Kvifor universell utforming av ikt?
Universell utforming bygger på tanken om at tenester skal vere tilgjengelege for alle, uavhengig av alder, funksjonsevne og utdanningsnivå. Ved å gi rom for mangfaldet i befolkninga gir vi den enkelte rom for å utfalde seg, bestemme sjølv og delta på like vilkår.
Likeverdig deltaking
Likeverdig deltaking er grunnleggande for demokratiet. Eit universelt utforma samfunn sikrar denne moglegheita. Derfor er universell utforming blitt eit viktig mål for samfunnet vårt. I følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå har ein av fem personar ei varig eller mellombels funksjonsnedsetting. I eit slikt perspektiv blir det ei viktig samfunnsoppgåve å passe på at det ikkje oppstår eit misforhold mellom dei krava samfunnet stiller til digital deltaking og kva den enkelte er i stand til å utføre.
Funksjonsgap
Dersom føresetnadene til den enkelte ikkje samsvarer med samfunnet sine forventningar, oppstår eit gap mellom føresetnader og krav. Eit slikt gap er det vi i dag definerer som ei funksjonshemming. Eit døme kan vere: Billettautomatar med trykkskjerm krev at dei reisande er i stand til å sjå innhaldet på skjermen. Ein blind reisande vil ikkje vere i stand til å sjå innhaldet på ein trykkskjerm og det oppstår dermed eit gap mellom brukaren sine føresetnader og samfunnet sine krav for deltaking.
Universell utforming av ikt inneber at brukarane – uavhengig av sine føresetnader – på ein god og enkel måte skal kunne ta i bruk både nettsider og automatar som dei møter i kvardagen.
Den digitale samfunnsarenaen skal vere tilgjengeleg for alle, og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar slår fast at med «universell utforming menes at utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i informasjons- og kommunikasjonsteknologi er slik at virksomhetens alminnelige funksjon kan benyttes av flest mulig».
Sjølvbetjeningssamfunnet
Både offentlege og private aktørar nyttar stadig fleire sjølvbetjente tenester. Skal du bestille billettar, finne informasjon eller sende ein søknad, er det blitt meir og meir vanleg å gjere det gjennom ei sjølvbetjeningsløysing. Minibankar, billettautomatar, nettsider og nettbutikkar har blitt ein del av kvardagen vår.
Likevel opplever mange at det er vanskeleg å bruke nettstadar og automatar. Tenestene bør vere utforma slik at alle kan bruke dei, uavhengig av funksjonsevne.
Gevinstar for brukarane
Universell utforming gir
- auka sjølvstende og betre moglegheit for aktiv deltaking i samfunnet og arbeidslivet
- gode, brukarvenlege ikt-løysingar som gjer at brukarane kan løyse oppgåvene sine meir effektivt
- enklare tilgang til informasjon og tenester
For brukarar med nedsett funksjonevne kan digitale løysingar auke tilgangen til tenester. Dette gjør at brukaren i større grad kan velje kanal, stad og tidspunkt, og til dømes sleppe å møte opp på eit kontor.
Gevinstar for verksemdene
Universell utforming gir
- større nedslagsfelt og fleire potensielle brukarar
- moglegheit til å tilby sjølvbetjeningsløysingar i større grad
Gevinstar for samfunnet
Universell utforming gir
- like moglegheiter for alle
- auka moglegheit til å nå målet om digital sjølvbetjening for alle