Resultat av tilsyn med nettstader og appar
Data frå tilsynsverksemda er ein viktig del av tilsynet si områdeovervaking. Tilsyna er risikobaserte. Vi prioriterer område med stor fare for regelverksbrot, og der regelverksbrot påverkar mange brukarar.
Nøkkeltal
Tala viser kor mange ikt-løysingar det er ført tilsyn med og kor stor prosentdel som har frå reaksjonar frå Uu-tilsynet.
Det er gjennomført kontrollar av 69 ikt-løysingar.
av ikt-løysingane er møtt med reaksjonar frå tilsyn etter gjennomført kontroll.
Tilsynet har gitt reaksjonar etter regelverksbrot i 67 av 69 ikt-løysingar.
Tilsyn på ulike samfunnsområde
Diagrammet viser talet på nettstader og appar på ulike samfunnsområde som er kontrollerte i samband med tilsyn. Periode 2015-2023.
Kort oppsummert
- Tilsynet har kontrollert 69 ikt-løysingar for samsvar eller brot på regelverket på åtte ulike samfunnsområde, opplæring/utdanning, kommunale eller fylkeskommunale tenester, netthandel, nettaviser, transporttenester og hotellnettsider, ulike statlege etatar, bank, finans og forsikring og helseføretak.
- Dei fleste kontrollane er gjort med kommunale nettsider og innan opplæring og utdanning, med hovudvekt på digitale læremiddel.
Kjelde: Uu-tilsynet
Dei vanlegaste regelverksbrota
Diagrammet viser eit utval av krav (suksesskriterium) i regelverket for universell utforming av ikt som det er avdekka flestange brot med i perioden 2015-2023, målt i kor stor prosentdel av ikt-løysingane dei førekjem i.
Utfyllande forklaring til diagrammet
- Diagrammet viser testresultat på kontrolltidspunktet. Brot på regelverket vert utbetra før tilsyna vert avslutta.
- For personar med lese- og skrivevanskar eller synshemming er det avgjerande at ikkje-tekstleg innhald har tekstalternativ og at kodegrunnlaget er slik at datahjelpemiddel kan nyttast.
- 98 % (42 av 43 ikt-løysingar) har innhaldstypar som ikkje er koda i samsvar med den visuelle presentasjonen av for eksempel tabellar og overskrifter på nettstadene. (SK 1.3.1)
- 88 % (49 av 56 ikt-løysingar) har ikkje-tekstleg innhald som for eksempel illustrasjonar og diagram på nettsidene sine, men manglar tekstlege beskrivingar. (SK 1.1.1)
- Personar med nedsett høyrsel eller som er døve, er avhengige av teksting av lydinnhald.
- 94 % (15 av 16 ikt-løysingar) har videoar som manglar eller har mangelfull teksting. (SK 1.2.2)
- Personar med moderate synshemmingar og eldre personar, har behov for god kontrast mellom tekst og bakgrunn og moglegheiter til å kunne forstørre innhald.
- Mange med motoriske funksjonsnedsettingar eller personar som er blinde, kan ikkje bruke mus på nettsider. Derfor skal nettløysingar også kunne brukast med tastatur.
- 80 % (44 av 55 ikt-løysingar) bryt med kravet om at du skal kunne nå og betene alt innhald med tastatur. (SK 2.1.1)
Kjelde: Uu-tilsynet
Digitale skjema er lite universelt utforma
Digitale skjema skal vere utforma slik at personar kan utføre brukaroppgåvene sine og få likeverdig tilgang til varer og tenester. Brukarar kan gå glipp av både rettar og plikter fordi skjema ikkje er universelt utforma. Diagrammet viser status for etterleving av eit utval krav som særleg gjeld for digitale skjema.
Utfyllande forklaring til diagrammet
- Diagrammet viser testresultat på kontrolltidspunktet. Brot på regelverket vert utbetra før tilsyna vert avslutta.
- 93 % har innhaldskomponentar som for eksempel knappar i skjema som ikkje er koda på rett måte, slik at dei som brukar hjelpemiddel ikkje får nødvendig informasjon for å fylle ut og sende inn skjemaet. (SK 4.1.2)
- 83 % av skjema der feil utfylling vert oppdaga automatisk, manglar funksjonalitet for å vise kvar i skjema det er gjort feil og informasjon om kva som er fylt ut feil. (SK 3.3.1)
- 81 % bryt med krav til digitale skjema som seier at det skal visast ledetekstar eller instruksjonar når skjemafelt må fyllast ut (er obligatoriske). (SK 3.3.2)
- 63 % bryt med kravet om at innhald ikkje skal presenterast på ein måte som føreset at brukaren oppfattar farge eller orientering, for eksempel den «grøne knappen» eller «venstre felt» (SK 1.4.1)
- 50 % av skjema som har funksjonalitet for å oppdage feil automatisk, gir ikkje brukaren informasjon om korleis feilen kan rettast. (SK 3.3.3)
- 36 % av skjema er utforma slik at når brukaren endrar verdien i eit skjemafelt, oppstår det betydelege endringar på skjemasida. (SK 3.2.2)
- 25 % manglar beskrivande ledetekstar eller som skal informere brukaren om kva innhald som skal leggast inn i ulike skjemafelt. (SK 2.4.6)
Kjelde: Uu-tilsynet
Reaksjonar ved brot på regelverket
Tilsynet kan iverksette ulike reaksjonar ved brot på regelverket om universell utforming av ikt. Pålegg om retting av ikt-løysingane og tvangsmulkt i form av dagbøter er verkemiddel tilsynet kan ta i bruk.
Oppfølging av brot på regelverket om universell utforming av ikt
Diagrammet viser talet på ikt-løysingar som er kontrollerte i samband med tilsyn i perioden 2015-2023, og utfall av tilsyna og kontrollane.
Kort oppsummert
- 67 av dei 69 ikt-løysingane, tilsvarande 97 %, er møtte med reaksjonar etter gjennomført kontroll.
- 53 ikt-løysingar (79 %) er utbetra eller retta opp, anten frivillig eller etter pålegg frå tilsynet.
- 13 ikt-løysingar (19 %) er ikkje retta opp eller utbetra innan fristen og det er derfor gjort vedtak om tvangsmulkt.
- Tvangsmulkt er iverksett for ei ikt-løysing, det vil seie at retting eller utbetring ikkje har funne stad sjølv om det er varsla tvangsmulkt.
Kjelde: Uu-tilsynet