Tilsynsrapport Scandic Hotels AS - Norge
Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt under tilsynet med Scandic Hotels AS – Norge. Inspeksjonen avdekte 3 avvik på områda kontrast, koding og navigasjon. Det blei gitt ein merknad på alternativ tekst til bilete.
1 Samandrag
Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt under tilsynet med Scandic Hotels AS – Norge. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.scandichotels.no/.
Tilsynet er gjennomført som inspeksjon. Tema var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta
- koding av ulike typar innhald
- tastaturnavigasjon
- tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
- lenker
- kontrast
Inspeksjonen avdekte 3 avvik. Det vart gitt 1 merknad.
1.1 Kva er avvik og merknad
Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
1.2 Oversikt over resultat
Avvik
Avvik 1: Scandic Hotels AS – Norge sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.
Avvik 2: Scandic Hotels AS – Norge sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden.
Avvik 3: Scandic Hotels AS – Norge sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmogelegheiter på nettstaden.
Merknader
Merknad: Scandic Hotels AS – Norge har eit forbetringspotensiale når det gjeld alternativ tekst til bilete på nettstaden.
Resultata med grunngjeving og konkret heimelstilvising er gitt i kapittel 5.
2 Innleiing
Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt. Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte i tidsrommet 14.06.2016 – 20.09.2016 tilsyn med Scandic Hotels AS – Norge. Tilsynet vart gjort som inspeksjon, og retta seg mot nettstaden https://www.scandichotels.no/.
Inspeksjon inneber at vi hentar inn og går gjennom dokumentasjon frå verksemda, har møter og verifiserer delar av nettstaden opp mot krava til universell utforming av ikt.
Denne rapporten gjer greie for avvika og merknaden som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i verifikasjonen. Resultata med grunngjeving og konkret heimelstilvising er gitt i kapittel 5.
Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Scandic Hotels AS – Norge sitt arbeid med universell utforming av ikt, verken generelt eller innanfor tema for tilsynet.
3 Tema for inspeksjonen
Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta
- koding av ulike typar innhald
- tastaturnavigasjon
- tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
- lenker
- kontrast
Føremålet er å kontrollera om Scandic Hotels AS – Norge etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.
4 Nettstaden
4.1 Om nettstaden
Kontaktperson under tilsynet var Channel Marketing Manager Karianne Hamre Timraz.
Kontrakt om ny nettstad vart inngått 15.08.2014 med Valtech AB.
Scandic Hotels AS - Norge har fleire som arbeider med nettstaden, både nasjonalt og internasjonalt. Det meste av teknisk vidareutvikling og feilrettingar vert gjort av medarbeidarar i utlandet.
Verksemda har kjennskap til regelverket, og gjennomfører jamleg testing av nettstaden opp mot WCAG 2.0. Dei har oversikt over status når det gjeld kjente feil og plan for feilretting. Nettstaden vert oppdatert kvar tredje veke.
Verksemda har eit onlinesystem som viser minstekrav, beste praksis og to do’s knytt opp mot nettstaden og ulike side/innhaldstypar.
4.2 Om verifikasjonen
Verifikasjonane er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden. Testinga er gjennomført i Internet Explorer versjon 11.
Kontrast er kontrollert med verktøyet Colour Contrast Analyser, versjon 2.2a.
Syntaks i HTML-koden er sjekka med kodevalidatoren til W3C.
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.
4.3 Enkeltsider som vart testa
- Startsiden
- Velg hotell
- Velg rom
- Min bestilling
- Bekreftelse
- Min profil
- Din booking
- Nivåer og fordeler
- Mer om medlemskapet
- Scandic Bakklandet
5 Resultat
5.1 Innleiing
Resultata byggjer på informasjon frå testinga (verifikasjonen) gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving. Skjermbileta er med i vedlegg til rapporten.
Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
5.2 Avvik
Avvik 1
Scandic Hotels AS - Norge sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.4.3.
Suksesskriterium i WCAG:
1.4.3 Kontrast (minimum, Nivå AA)
Avvik 1 byggjer på
- Av tilsendt dokumentasjon går det fram at verksemda er klar over at fargeval i styleguiden fører til at minstekrava til kontrast ofte ikkje er oppfylt
- Verksemda brukar gjennomgåande ein kombinasjon av kvit tekst på mørk turkis bakgrunn, eller mørk turkis tekst på kvit bakgrunn. Fargevalet medfører ein gjennomgåande feil på nettstaden. Oversikt over tekst på nettstaden som har målt kontrastverdi på 3,8:1:
- Knappen Se rom og priser og Vis flere valg.
- Ledetekstane Har du en bookingkode?, Husk, Bestill med Bonus Cheque og Bestill med bonusnatt.
- Teksten Jeg forstår i coockie-policyen.
- Teksten Vis meir om hotellalternativa.
- Prisen på knappane for alternative hotell.
- Dei kvite ledetekstane for skjemaelementa i skjemaet booking.
- Teksten på knappen Oppdater.
- Teksten Vis flere valg.
- Teksten Bestill på knapp.
- Teksten Vis mer og Vis mindre.
- Teksten Vis meir.
- Teksten Veibeskrivelser.
- Teksten Se rom og priser på knapp.
- Teksten Bli medlem og få fordeler.
- Alle lenketekstar under Vilkår og betingelser.
- Alle lenketekstar under Medlemsvilkår.
- Teksten Medlemsvilkår.
- Teksten Vis.
- Teksten Medlemstilbud, Nivåer og fordeler og Digitalt medlemskort.
- Teksten Avbestill booking.
- Teksten Behold dette rommet.
- Teksten Er du sikker på at du ønsker å avbestille dette rommet?, Behold dette rommet og Avbestill dette rommet.
- Lenkja Se vilkår for opptjening av poeng.
- Lenkjene Opptjente poeng, 20% rabatt på mat i våre restauranter og Spesielle medlemstilbud.
- Teksten på knappen Send oss en e-post.
- Teksten på knappen Bestill rom på flytende header.
- Teksten Gjør kart mindre.
- Teksten Vis flere tilbud.
- Oversikt over tekst med andre kontrastverdiar:
- Teksten Medlemsnummer og Passord i innloggingsheader (placeholder) Målt kontrast er 2,3:1. Gjelder alle sider med innloggingsheader.
- Ledetekstane Hvor ønsker du å bo, Fra, Til, og lenkja Vis flere valg. Kontrastverdien varierer mellom 3,2:1 til 4,4:1.avhengig av bakgrunnsbilete.
- Teksten Få med deg fordelene når du bor hos oss! er plassert over eit bilete utan gradert bakgrunn. Dette gjer at delar av teksten får for dårleg kontrast når fargane i bilete bak blir for lyse.
- Feilmelding/påminnelse for Skriv inn ett hotell eller en destinasjon. Målt kontrast er 2,3:1.
- Teksten Gå tilbake til din booking i bestillingsmodulen. Målt kontrast er 3,1:1.
- Teksten med tal tilbakemeldingar frå TripAdvidsor. Målt kontrast er 2,6:1. Dette gjelder alle sider med slike tilbakemeldingar.
- Teksten Bestill på oransje knapp. Målt kontrast er 3,0:1.
- Teksten Save. Målt kontrast er 2,5:1.
- Teksten Flex. Målt kontrast er 3,1:1.
- Telefonnummer. Målt kontrast er 3,1:1. Dette er gjennomgående alle sider med telefonnummer.
- Symbola med (i) for meir informasjon/hjelpefunksjonalitet på bookingbanner. Målt kontrast er 2,1:1.
- Symbola med (i) for meir informasjon/hjelpefunksjonalitet på grå bakgrunn. Målt kontrast er 2,8:1.
- Teksten Mine ønsker eller spesielle behov. Målt kontrast er 3,3:1.
- Kvit tekst LØR og SØN på grå bakgrunn. Målt kontrast er 2,6:1.
- Teksten Vis/endre bestilling. Målt kontrast er 3,4:1.
- Teksten Denne bookingen kan avbestilles. Målt kontrast er 4,1:1.
- Teksten Nivåer og fordeler i brødsmulestien. Målt kontrast er 2,2:1.
- Tekstane i brødsmulestien. Målt kontrast er 2,9:1.
- Tekstane som viser tal km frå Bakklandet hotell. Målt kontrast er 3,7:1.
- Oversikt over kontrastfeil for stor tekst:
- Teksten 20% rabatt til medlemmer. Målt kontrast er 2,5:1.
- Teksten Velg og vrak blant 221 hoteller mellom Nordkapp og Berlin. Målt kontrast er 2,5:1.
Kommentar
Stor tekst er skrift som er minst 24 pikslar høg, eller feit skrift som er minst 19 pikslar høg. Alt anna er liten tekst. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.
Avvik 2
Scandic Hotels AS - Norge sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.3.1 og 4.1.1.
Suksesskriterium i WCAG:
1.3.1 Informasjon og relasjoner (Nivå A)
Avvik 2 byggjer på
- Oversyn over skjemaelement på skjemasidene som ikkje er identifisert med informasjon som skildrar føremålet med feltet. Felta manglar koda kopling til ein ledetekst, og dei har heller ikkje eit beskrivande <title>-attributt:
- Nedtrekkslistene for å velje tal gjester i bestillingsskjema (bookingmodul). Feilen er gjennomgåande for alle sider med slikt skjema.
- Nedtrekkslistene frå dato og til dato i Min profil.
- Oversyn over visuelle overskrifter som ikkje er koda som overskrifter:
- Om scandic, Kundeservice og Snarveier er overskrifter, men det er ikkje koda kobling mellom overskriftene og listene med lenkjer dei er overskrifter for, feil nøsting.
- Pris Save og Flex.
- Er du ikkje Scandic Friends medlem enda?.
- Teksten Flex.
- Oversyn over tekst koda som overskrifter utan å vera det:
- Antall netter, Innsjekking og Utsjekking.
- Vanlig tekst Rom 1,1 voksen 1249 NOK er koda inn i overskrifta Standard Singel.
- Vanlig tekst koda som overskrift. Fordi teksten alt er koda som liste, er det unødvendig å legge på ein ekstra struktur <h5-tag>. Dette gjeld side 4, 6, 7 og 10.
- Teksten Siste opptjente poeng.
- Oversyn over feil knytt til tabellar:
- Tabellen Bo ofte og motta flere fordeler har rad og kolonneetikettar som ikkje er koda med table header <th>.
- Tabellen som viser ulike medlemsnivå, har rad og kolonneetikettar som ikkje er koda med table header <th>.
- Tabellen med ulike medlemsnivå og poeng har kolonneetikettar som ikkje er koda som table header <th>.
- Tabellen under gir oversyn over syntaksfeil
Side | Feil nøsting av element (element not allowed) | Element som ikkje er avslutta korrekt (unclosed) | Element har same attributt fleire gonger (duplicate attribute) | Fleire element har same id-verdi (duplicate id) | Sum per side |
---|---|---|---|---|---|
Side 1 | 8 | 0 | 0 | 2 | 10 |
Side 2 | 10 | 0 | 0 | 2 | 12 |
Side 3 | 10 | 10 | 0 | 2 | 22 |
Side 4 | 9 | 1 | 0 | 2 | 12 |
Side 5 | 5 | 1 | 0 | 0 | 6 |
Side 6 | 4 | 0 | 0 | 1 | 5 |
Side 7 | 5 | 0 | 0 | 1 | 6 |
Side 8 | 8 | 0 | 0 | 2 | 10 |
Side 9 | 8 | 2 | 0 | 2 | 12 |
Side 10 | 8 | 0 | 0 | 2 | 10 |
Sum | 75 | 14 | 0 | 16 | 105 |
Kommentar
WCAG krev samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Grunnen er at alle brukarar skal ha tilgang til lik informasjon.
Korrekt kode er viktig for å sikra at alle brukaragentar som til dømes ulike nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.
Avvik 3
Scandic Hotels AS - Norge sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmogelegheiter på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 2.1.1, 2.1.2, 2.4.5 og 2.4.7.
Suksesskriterium i WCAG:
2.1.2 Ingen tastaturfelle (Nivå A)
Avvik 3 byggjer på
Meir enn ein navigasjonsmetode
- Nettstaden har berre ein måte å navigera på, og det er bruk av meny. Søkefunksjon, nettstadkart eller alfabetisk innhaldsoversikt manglar.
Tastaturfelle
- Alle sider med bestillingsskjema (bookingmodul) har tastaturfelle i nedtrekkslista Hvor ønsker du å bo? Denne feilen oppstår berre i Internet Explorer.
Tastaturnavigasjon
- Oversyn over funksjonar det ikkje er mogleg å nå med berre tastaturet:
- Knappane for å skifte månad i kalenderen. Dette gjelder alle sider med bestillingsskjema.
- Skjemaelementa under Vis flere valg i skjemaet Hvor ønsker du å bo? Sida lastar automatisk på nytt når du trykker på knappen Vis fleire val, og dermed får brukaren ikkje navigert til desse elementa. Dette gjelder alle sider med bestillingsskjema.
- Knappane for å regulera storleiken på kartet.
- Informasjonsbobler med informasjon om Save og Flex pris. Feilen er gjennomgåande for alle sider, utanom sider med bestillingsskjema.
- Knappane med i for å få meir informasjon om pris, meir informasjon om skjemafelta Land*, E-mail*, Scandic Friends medlemsnummer, Velg sengetype og Korttype, informasjon om Sengetype og informasjon om bonuspoeng.
- Knappen og lenkjene for å vise fleire attraksjonar i nærleiken.
- Knappen Gjør kart mindre.
- Knappane for å regulera storleiken på kartet.
- Oversyn over funksjonar utan synleg fokusmarkering:
- Banneret for 20% rabatt for medlemmer.
- Enkelte element i bildekarusell på startsiden (Slider).
- Oversyn over tomme tab-steg i tastaturnavigasjon:
- Mellom nedtrekkslista for å velje språk og Vis/Avbestill din booking. Dette gjeld alle sider med header.
- Mellom fleire av bileta på framsida.
- På lista over alternative hotell mellom Vis på kart og Knapp med pris for hotellet.
- Før kvart rom-alternativ.
- Mellom knapp for å minimere rom-informasjon og lenkja Vis mindre.
- Mellom Lenkja Logg inn og skjemaelementet Fornavn.
- Mellom skjemaelementet Velg sengetype og lenkja Mine ønsker og spesielle behov.
- Mellom heile ruta Fremtidige bestillinger og Vis/endre bestilling.
- Mellom innhald og lenkja Vis mer, Veibeskrivelser, telefonnummer og e-postadresse. Dette er gjennomgåande for alle sider med slik informasjon.
Kommentar
WCAG 2.0 krev at brukaren skal ha minst to måtar å finna fram til innhald på nettstaden. Dette kan vera meny, søk, alfabetisk liste og/eller nettstadkart. Brukaren skal ha mulegheit til å bruka ein metode han eller ho er kjent med, for å finna informasjon på ein rask og effektiv måte med det utstyret brukaren har.
Tastaturfelle betyr at brukaren vert ståande fast i eit element på nettstaden, der han eller ho ikkje kjem seg vidare berre ved hjelp av tastaturet. Tastaturfelle er ein alvorleg feil, som gjer at brukaren ikkje får tilgang til innhaldet på nettstaden.
Fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar han eller ho er på nettstaden til ei kvar tid.
Tomme tab-steg er unødvendig, og dersom det er mange av dei på nettstaden, vil det skapa irritasjon og verka forvirrande for brukarar som navigerer på nettstaden med tastatur.
5.3 Merknader
Merknad
Scandic Hotels AS - Norge har eit forbetringspotensiale når det gjeld alternativ tekst til bilete på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.1.1.
Suksesskriterium i WCAG:
Ikke-tekstlig innhold (Nivå A)
Merknaden byggjer på
- Oversyn over bilete med alternativ tekst på engelsk:
- Bilete av Scandic Partner: Sommarøy Arctic Hotel.
- Bilete Ta vare på helsen din.
- Dei tre lenka Tripadvisor bileta i footer.
- Oversyn over bilete med filnamnet som alternativ tekst:
- Bilete Best Rate Guarantee – Alltid best pris.
- Bilete Family standard.
- Bilete Gratis Wi-Fi.
- Bilete Family Standard Plus.
- Bilete Webrabatt – alle dager.
- Bilete av Svanemerkelogen i footer.
- Andre typar feil:
- Det lenkja bilete av Scandic logoen i header bør ikkje innehalde «logo» , då dette ikkje er beskrivande for lenkjemålet.
- Bilete av Google logoen i bakgrunnen manglar alt-tag. (No-alt).
- Minus og pluss knappane i kartet er koda som bilete utan alt-tag.
- Alt-teksten til Tripadvisorvurderinga er ikkje tilstrekkeleg. 4.0 er ikkje ein beskrivande tekst. Den gir ikkje informasjon om skala/kontekst.
- Alt-teksten til biletet er tom, det burde vera ein alt-tag med forklaring av biletet. De brukar alt-tekstar på nokre bilete som er pynt, men andre stadar ikkje. De bør være konsekvente på bruk av alt-taggar.
Kommentar
Innhald i bilete og illustrasjonar må formidlast korrekt til alle brukarar. Det er biletet sin funksjon på nettstaden som avgjer kva som skal stå i den alternative teksten.
- Lenkja bilete: Lenkja bilete er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenkjer. Dette betyr at lenkjemålet/kor du kjem, er viktig å formidle. Dette er fordi den alternative teksten er grunnlaget brukaren har for å ta stilling til om han eller ho skal bruke lenkja.
- Bilete med informasjon: Ulenkja bilete som har informasjon/meiningsbærande innhald skal ha ein alternativ tekst som formidlar informasjonen/motivet i biletet.
- Bilete med kompleks informasjon: For bilete som inneheld mykje informasjon, til dømes grafar og diagram, kan det vere nødvendig å gjengi informasjonen i sjølve teksten fordi teksten blir for lang til å stå i alt-taggen til biletet. I slike tilfelle skal alt-taggen ha ein kort tekst som beskriv føremålet og hovudinformasjonen for bilete i tillegg til informasjonen i biletet som du då presenterer i teksten.
- Dekorative bilete: Reint dekorative bilete, er bilete som berre er med på å pynte opp nettstaden visuelt, som ikkje inneheld informasjon. Sidan slike bilete ikkje inneheld informasjon skal den alternative teksten være tom, for å unngå at brukarar som ikkje kan sjå dei blir utsett for unødvendig støy. Slike bilete kan gjerne leggast i CMS.
6 Regelverk
- Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven).
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar.
- Standarden for nettløsninger, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0.
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
7 Standarden for nettløysingar
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.
35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.
Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.
8 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Scandic Hotels AS – Norge omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarsel: Tilsynsvarselet vart sendt 14.06.2016.
- Dokumentasjon: Vi fekk dokumentasjon 19.08.2016. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 9.
- Formøte: Førebuingsmøte vart gjennomført 06.09.2016. Formøte er del av inspeksjonen fordi lovreguleringa av området er ny, samtidig som undersøkingar viser at det er låg kjennskap til regelverket, krava til nettløysingar (WCAG) 2.0 og tilsynet som myndigheitsorgan.
- Verifikasjon og vurdering: Verifikasjon og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 37 og 38. For å gjennomføre verifikasjon, har tilsynet utvikla indikatorsett, i tillegg til prosedyrar for gjennomføring av test, registrering og dokumentasjon av testresultat. Indikatorsettet operasjonaliserer suksesskriteria i WCAG 2.0 som er minimumskrav i regelverket.
- Sluttmøte: Sluttmøte med presentasjon av resultata frå inspeksjonen vart gjennomført 20.09.2016.
- Førebels rapport: Førebels rapport vart sendt 05.10.2016
- Tilbakemelding frå verksemda: Verksemda stadfesta at dei ikkje hadde kommentarar til førebels rapport i e-post 18.10.2016.
9 Dokumentgrunnlag
Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.
Scandic Hotels AS – Norge sendte følgjande dokumentasjon:
- E-post med oversikt over sendt innhald
- Kopi av datert og signert kontrakt
- Oversikt over topp 15 mest brukte sider i Norge
- Organisasjonskart over marknadsavdelinga i Norge
- Liste over backlog frå JIRA på universell utforming
- Sjekkliste
- Forvaltningsdokument med døme
- Oversikt over ulike sidemalar og blokker
- Oversikt over status universell utforming – Xena accessibility and Javascript support – version 2015-01-20
10 Deltakarar
10.1 Frå Scandic Hotels AS - Norge deltok
Namn | Stilling | Formøte | Sluttmøte |
---|---|---|---|
Anna Beskow | Website Manager | x | x |
Anna-Frida Rodin | Product Owner | x | x |
Karianne Hamre Timraz | Channel Marketing Manager | x | x |
Sandra Brundell | Product Manager - Valtech | x | x |
Kristian Røise Dahl | Kommunikasjonsrådgiver | x | x |
Tine Birkeland | Markedsdirektør | x | |
Gül Heper | Director digital development & innovation | x |
10.2 Frå tilsynet deltok
Førstekonsulent Martin Skifte Swartling
Førstekonsulent Geir Sindre Fossøy
Rådgjevar Siv Bianca Kjosås (Inspeksjonsleiar)