Tilsynsrapport Thon Hotels AS
Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Thon Hotels AS. Ettersynet avdekte 2 avvik på områda navigasjon og skjema. Det blei gitt 1 merknad på koding.
1 Innleiing
Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.
Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringsloven (ldl) § 36 første ledd jf. ldl. § 18 og forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte tilsyn med Thon Hotels AS i tidsrommet 12.01.2018 – 15.02.2018. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.thonhotels.no.
Rapporten gjer greie for avvika og merknaden som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.
Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Thon Hotels AS sitt arbeid med universell utforming av ikt.
2 Om ettersynet
2.1 Tema
Tilsynet omfatta følgjande tema:
- Skjema
- Navigasjon
- Tastaturnavigasjon
- Koding av innhald
- Struktur og presentasjon
- Tekstalternativ
Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Thon Hotels AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.
2.2 Om testinga
Vi har testa 11 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukte 13 indikatorar.
Verifikasjonen er gjort ved testing av 12 enkeltsider på nettstaden.
Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:
- Chrome, versjon 63
- Firefox, versjon 58
- Internet Explorer, versjon 11
- Colour Contrast Analyser, versjon 2.5.0.0
- Kodevalidatoren til W3C
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.
2.3 Enkeltsider som vart testa
- Startsiden
- Informasjon om hoteller i Bergen
- Informasjon om hotell Bristol
- Booking – Kontaktinformasjon
- Booking – Prisalternativ
- Booking – Bekreftelse
- Bli medlem - Oppgi passord
- Min side - Logg inn
- Min side - Min side
- Min side - Min profil
- Glemt passord
- Tilbud (filter Kultur)
3 Resultat
Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.
- Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
- Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
3.1 Avvik 1: Navigasjon
Thon Hotels AS sikrar ikkje tilstrekkelege navigasjonsmoglegheiter på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Illustrasjon Kveldsmat inkludert |
2 | Side 1 | Illustrasjon Garantert best pris |
3 | Topptekst/meny | Thon hotels logo |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Se våre hoteller i Trondheim |
2 | Side 3 | Universell utforming |
3 | Side 5 | Endre (type rom, navn og ekstra informasjon) |
4 | Side 5 | prisbetingelsene |
5 | Side 12 | Lenker til kategoriar av tilbod |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Type pris i priskalenderen (webpris, tilbudspris) |
2 | Side 3 | Knapp til 360-graders visning |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1, 2 | Bla til neste/førre månad i datoveljarar |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 10 | Mobilvisning - Trekkspel for Kontaktinfo |
2 | Side 10 | Mobilvisning - Trekkspel for Passord |
3 | Side 10 | Mobilvisning - Trekkspel for Språk og valuta |
4 | Side 10 | Mobilvisning - Trekkspel for SMS og nyhetsbrev |
5 | Side 10 | Mobilvisning - Trekkspel for Mine interesser |
6 | Side 10 | Mobilvisning - Trekkspel for Avtalepriser |
7 | Topptekst | Lenker til Alt innhold, Finn eller kanseller bestilling og Promokode i meny/topptekst |
8 | Topptekst/meny | Logo Thon Hotels |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 5 | Type pris (Thon webdeal/Ordinær pris) |
2 | Side 5 | Flere valg (Sen ankomst) |
3 | Side 5 | Betalingsmåte |
4 | Side 5 | Prisbetingelser |
5 | Side 12 | Alle steder |
6 | Side 12 | Hele året |
3.1.1 Kommentar avvik 1
Feila som er avdekka gjer nettstaden vanskelegare å bruke for alle. Feila som gjeld tastaturnavigasjon, gjer nettstaden umogleg å bruke for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.
- Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.
- Lenker skal skilja seg ut frå tekst som ikkje er lenkja, med meir enn berre farge. Dette kan for eksempel vera at lenker har understreking, feit skrift, annan skrifttype med meir.
- Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
- Innhald på nettsider skal du kunne bruke med tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
- Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.
- Det skal vera mogleg å bruke skjema med tastatur utan at det skjer ei kontekstendring. Viss det skjer ei kontekstendring, skal brukaren bli varsla på førehand. Eksempel på kontekstendring er opning av innhald i nytt vindauge, eller flytting av tastaturfokus til ein annan komponent på nettsida.
3.2 Avvik 2: Skjema
Thon Hotels AS sikrar ikkje alltid tilstrekkelege ledetekstar og feilmeldingar i skjema.
Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Topptekst | Skjema Logg inn, felta Medlemsnummer og Passord |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 4 | Fullt navn, E-postadresse, Mobilnummer |
2 | Side 7 | Passord, Gjenta passord |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Topptekst | Hotell/sted |
2 | Topptekst | Referansenummer |
3 | Topptekst | Promokode |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Medlemsnummer og Passord i skjema Logg inn |
2 | Side 1, 2, 3 | Hotell eller sted i hotellbestilling. |
3 | Side 4 | Fullt navn, E-postadresse og Mobilnummer i skjema Kontaktinformasjon |
4 | Side 5 | Jeg har lest og godtatt prisbetingelsene i skjema for betalingsinformasjon |
5 | Side 6 | Passord og Gjenta passord i skjema Oppgi passord |
6 | Side 10 | Mobil, E-post, Adresse, Postnr, Poststed og Land i skjema Kontaktinfo |
7 | Side 10 | Gammelt passord, Nytt passord og Gjenta nytt passord i skjema Passord |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Fra-dato, til-dato, besøkende |
2 | Side 12 | Alle steder, Hele året |
3 | Botntekst | Valuta |
4 | Botntekst | Språk |
3.2.1 Kommentar avvik 2
Feila som er avdekka gjer at skjema på nettstaden er vanskeleg å bruke for alle.
- Feilmeldingar i skjema skal vere merka med tekst og ikkje berre farge, slik at brukaren får med seg kor feilen ligg. Viss skjemaet oppdagar feil automatisk, skal informasjon brukaren skreiv inn, framleis stå i skjemaet.
- Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut.
- Skjemaelement skal ha beskrivande ledetekstar, slik at brukaren forstår kva dei skal skrive inn. Obligatoriske felt skal vere tydeleg merka.
3.3 Merknad: Koding
Thon Hotels AS har eit forbetringspotensial når det gjeld korrekt koding av nettstaden.
Merknad til følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Side | Element som ikkje er nøsta korrekt | Element som ikkje er avslutta korrekt | Element som har same attributt fleire gonger | Element som har IDar som ikkje er unike | Sum | Fatal error |
---|---|---|---|---|---|---|
1 | 0 | 0 | 0 | 3 | 3 | Nei |
2 | 0 | 0 | 0 | 3 | 3 | Nei |
3 | 0 | 0 | 0 | 3 | 3 | Nei |
5 | 0 | 0 | 0 | 5 | 5 | Nei |
6 | 0 | 0 | 1 | 0 | 1 | Nei |
7 | 0 | 0 | 1 | 0 | 1 | Nei |
11 | 0 | 0 | 0 | 4 | 4 | Nei |
12 | 0 | 0 | 0 | 3 | 3 | Nei |
Sum | 0 | 0 | 2 | 21 | 23 |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 5 | Prisalternativ - Thon webdeal/ordinær pris |
2 | Side 5 | Betalingsmåte - kort, vipps, på hotellet |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 3 | Førre-knapp for biletkarusell i toppen |
2 | Side 3 | Neste-knapp for biletkarusell i toppen |
3 | Side 3 | Førre-knapp for biletkarusell til Suite |
4 | Side 3 | Neste-knapp for biletkarusell til Suite |
5 | Side 3 | Lukk modalvindauge for innlogging |
3.3.1 Kommentar merknad
Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.
- Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er overskrifter, tabellar og lister.
- Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
- Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.
4 Regelverk
- Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven)
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar
- Standarden for nettløsninger, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
5 Standarden for nettløysingar
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.
35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.
Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.
6 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Thon Hotels AS omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarselet vart sendt 12.01.2018.
- Korrespondanse om tilsynsvarsel, kontaktperson og dokumentasjon 24.01.2018.
- Vi fekk dokumentasjon 26.01.2018. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
- Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 5 og 6.
- Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 15.02.2018.
- Vi fekk tilbakemelding på førebels rapport med forslag til plan for retting 27.02.2018.
7 Dokumentgrunnlag
Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.
Thon Hotels AS sendte følgjande dokumentasjon:
- Oversendings e-post med omtale av organisering, arbeidsform, utfordringar og vedleggsliste
- Kravspesifikasjon
- Organisasjonskart for marknadsavdelinga
- Rammeavtale med NCG
- Siteimprove-rapport med oversikt over tilgjengelegheitsproblem
- Siteimprove-rapport med oversikt over løyste feil
- Toppoppgåvemåling frå 2015 – Netlife Research
- Mest brukte sider i 2017