ADHD/ADD/merksemdsvikt.

Kjelde: Proba samfunnsanalyse

Påverkar eleven si funksjonsnedsetting bruk av digitale læremiddel?

Diagrammet viser i kva grad funksjonsnedsetting eller lærevanskar er vurdert til å påverke elevane sin bruk av digitale læremiddel.

Kort oppsummert

  • 56 % av dei føresette til barn med funksjonsnedsetting rapporterer at bruken av digitale læremiddel i liten eller ingen grad er påverka av barnet sine utfordringar.
  • 32 % av dei føresette til barn med funksjonsnedsetting vurderer funksjonsnedsettinga påverkar bruk av digitale læremiddel, høvesvis 13 % i stor grad og 19 % i nokon grad.

Kjelde: Proba samfunnsanalyse

Elevar med funksjonsnedsetting likar betre å bruke digitale læremiddel

Diagrammet viser i kva grad elevar med og utan funksjonsnedsetting likar å bruke digitale læremiddel heller enn trykte/analoge.

Kort oppsummert

  • Relativt sett fleire barn med funksjonsnedsetting likar betre å bruke digitale løysingar enn analoge/fysiske læremiddel.
  • 56 % med funksjonsnedsetting likar betre å bruke digitale enn analoge læremiddel. Tilsvarande tal for elevar utan funksjonsnedsetting er 44 %.

Kjelde: Proba samfunnsanalyse

Motivasjon, læringsutbyte og meistring for elevar med og utan funksjonsnedsetting

Diagrammet viser prosentdelen føresette til elevar med og utan funksjonsnedsetting som er heilt eller ganske einige i at bruk av digitale læremiddel gjer at elevane blir motiverte til skulearbeid, har godt læringsutbyte, opplever meistring og at det vert enklare å samarbeide med andre elevar.

Utfyllande forklaring til diagrammet

  • Det er relativt små skilnader mellom barn med og utan funksjonsnedsetting når det gjeld motivasjon, læringsutbyte og meistring, men det er tendensar til at barn med funksjonsnedsetting opplever noko meir motivasjon og læringsutbyte og finn det lettare å samarbeide med andre, medan elevar utan funksjonsnedsetting ser ut til å ha noko betre meistring.
  • Motivasjon til skulearbeid ved bruk av digitale læremiddel:
    • 48 % av føresette til barn med funksjonsnedsetting er heilt/ganske eining at bruk av digitale læremiddel gir eleven meistringskjensle, mot 46 % av føresette til barn utan funksjonsnedsetting.
    • I underkant av 20 % av dei føresette til barn med eller utan funksjonsnedsetting er heilt/ganske ueinige i at bruk av digitale læremiddel gir meistring.
  • Læringsutbyte av bruk av digitale læremiddel:
    • 50 % av føresette til barn med funksjonsnedsetting er heilt/ganske einig at bruk av digitale læremiddel gir eleven godt læringsutbyte, mot 49 % av føresette til barn utan funksjonsnedsetting.
    • Om lag 15 % av føresette til barn med eller utan funksjonsnedsetting er heilt/ganske ueinige i at bruk av digitale læremiddel gir godt læringsutbyte.
  • Meistring ved bruk av digitale læremiddel:
    • 59 % av føresette til barn med funksjonsnedsetting er heilt/ganske einig i at bruk av digitale læremiddel gir eleven meistringskjensle, mot 61 % av føresette til barn utan funksjonsnedsetting
    • Vel 10 % av føresette til barn med eller utan funksjonsnedsetting er heilt/ganske ueinige i at bruk av digitale læremiddel gir meistring.
  • Enkelt å samarbeide med andre elevar:
    • 62 % av føresette til barn med funksjonsnedsetting er heilt/ganske eining at bruk av digitale læremiddel gjer det lettare å samarbeide med andre elevar, mot 59 % av føresette til barn utan funksjonsnedsetting.
    • Om lag 25 % av føresette til barn med eller utan funksjonsnedsetting er heilt/ganske ueinige i at bruk av digitale læremiddel gjer det enklare å samarbeide med andre.

Kjelde: Proba samfunnsanalyse

Digitale læremiddel er mindre brukarvennlege for elevar med funksjonsnedsetting

Diagrammet viser prosentdelen føresette til elevar med og utan funksjonsnedsetting som er heilt eller ganske einige i at digitale læremiddel er brukarvennlege og forståelege. Områda diagramma viser er særleg relevante for universell utforming.

Utfyllande forklaring til diagrammet

  • Elevar med funksjonsnedsetting ser ut til å ha større vanskar med å bruke og forstå digitale læremiddel enn elevar utan funksjonsnedsetting. Dette kan ha fleire årsaker. Det kan mellom anna vere ei følge av eleven si funksjonsnedsetting og/eller konsekvensar av manglande universell utforming, sjå resultat frå tilsyn med digitale læremiddel i grunnskulen. Det kan også vere manglande kompetanse eller lite individuell tilrettelegging frå skulen si side, sjå kapittel 1 i sektortilsynsrapporten.
  • 70 % av dei føresette til elevar med funksjonsnedsetting er heilt/ganske einige i at barnet deira oppfattar innhald som tekst, lyd, bilde og video i digitale læremiddel, mot 78 % føresette til barn utan funksjonsnedsetting.
  • 71 % av dei føresette til elevar med funksjonsnedsetting er heilt/ganske einige i at barnet deira forstår korleis digitale læremiddel skal brukast, mot 78 % føresette til barn utan funksjonsnedsetting.
  • 58 % av dei føresette til elevar med funksjonsnedsetting er heilt/ganske einige i at barnet deira finn det enkelt å navigere og finne fram i digitale læremiddel, mot 67 % føresette til barn utan funksjonsnedsetting.
  • 28 % av dei føresette til elevar med funksjonsnedsetting er heilt/ganske einige i at barnet deira treng hjelp til bruk av digitale læremiddel, mot 14 % føresette til barn utan funksjonsnedsetting.
  • 17 % av dei føresette til elevar med funksjonsnedsetting er heilt/ganske einige i at barnet deira har vanskar med å logge inn i digitale læremiddel, mot 10 % føresette til barn utan funksjonsnedsetting.
  • 19 % av dei føresette til elevar med funksjonsnedsetting er heilt/ganske einige i at barnet deira har andre tekniske vanskar med bruk av digitale læremiddel, mot 10 % føresette til barn utan funksjonsnedsetting.

Kjelde: Proba samfunnsanalyse og Uu-tilsynet

Elevane sin bruk av hjelpemiddel

Diagrammet viser kva dei føresette til elevar i grunnskulen har svara på spørsmål om kva typar hjelpemiddel elevane brukar.

Kort oppsummert

  • 18 % av elevane brukar hjelpemiddel for å kunne oppfatte tekst og/eller bilde, det er denne typen hjelpemiddel som er mest i bruk blant dei som deltok i undersøkinga.
  • 10 % brukar hjelpemiddel for å skrive.
  • 4 % brukar hjelpemiddel for å høyre.
  • 3 % brukar høvesvis hjelpemiddel til å navigere og alternativ og supplerande kommunikasjon.
  • Hjelpemiddel som er minst i bruk, ser ut til å vere dei som vert vurdert til å fungere best.
    • 87 % rapporterer at hjelpemiddel for å høyre fungerer svært/ganske bra.
    • 73 % rapporterer at hjelpemiddel for alternativ og supplerande kommunikasjon fungerer svært/ganske bra.
  • Hjelpemiddel for å oppfatte tekst/bilde og hjelpemiddel for å skrive er mest i bruk, og er samstundes dei som i minst grad vert vurderte til å fungere svært/ganske bra.
    • 59 % rapporterer at hjelpemiddel for å oppfatte tekst og bilde fungerer svart/ganske bra.
    • 43 % rapporterer at hjelpemiddel for navigasjon fungerer svært/ganske bra.

Kjelde: Proba samfunnsanalyse