Tilsynsrapport Oslo kommune
Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Oslo kommune. Ettersynet avdekte 4 avvik på områda kontrast, koding, navigasjon og skjema.
1 Innleiing
Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt. Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte tilsyn med Oslo kommune i tidsrommet 18.08.2017 – 27.10.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.oslo.kommune.no/.
Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.
Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Oslo kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.
2 Om ettersynet
2.1 Tema
Tilsynet omfatta følgjande tema
- skjema
- navigasjon
- tastaturnavigasjon
- koding av innhald
- struktur og presentasjon
- tekstalternativ
Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Oslo kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.
2.2 Om testinga
Vi har testa 8 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukte 10 indikatorar.
Verifikasjonen er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden.
Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:
- Chrome versjon 61
- Colour Contrast Analyser, versjon 2.5.0.0.
- Kodevalidatoren til W3C.
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.
2.3 Enkeltsider som vart testa
- Framside
- Skole og utdanning
- Skoleruta for Osloskolen
- Tøyenbadet
- Finn barnehage i Oslo
- Slik søker eller bytter du barnehageplass
- Søk eller bytt barnehage del 1 - barnehagen
- Søk eller bytt barnehage del 2 - Fyll ut søknad
- Søk eller bytt barnehage del 3 - Kontaktinformasjon
- Kontakt Oslo kommune
3 Resultat
Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.
- Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
- Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
3.1 Avvik 1: Kontrast
Oslo kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettsida.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Placeholderen Hva kan vi hjelpe deg med? |
2 | Side 7, Side 8, Side 9 | Dei 3 blå lenkene ITS AS, Oslo kommune og Om webstedet i footer |
3 | Side 8 | Raude feilmeldingar på raud bakgrunn i skjemaet Kontakt oss |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 6 | Knappen Skriv ut |
2 | Side 6 | ENGLISH lenke |
3 | Side 7, Side 8, Side 9 | Knappen logg inn med ID-porten |
4 | Side 7 | Lenka Vise alle barnehager |
5 | Side 7 | Lenkene Legg til og Hjemmeside i grå rader i tabellen Oversikt barnehager |
6 | Side 7 | Lenkene Legg til og Hjemmeside i kvite rader i tabellen Oversikt barnehager |
7 | Side 7 | Lenka Flere barnehager |
8 | Side 8 | Lenka Hvilken bydel tilhører din adresse? (åpnes i ny fane) |
9 | Side 8, Side 9 | Knappen Avbryt |
10 | Side 9 | Lenka Sjekk dine opplysninger i det nasjonale kontaktregisteret (Du må være logget på via ID-porten). |
11 | Side 9 | Lenkene Det nasjonale kontaktregisteret |
12 | Side 7, Side 8, Side 9 | Kvite tall på oransje bakgrunn som viser kor langt du er komen i skjemaet |
3.1.1 Kommentar avvik 1
Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.
- Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.
3.2 Avvik 2: Koding
Oslo kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium
Side | Feil nøsting av element | Element som ikkje er avslutta korrekt | Element som har same attributt fleire gonger | Element som har IDar som ikkje er unike | Sum | Fatal error |
---|---|---|---|---|---|---|
4 | 0 | 0 | 1 | 0 | 1 | Nei |
5 | 0 | 0 | 41 | 0 | 41 | Nei |
6 | 0 | 1 | 0 | 0 | 1 | Nei |
7 | 3 | 0 | 0 | 2 | 5 | Nei |
8 | 3 | 0 | 0 | 2 | 5 | Nei |
9 | 3 | 0 | 0 | 2 | 5 | Nei |
10 | 0 | 1 | 0 | 0 | 1 | Nei |
Sum: | 9 | 2 | 42 | 6 | 69 |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 10 | Velg kategori for henvendelsen din: |
2 | Side 10 | Velg tema: |
3.2.1 Kommentar avvik 2
Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.
- Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte.
- Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn.
3.3 Avvik 3: Navigasjon
Oslo kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmoglegheiter på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1, Side 2, Side 3, Side 4, Side 5, Side 6 | Knapp for høgtlesing av tekst |
2 | Side 7, Side 8, Side 9 | Linje med nummererte steg i skjemaet søk eller bytt barnehage |
3 | Side 10 | Skriv ut knapp og knapp for høgtlesing |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1, Side 2, Side 3, Side 4, Side 5, Side 6 | Knapp for å lukke Mine innstillinger for taleverktøy |
2 | Side 10 | Knapp for å aktivere talefunksjon |
3 | Side 3 | Knapp for å nullstille filter |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 4 | Dei to knappane for å bla i karusellen og radioknappane for å velje bilde karusellen som viser ulike bilder frå Tøyenbadet |
2 | Side 7, Side 8, Side 9 | Knappen Språk |
3 | Side 7, Side 8, Side 9 | Knappen Du er ikke innlogget |
4 | Side 7, Side 8, Side 9 | Knappen Valgte barnehager |
3.3.1 Kommentar avvik 3
Feila som er avdekka, gjer nettstaden vanskeleg å bruke for alle, spesielt for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.
- Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
- Innhald på nettsider skal du kunne bruke med berre tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
- Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.
3.4 Avvik 4: Skjema
Oslo kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege feilmeldingar i skjema.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 8 | Ditt fødselsnummer |
2 | Side 8 | Barnets fødselsnummer |
3 | Side 10 | Gjenta e-postadresse |
4 | Side 9 | Fornavn og mellomnavn |
5 | Side 9 | Etternavn |
6 | Side 9 | Adresse |
7 | Side 9 | Postnummer |
8 | Side 9 | Poststed |
9 | Side 9 | Telefon mobil |
10 | Side 9 | E-post |
11 | Side 8 | Medsøkers fødselsnummer |
12 | Side 9 | Telefon privat |
13 | Side 9 | Telefon arbeid |
3.4.1 Kommentar avvik 4
Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg å bruke for alle.
- Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut.
4 Regelverk
- Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven).
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (ikt)-løysingar.
- Standarden for nettløsninger, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0.
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
5 Standarden for nettløysingar
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.
35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.
Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.
6 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Oslo kommune omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarselet vart sendt 18.08.2017.
- Vi fekk dokumentasjon 12.09.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
- E-postkorrespondanse om ny ikt 12.09.2017
- Formøte vart gjennomført 19.09.2017. Felles for kommunane Oslo, Bærum, Sarpsborg, Skedsmo, Moss og Horten.
- Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 38 og 39.
- Førebels rapport og e-post med bildedokumentasjon av feil vart sendt 27.10.2017.
- E-postar med spørsmål til enkeltfeil i rapporten mottatt 02.11.2017.
7 Dokumentgrunnlag
Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Oslo kommune sendte følgjande dokumentasjon:
- Oversendingsbrev
- Informasjon om nettstaden
- Oversikt over mest brukte tenester og sider
- Plan for oppfølging av rapport om universell utforming – feilretting
- Test av barnehagesøknad datert 09.12.16 – Media LT
- Test av 10 mest besøkte sider med skjermeleser JAWS