Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Universitetet i Bergen

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Universitetet i Bergen. Tilsynet avdekte brot på 8 av 11 krav som blei testa.

2021:2
07. september 2021

    1 Innleiing

    Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt- løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Universitetet i Bergen i tidsrommet 26.02.2021 til 12.05.2021. Tilsynet retta seg mot https://vurdering.uib.no/.

    Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

    Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

    2 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

    Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og eventuelt tvangsmulkt.

    Det er avdekka brot på 8 av 11 krav som er testa.

    Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    2.1 Alternativt format

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Meiningsberande bilde manglar alt-attributt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3 Hvit logo topp venstre 1.1.1a-4
    2 Side 7 Kjemisk forbindelse oppgave 2.58 1.1.1a-10
    3 Side 7 Figur, kurve. oppgave 2.84 1.1.1a-11
    4 Side 7 Figur, kurve. oppgave 2.68 1.1.1a-12
    5 Side 7 Kjemisk forbindelse oppgave 2.42 1.1.1a-24
    6 Side 7 2.44 1.1.1a-25
    7 Side 7 Kjemisk forbindelse oppgave 2.40 1.1.1a-9
    8 Side 8 Oppg 4 skjæringskurve 1.1.1a-13
    9 Side 8 Oppg 5 Sykloid 1.1.1a-14
    10 Side 8 Oppg 7 skalarfelt 1.1.1a-15
    11 Side 8 Oppg 7 vektorfelt 1.1.1a-16
    12 Side 8 Oppg 7 curl 1.1.1a-17
    13 Side 8 Oppg 7.3 vektorfelt 1.1.1a-18
    14 Side 8 Oppg 10 gauss 1.1.1a-19
    15 Side 8 Oppg 11 flateintegral 1.1.1a-20
    b) Meiningsberande bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Verden trenger tankene dine 1.1.1a-21
    c) Meiningsberande bilde manglar tekstalternativ.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 7 Periodiske system i pdf 1.1.1a-22
    2 Side 7 Aminosyrenes struktur i pdf 1.1.1a-23

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får visuelt innhald presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon.

    • Det ikkje tekstlege innhaldet skal ha alt-attributt slik at innhaldet vert formidla korrekt til alle brukarar.
    • Meiningsberande bilde på nettstaden skal ha ein alternativ tekst, slik at føremålet med eller innhaldet i bilde blir presentert for blinde eller svaksynte som nytter hjelpemiddel. Den alternative teksten skal vere beskrivande for bildet.

    2.2 Kontrast

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Testside har kontrastfeil.
    Nr Side Tal element med kontrastfeil
    1 Side 3 15
    2 Side 4 2
    3 Side 7 3
    4 Side 1 9

    Kommentar til brot

    Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Dette gir at brukarar med moderat nedsett syn i større grad kan lese teksten. Dette gjelder også brukarar med redusert fargesyn.

    Tilstrekkeleg kontrast gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

    2.3 Presentasjon

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Nettside manglar/har mangelfull mekanisme for zoom/forstørring. Tekst kan ikkje forstørrast til minst 200 % utan at innhald eller funksjonalitet går tapt.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Side 1.4.4a-4
    2 Side 6 Side 1.4.4a-5
    3 Side 7 Side 1.4.4a-6
    4 Side 8 Side 1.4.4a-7

    Kommentar til brot

    Det skal vere mogleg å forstørre tekst slik at personar med moderat nedsett syn, kan lese teksten utan bruk av hjelpemiddel. Kravet skal i særleg grad ivareta svaksynte.

    2.4 Skjema

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir ikkje tekstleg feilmelding.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Søk på uib.no 3.3.1a-9
    2 Side 2 Brukernavn 3.3.1a-1
    3 Side 2 Passord 3.3.1a-2
    b) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Brukernavn 3.3.2a-1
    2 Side 2 Passord 3.3.2a-2
    c) Skjemaelement utan identifikasjon i form av tekst eller ikon/symbol/bilde.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 3, Side 4 Velg språk 3.3.2a-4
    d) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 2 Brukernavn 4.1.2a-1
    2 Side 2 Passord 4.1.2a-2
    3 Side 2 Velg språk 4.1.2a-3
    4 Side 3, Side 4 Velg språk 4.1.2a-4
    5 Side 8 Tekstfelt 1-4 oppgave 7.3 4.1.2a-20
    6 Side 8 Tekstfelt 1-4 oppgave 7.3 4.1.2a-21
    7 Side 8 12 kommentar 4.1.2a-22
    e) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Skjemaelement er plassert i ei gruppe som ikkje er identifisert i koden.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 7 1.1 Kolera 4.1.2a-10
    2 Side 7 1.13 På mål som levealder og selvrapporterte helsemål, men kun blant eldre 4.1.2a-11
    3 Side 7 2.32 +3,301 V 4.1.2a-12
    4 Side 7 1. 12 Bedring av læringsmiljø på skoler 4.1.2a-24
    5 Side 7 1.13 På mål som levealder, men kun i storbyene 4.1.2a-25
    6 Side 8 6. a Sant 4.1.2a-14
    7 Side 8 6. a Usant 4.1.2a-15
    8 Side 8 6. c Usant 4.1.2a-16
    9 Side 8 6. c Sant 4.1.2a-17
    10 Side 8 7.1 C 4.1.2a-18
    11 Side 8 7.2 2 4.1.2a-19
    f) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje skjemaelementet.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 5 Rik tekst del 1 4.1.2a-6
    2 Side 5 Rik tekst del 2 4.1.2a-7
    g) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Forrige-knapp i khrono nyhetskarusell 4.1.2b-28
    2 Side 1 Neste-knapp i khrono nyhetskarusell 4.1.2b-29
    3 Side 5 Knapp til Del 1 4.1.2b-10
    4 Side 5 Knapp til Del 2 4.1.2b-11
    5 Side 5 Lever knapp 4.1.2b-6
    6 Side 5 Innoldsfortegnelse-knapp 4.1.2b-7
    7 Side 5 Knapp til praktisk informasjon 4.1.2b-8
    8 Side 5 Knapp til praktisk egenerklæring 4.1.2b-9
    9 Side 6 Last ned 4.1.2b-19
    10 Side 8 Innholdsfortegnelsen 4.1.2b-21
    11 Side 8 Introduksjon 4.1.2b-22
    12 Side 8 Oppgave 1 4.1.2b-23

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.

    • Dersom det oppstår feil ved utfylling av skjema, skal brukarene få tilstrekkeleg informasjon om feilen, kor feilen er, og hjelp til korleis feilen kan rettast.
    • Det skal opplysast om eit skjemaelement er obligatorisk. Dette kan gjerast ved bruk av (*) og tekstleg forklaring.
    • Alle skjemaelement skal ha ledetekstar eller instruksjonar som set brukaren i stand til å betene skjemaet.
    • Element som ikkje kan veljast uavhengig av kvarandre, skal være koda som ei gruppe og ledeteksten skal gjelde for gruppa.
    • Skjemaelement skal vere kopla til ein ledetekst i koden slik at hjelpemiddelteknologi presenterer riktig ledetekst, og brukaren veit kva informasjon som skal fyllast ut i feltet.
    • Knappar som ikkje er koda med standardelementa i (X)HTML, skal ha informasjon om rolle.
    • Knappar skal vere kopla til ein ledetekst i koden og ledeteksten skal identifisere knappen. Ledeteksten skal vere på norsk. Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon av skjemaelement og knappar gjer at brukeran veit kva han skal skrive inn og kva som skjer når han trykker på knappen.

    2.5 Tastaturbetjening

    Suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Det er ikkje mogleg å nå og betene alt innhald/funksjonalitet med tastatur.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Innholdsfiltrering i søk. Får ikke valgt noen checkboxes 2.1.1a-10
    2 Side 1 Tilbake, neste og alle sider med søkeresultater på søk 2.1.1a-11
    3 Side 1 "Om UIB". Nedtrekksliste i meny 2.1.1a-9
    4 Side 2 Lenker på topp av siden. Studenter og administasjon 2.1.1a-1
    b) Element det er mogleg å betene med tastaturet som ikkje får synleg fokusmarkering.
    Nr Side Element Referanse
    1 Side 1 Prikker under bildekarusell 2.4.7a-10
    2 Side 5 Det er to lenker på hver linje i tabell, den som inneholder faktisk informasjon får ikke fokusmarkering 2.4.7a-4
    3 Side 6 Det er to steg for hver linje i tabell ved innlevert oppgave. steg nr. to får ikke fokusmartkering 2.4.7a-5
    4 Side 7, Side 8 Det er to steg for hver linje i tabell på oversikt over oppgaver. steg nr. to får ikke fokusmartkering 2.4.7a-6
    5 Side 7 Nedtrekk for zoom. Innholdet får markering, men ikke for å åpne listen. 2.4.7a-7

    Kommentar til brot

    Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personer som må, eller ønsker å navigere med tastatur. Dette rammer særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Alt innhald og funksjonalitet som er naturleg å bruke med tastatur skal kunne nåast og brukast.
    • Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering slik at brukaren kan orientere seg på sida og identifisere innhaldet. Når ei nettside inneheld fleire element som kan nåast med tastatur, skal brukaren alltid kunne sjå kva innhaldselement han har navigert til.

    3 Om kontrollen

    3.1 Tema

    Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Universitetet i Bergen etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Alternativt format
    • Kontrast
    • Presentasjon
    • Skjema
    • Tastaturbetjening

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:

    3.3 Testreglar

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:

    • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ.
    • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta.
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn.
    • 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet.
    • 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur.
    • 2.1.2a Det finst ingen tastaturfeller på nettsida.
    • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering.
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk.
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst.
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil.
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden.
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden.

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 11 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 12 testreglar.

    Verifikasjonen er gjort ved testing av 8 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome, versjon 88,0
    • Kodevalidatoren til W3C
    • Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    • Side 1: Forside.
    • Side 2: Innlogging.
    • Side 3: Oppgaveoversikt.
    • Side 4: Informasjon om oppgaven (alle oppgaver).
    • Side 5: Skriveoppgaver m/teksteditor.
    • Side 6: Skriveoppgaver m/filopplasting.
    • Side 7: Flervalgsoppgaver m/bilde og vedlegg i PDF-panel.
    • Side 8: Bilder og matematisk tekst i oppgavetekst.

    Sidene som ikkje er lenka i lista, er sider som har ei nettadresse som er unik for kvar brukar.

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Universitetet i Bergen omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 26.02.2021.
    2. Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 10.03.2021.
    3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 12-16.
    4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil/der feil oppstod vart sendt 12.05.2021.
    5. Tilbakemelding på førebels rapport frå verksemda vart motteke 28.05.2021.

    5 Standarden for nettløysingar

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.