Tilsyn med digitale læremiddel i grunnskulen
Uu-tilsynet har gjennomført eit sektortilsyn med opplæringssektoren og kontrollert elleve digitale læremiddel, mot eit utval av krava til universell utforming av ikt. Tilsyna famnar om digitale læremiddel i form av nettsider og appar.
Status for universell utforming av digitale læremiddel
Diagrammet viser kor stor prosentdel av eit utval krav til universell utforming som ikkje var ivaretekne i dei digitale læremidla på kontrolltidspunktet.
Kort oppsummert
- Alle dei digitale læremidla det er ført tilsyn med har mangelfull universell utforming. Læremidla er i bruk i svært mange grunnskular. Merk at løysingane vert utbetra som ein del av oppfølginga av tilsyn og at vi her viser resultat på tilsynstidspunktet.
- Salaby hadde brot med alle regelverkskrava som vart testa i sektortilsynet. Salaby er i bruk i 59 % av grunnskulane i kartlegginga Oslo Economics utførte for Uu-tilsynet i 2023.
- Askiraski hadde brot med ni av ti krav som vart testa i sektortilsynet. Læremiddelet er i bruk i 45 % av grunnskulane i Oslo Economics si kartlegging.
- Læremidla Creaza, Afteposten junior skole, Aschehoug univers hadde brot med mellom 80 og 90 % av krava som inngjekk i sektortilsynet.
- Brettboka, Skolen Cappelen Damm, og Multi Smart Øving hadde brot med mellom 70 og 80 % av krava som inngjekk i sektortilsynet.
- Showbie og Campus matte hadde brot med høvesvis 67 % og 64 % av krava som inngjekk i sektortilsynet
- Færrast regelverksbrot vart avdekka i UniBok.
Kjelde: Uu-tilsynet og Oslo Economics
Regelverksbrot avdekka i tilsyn med digitale læremiddel
Diagrammet viser kort stor prosentdel av dei digitale læremidla som hadde førekomstar av brot med ulike krav til universell utforming. Diagrammet listar opp dei vanlegaste regelverksbrota i synkande rekkefølge, målt i kor stor prosentdel av ikt-løysingane dei førekjem i.
Utfyllande forklaring til diagrammet
- Diagrammet viser testresultat på kontrolltidspunktet. Brot på regelverket vert utbetra før tilsyna vert avslutta.
- For personar med lese- og skrivevanskar eller synshemming er det avgjerande at ikkje-tekstleg innhald har tekstalternativ og at kodegrunnlaget er slik at datahjelpemiddel kan nyttast:
- 100 % (11 av 11 digitale læremiddel) har innhaldstypar som ikkje er koda i samsvar med den visuelle presentasjonen av for eksempel tabellar og overskrifter. (SK 1.3.1)
- 100 % (11 av 11 digitale læremiddel) har ikkje-tekstleg innhald som for eksempel illustrasjonar og diagram på nettsidene sine, men manglar tekstlege alternativ til denne typen innhald (SK 1.1.1)
- 91 % (10 av 11 digitale læremiddel) har innhaldskomponentar som for eksempel knappar i skjema som ikkje er koda på rett måte, slik at dei som brukar hjelpemiddel ikkje får nødvendig informasjon for å fylle ut og sende inn skjemaet. (SK 4.1.2)
- 80 % (4 av 5 digitale læremiddel) har skjema der feil utfylling vert oppdaga automatisk, men manglar funksjonalitet for å vise kvar i skjema det er gjort feil og informasjon om kva som er fylt ut feil. (SK 3.3.1)
- 67 % (6 av 9 digitale læremiddel) har ufullstendig kodegrunnlag eller feil i kodesyntaks. (SK 4.1.1)
- 60 % (6 av 10 digitale læremiddel) bryt med krav til digitale skjema som seier at det skal visast ledetekstar eller instruksjonar når skjemafelt må fyllast ut (er obligatoriske). (SK 3.3.2)
- Personar med nedsett høyrsel eller som er døve, er avhengige av teksting av lydinnhald
- 83 % (5 av 6 digitale læremiddel) har videoar som manglar eller har mangelfull teksting. (SK 1.2.2)
- Mange med motoriske funksjonsnedsettingar eller personar som er blinde kan ikkje bruke mus på nettsider. Derfor skal alle nettløysingar også kunne brukast med tastatur.
- Personar med moderate synshemmingar har behov for god kontrast mellom tekst og bakgrunn og moglegheiter til å kunne forstørre innhald.
Oppfølging av tilsyn med digitale læremiddel
Diagrammet viser oppfølging og reaksjonsbruk frå tilsynet i samband med kontrollar av digitale læremiddel. Tilsynet ser alvorleg på alle brot på regelverket om universell utforming, og særleg i opplæring og utdanning, der barn og unge vert ramma.
Kort oppsummert
- Det er iverksett reaksjonar i alle tilsyna med digitale læremiddel i grunnskulen.
- For ein tredjedel (4 av 11 digitale læremiddel) er det gjennomført tiltak for utbetring i samsvar med regelverket for universell utforming innan fristen.
- For to tredjedelar (7 av 11 digitale læremiddel) er det gjort vedtak om tvangsmulkt. Dette har form av dagbøter inntil regelverksbrot er utbetra.
- Alle dei 11 digitale læremidla vart utbetra innan frist for iverksetting av tvangsmulkt.
Kjelde: Uu-tilsynet