Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Stiftelsen Handelshøyskolen BI

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Stiftelsen Handelshøyskolen BI. Tilsynet avdekte brot på 8 av 11 krav som blei testa.

2021:1
07. september 2021

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt- løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Stiftelsen Handelshøyskolen BI i tidsrommet 22.02.2021 til 12.05.2021. Tilsynet retta seg mot digital eksamen bak innloggingssiden til bi.no.

    Tilsynet har testa den digitale eksamensløysinga WISEflow.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og eventuelt tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot på 8 av 11 krav som er testa.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Meiningsberande bilde manglar alt-attributt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Wiseflow-logo oppe i venstre hjørne 1.1.1a-1
    2 Side 7 BI-logo under "Se omslaget". 1.1.1a-20
    3 Side 7 Wiseflow-logo under "Se omslaget". 1.1.1a-21
    b) Meiningsberande bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Klokke-ikon øverst på sida. 1.1.1a-3
    2 Side 6 Ikon over "2. Innlever". 1.1.1a-10
    3 Side 6 Ikon ved "MET 99995 Digital eksamen 5 - Test" 1.1.1a-11
    4 Side 6 Klokkeikon før 07:00 1.1.1a-12
    5 Side 6 Klokkeikon før 12:00 1.1.1a-13
    6 Side 6 Ikon med utropstegn inne i en trekant. 1.1.1a-14
    7 Side 6 Ikon ved "MET 99997 Digital eksamen 7 - Test" 1.1.1a-18
    8 Side 6 Dokument-ikon over "1. Besvarelse". 1.1.1a-9
    9 Side 7 Ikon over "2. Omslag". 1.1.1a-16
    10 Side 7 Ikon over "3. Innlever". 1.1.1a-17
    11 Side 7 Fil-ikon under "Oppgavesett". 1.1.1a-19
    c) Bilde som er pynt/dekor/bakgrunn/formatering, har ikkje tomt title-attributt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Ikon i fane ved fagbeskrivelse. 1.1.1a-2
    2 Side 5 Ikon av silhuett med snakkeboble. 1.1.1a-7
    d) Meiningsberande bilde manglar tekstalternativ.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 BI-logo oppe til høyre. 1.1.1a-8

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får informasjonen på annan måte enn visuelt. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.

    • Det ikkje-tekstlege innhaldet skal ha alt-attributt. Dette er viktig for å formidle korrekt innhald til alle brukare.
    • Meiningsberande bilde på nettstaden skal ha ein alternativ tekst, slik at føremålet med eller innhaldet i bilde blir presentert for blinde eller svaksynte som nyttar hjelpemiddel. Den alternative teksten skal vere beskrivande for bildet. Den alternative teksten skal vere norsk dersom dette er målforma på nettstaden.
    • Bilde som er pynt eller dekor skal ha tomt alt-attributt.

    2.2 Kontrast

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Testside har kontrastfeil.
    Nr Side Tal element med kontrastfeil
    1 Side 1 6
    2 Side 2 6
    3 Side 4 4
    4 Side 5 4
    5 Side 6 13
    6 Side 7 15

    Kommentar til brot

    Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Dette gjer at brukarar med moderat nedsett syn i større grad kan lese teksten. Dette gjeld også brukarar med redusert fargesyn.

    Tilstrekkeleg kontrast gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

    2.3 Presentasjon

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Nettside manglar/har mangelfull mekanisme for forstørring. Tekst kan ikkje forstørrast til minst 200 % utan at innhald eller funksjonalitet går tapt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Side 1.4.4a-1
    2 Side 2 Side 1.4.4a-2
    3 Side 4 Side 1.4.4a-4
    4 Side 5 Side 1.4.4a-5
    5 Side 6 Side 1.4.4a-6
    6 Side 7 Side 1.4.4a-7

    Kommentar til brot

    Det skal vere mogleg å forstørre tekst slik at personar med moderat nedsett syn, kan lese teksten utan bruk av hjelpemiddel. Kravet skal i særleg grad ivareta svaksynte.

    2.4 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir feilmelding som ikkje beskriv feilen.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Brukernavn: 3.3.1a-3
    2 Side 3 Passord: 3.3.1a-4
    b) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Brukernavn: 3.3.2a-18
    2 Side 3 Passord: 3.3.2a-19
    c) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1, Side 2 Jeg vil avslutte prøven uten å ferdiggjøre besvarelsen min. 4.1.2a-1
    2 Side 1, Side 2 Jeg vil nå innlevere min besvarelse av denne FLOWmulti prøven, som er angitt underveis. Når besvarelsen er levert inn kan den ikke redigeres lenger. 4.1.2a-2
    3 Side 3 Logg på - Brukernavn: 4.1.2a-18
    4 Side 3 Logg på - Passord: 4.1.2a-19
    5 Side 6 Sjekkboksen "Handlingen skal utføres" under Lever inn blankt 4.1.2a-25
    6 Side 6 "Inntast eksamensvaktens passord" under Last opp lokal kopi 4.1.2a-26
    7 Side 7 Nedtrekksliste for forstørrelse av siden under Oppgavesett - Vis 4.1.2a-23
    8 Side 7 Inputfelt for å skrive inn side ?/5 under Oppgavesett - Vis 4.1.2a-24
    d) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Fana "Gå ut" i header. 4.1.2b-1
    2 Side 1 Megafon i statusfeltet. 4.1.2b-2
    3 Side 1 "Gå til innlevering"-fanen øverst til høyre 4.1.2b-8
    4 Side 5 Språk-knapp (flagg) 4.1.2b-30
    e) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje knappen.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Knapp for flowbeskrivelse i statusfelt. 4.1.2b-4
    2 Side 2 Ekspander meny-knapp. 4.1.2b-15
    3 Side 2 "Slett post-it-lapp"-på post-it-lappen 4.1.2b-19
    4 Side 2 Blyant-knappen i tegnemodus 4.1.2b-22
    5 Side 2 Oversiktsside-knappen øverst på siden (i steg 14/14). 4.1.2b-25
    6 Side 6 Les flowbeskrivelsen-knapp. 4.1.2b-32
    7 Side 7 "Menyknapp" ved siden av Last opp, under 1. Besvarelse 4.1.2b-35
    f) Knapp er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Fargen rød i fargevelgeren i tegnemodus. 4.1.2b-23

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Dersom det oppstår feil ved utfylling av skjema, skal brukaren få tilstrekkeleg informasjon om feilen og hjelp til å rette feilen.
    • Det skal opplysast om eit skjemaelement er obligatorisk. Dette kan til dømes gjerast ved bruk av (*) og tekstleg forklaring.
    • Skjemaelementet skal vere kopla til ledetekst i koden.
    • Knappar skal enten vere koda med standardelement i (X)HTML, eller ha informasjon om rolle. Knappar skal vere kopla til ledetekst i koden, og ledeteksten skal identifisere knappen. Ledetekst skal vere på norsk, dersom norsk er språket på nettstaden.

    2.5 Tastaturbetjening

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Det er ikkje mogleg å nå og betene alt innhald/funksjonalitet med tastatur.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1, Side 2 Fanen "Gå ut" 2.1.1a-1
    2 Side 1, Side 2 Megafon/pil ned i statusfeltet 2.1.1a-2
    3 Side 1, Side 2 Fanen "Gå til innlevering" 2.1.1a-3
    4 Side 1, Side 2 Feltet for å skjule/vise gjenstående tid 2.1.1a-4
    5 Side 4 Chat med oss, i Kontakt oss 2.1.1a-10
    6 Side 4 Kontaktskjema, i Kontakt oss 2.1.1a-11
    7 Side 4 X (lukk), i Kontakt oss 2.1.1a-12
    8 Side 6 Direktemeldinger i "Flowinformasjon". 2.1.1a-14
    9 Side 7 "Fra pc" under Besvarelse - Last opp 2.1.1a-16
    10 Side 7 "Fra Dropbox" under Besvarelse - Last opp 2.1.1a-33
    11 Side 7 "Fra pc" under Vedlegg - Last opp 2.1.1a-34
    12 Side 7 "Fra Dropbox" under Vedlegg - Last opp 2.1.1a-35
    b) Element det er mogleg å betene med tastaturet som ikkje får synleg fokusmarkering.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Etter å ha navigert ned til Start- knappen er det to usynlige steg/felt man kan navigere til. De ligger mellom Start og "Vis nettstedsinformasjon" øverst på siden. Kan navigeres til, men har ikke synlig fokusmarkering. 2.4.7a-1
    2 Side 2 Mellom "Skip to navigation" og sidemenyen ("Sett flagg på seksjonen") er det to steg man kan navigere til, men som ikke har synlig fokusmarkering. Skjer ingenting ved trykk på enter/space heller. 2.4.7a-2
    3 Side 4 Lenka "Beredskap" 2.4.7a-11
    4 Side 4 Lenka "Varsling" 2.4.7a-12
    5 Side 4 Lenka "Kontakt oss" 2.4.7a-13
    6 Side 4 Lenka "Personvern og cookies" 2.4.7a-14
    7 Side 4 Lenka "Oslo" 2.4.7a-15
    8 Side 4 Lenka "Bergen" 2.4.7a-16
    9 Side 4 Lenka "Stavanger" 2.4.7a-17
    10 Side 4 Lenka "Trondheim" 2.4.7a-18
    11 Side 4 Kontakt oss 2.4.7a-19
    12 Side 4 BI-logoen øverst til venstre. 2.4.7a-4
    13 Side 4 Knapp til eksamensoversikt i Wiseflow (MET99995). 2.4.7a-5
    14 Side 4 Knapp til eksamensoversikt i Wiseflow (MET99997). 2.4.7a-6

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personer som må, eller ønsker å navigere med tastatur. Dette rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Alt innhald og funksjonalitet skal kunne nåast og brukast ved hjelp av tastatur.
    • Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering slik at brukaren kan orientere seg på sida og identifisere innhaldet. Når ei nettside inneheld fleire element som kan nåast med tastatur, skal brukaren alltid kunne sjå kva innhaldselement han har navigert til.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Stiftelsen Handelshøyskolen BI etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Alternativt format.
    • Kontrast.
    • Presentasjon.
    • Skjema.
    • Tastaturbetjening.

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ.
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta.
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn.
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet.
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur.
    • 2.1.2a Det finst ingen tastaturfeller på nettsida.
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering.
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk.
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst.
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil.
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden.
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden.

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 11 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 12 testreglar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 7 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome, versjon 89.0.
    • Kodevalidatoren til W3C.
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome).

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa gjennomføring av digital eksamen og følgjande enkeltsider:

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Stiftelsen Handelshøyskolen BI omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 22.02.2021.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 11.03.2021.
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 12-16.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil/der feil oppstod vart sendt 12.05.2021.
    5. Tilbakemelding frå verksemda vart motteke 28.05.2021.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn.
    • Kognisjon.
    • Lese- og skrivevanskar.
    • Norsk som andrespråk.
    • Motorikk.
    • Høyrsel.
    • Epilepsi.
    • Belastningsskadar.

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.