Den digitale kvardagen er her, men meistrar alle den? No lanserer Uu-tilsynet statistikksider med fakta og analysar av digital deltaking, funksjonsnedsettingar og status for universell utforming av ikt.
Digitalisering skal gjere kvardagen enklare. Det store fleirtalet brukar internett til informasjon, tenester og handel. Men digitalisering medfører også nedbygging av bemanna tenesteyting. Dei fleste innbyggarane er digitale, men både eldre og personar med funksjonsnedsetting har mindre erfaring og opplever større vanskar ved bruk av internett og digitale tenester. Uu-tilsynet skal fremme likeverdig digital deltaking og bidra til å bygge ned samfunnsskapte funksjonshemmande barrierar. Eit av satsingsområda er å bygge kunnskap gjennom statistikk, analyse og kartleggingar.
Denne veka presenterer vi tilsynet si digitale områdeovervaking med informasjon om:
- Den digitale brukaren – digitalisering i eit brukarperspektiv.
- Digitale barrierar – brot på regelverket og konsekvensar.
- Rapportar – tilsynsrapportar og kartleggingar.
På statistikksidene våre finn du oppdatert informasjon om digital deltaking og brukarerfaringar, kva digitale barrierar innbyggjarane møter, og resultat av tilsynsarbeidet.
Vi ønsker å få kunnskap om digital åtferd og utanforskap, i første omgang knytt til funksjonsnedsettingar og alder, men like viktig er det å få ei breiare forståing av digitalt utanforskap ved også å sette søkelys på språkbarrierar og sosial ulikskap.
Datadrive, digitalt tilsyn
Arbeidet med statistikk- og rapportsider på Uu-tilsynets nettsider er eit av fleire steg i arbeidet for å utvikle eit digitalt datadrive tilsyn. Digital områdeovervaking skal understøtte tilsynet si rolle som nasjonalt og internasjonalt fagorgan for universell utforming av ikt gjennom formidling av kunnskap, statistikk og analyse. Rolla som eit leiande fagorgan er eitt av tre hovudmål i tilsynsstrategien 2021 – 2024.
Vi ønsker å sette tilsynet sin funksjon og arbeidsområde inn i ein større samanheng gjennom god visualisering av data, og synleggjere koplinga mellom digitalisering – universell utforming – etterleving – digital inkludering.
Innretting
Vi formidlar analyse av eigen data, tredjepartsdata og rapportar frå statusmålingar og kartleggingar som er relevante for området vårt. Du finn både tidsseriar og tverrsnittsdata avhengig av tema og datakjelder, og diagramma er klikkbare for fleire detaljar, definisjonar, metadata m.m.
I arbeidet med infografikk har vi gjort oss mange erfaringar med universell utforming på dette området, og vi deler erfaringane på uubloggen om kort tid.
Målgrupper
Vi har eit breitt nedslagsfelt og ønsker å nå mange. Målgruppene er:
- Presse og media.
- Utdanningsinstitusjonar og forsking.
- Departement, andre myndigheitsorgan og beslutningstakarar.
- Brukarorganisasjonar og bransjeorganisasjonar.
- Offentlege og private verksemder som skal etterleve regelverket for uu av ikt.
Vi er stolte
– Eg er veldig stolt over arbeidet som er lagt ned i dette, og vi har no teke eit stort og viktig steg for å kome nærmare målet som fagorgan og kunnskapsformidlar, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.