Tilsynet i Digdir gir NAV pålegg om retting etter at det er avdekka tre avvik på NAV sin nettstad. Avvika gjeld skjema, koding og navigasjon. NAV bryt likestillings- og diskrimineringslova, og sikrar ikkje at søknadsskjemaet for foreldrepengar er mogleg å bruke for alle
Tilsynet for universell utforming av ikt har i haust gjennomført ein kontroll med NAV sine nettsider. Kontrollen avdekka brot på 10 av 19 krav som vart testa. NAV har fått pålegg om retting, og skal korrigere avvika innan 12 veker. Viss ikkje avvika er retta innan 26. januar 2021, får NAV tvangsmulkt i form av dagbøter.
Skjema for foreldrepengar
Det er søknadsskjemaet for foreldrepengar som er blitt testa. Brota på regelverket gjer at skjemaet er vanskelegare å forstå og fylle ut for alle, og det tek meir tid. Feila får særleg konsekvensar for brukarar som er blinde, har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.
Eksempel på feil
Tilsynet har funne feil som gjeld skjema, koding og navigasjon.
Mange av feila får konsekvensar for alle brukarar. Dette gjeld særleg mangelfulle feilmeldingar i skjema, manglande forslag til feilretting og merking av obligatoriske felt. Slike feil kan føre til at brukarane ikkje får fullført skjemaet og levert søknaden. Feila på koding rammar særleg synshemma. Når skjema ikkje er rett koda, presenterer ikkje hjelpemiddel som opplesingsverktøy eller skjermlesar innhaldet på rett måte. I tillegg er det ikkje mogleg å nå alt innhald berre med tastatur.
– NAV er ei stor, offentleg verksemd som tilbyr grunnleggande nasjonale tenester. Vi kjem alle i kontakt med NAV i løpet av livet, og tenestene deira betyr mykje for den enkelte sin rett til likeverdig samfunnsdeltaking, seier tilsynsdirektør Malin Rygg. – Tilsynet ser derfor alvorleg på at vi finn slike feil hos denne verksemda.
– Denne kontrollen gjeld skjema for foreldrepengar, men skjemaet bygger på komponentar frå NAV sin designmanual. Etter det vi har fått opplyst brukar NAV denne gjennomgåande i mange tenester. Det betyr at det i tillegg er risiko for tilsvarande feil i andre skjema på nettstaden, seier Malin Rygg.
Les tilsynsrapporten
Tilsynsrapport Arbeids- og Velferdsetaten (NAV)-2020:03.
Meir informasjon
Pressespørsmål
For meir informasjon, ta gjerne kontakt:
- Kommunikasjonsansvarleg i Tilsynet for universell utforming av ikt, Torhild Brudvik, tlf. 482 88 309, e-post: torhild.brudvik@digdir.no
- Tilsynsdirektør Malin Rygg, tlf. 971 97 317, e-post: malin.rygg@digdir.no
- Kommunikasjon i Digdir, seniorrådgjevar Sol Daler Stafsnes, tlf. 971 65 858, e-post: soldaler.stafsnes@digdir.no