Tilsyn med nettsider og appar
Uu-tilsynet kontrollerer at regelverket for universell utforming av ikt vert etterlevd, gjennom tilsyn, saksbehandling og statusmålingar. Tilsyn er kjerna i myndigheitsoppgåva. Tilsyna er risikobaserte. Det betyr at område med stor fare for regelverksbrot, og område der regelverksbrot påverkar mange brukarar, er prioriterte. Tilsyn vert derfor utført primært med store verksemder.
Antal tilsyn per år
Diagrammet viser antal avslutta tilsyn per år i perioden 2015-2021.
Kort oppsummert
- Det er gjennomført 51 tilsyn i perioden 2015-2022, eit gjennomsnitt på om lag seks tilsyn per år.
Tilsyn på ulike samfunnsområde
Diagrammet viser antal avslutta tilsyn fordelt på ulike samfunnsområde.
Kort oppsummert
- Det er hittil ført flest tilsyn innan kommunal og fylkeskommunal tenesteyting og varehandel.
- Tilsyn med ikt-løysingar i utdanningssektoren er eit satsingsområde framover.
Oppfølging av tilsyn og regelverksbrot
Diagrammet viser antal avslutta tilsyn i alt, og kor mange av dei avslutta tilsyna det er avdekka regelverksbrot i. I dei fleste tilsyna rettar verksemda regelverksbrota frivillig. Når det ikkje skjer, vert det gitt pålegg om retting, og eventuelt gjort vedtak om og iverksetting av bot.
Kort oppsummert
- Det er avdekka eitt eller fleire brot på regelverket i 49 av 51 tilsyn, tilsvarande 96 %.
- Det er gitt pålegg om retting i 15 av 49 tilsyn, tilsvarande 31 %.
- Det er gjort vedtak om bot i 5 tilsyn, tilsvarande 10 %.
- Bot er iverksett i 2 tilsyn, tilsvarande 4 %.