Tilsynsrapport Askøy kommune
Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Askøy kommune. Ettersynet avdekte 4 avvik på områda koding, kontrast, navigasjon og skjema.
1 Innleiing
Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.
Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte tilsyn med Askøy kommune i tidsrommet 30.06.2017 – 13.10.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.askoy.kommune.no/.
Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.
Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Askøy kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.
2 Om ettersynet
2.1 Tema
Tilsynet omfatta følgjande tema
- skjema
- navigasjon
- tastaturnavigasjon
- koding av innhald
- struktur og presentasjon
- tekstalternativ
Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Askøy kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema.
2.2 Om verifikasjonen
Vi har testa 12 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukt 16 indikatorar.
Verifikasjon er gjort ved testing av 14 enkeltsider på nettstaden.
Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:
- Internet Explorer 11
- Firefox for Windows, versjon 55
- Chrome for Windows, versjon 60
- Colour Contrast Analyser, versjon 2.4.0.23
- Kodevalidatoren til W3C
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.
2.3 Enkeltsider som vart testa
Sidene som ikkje er lenkja i lista under, er sider som har ein URL som er unik for kvar brukar, eller sider som seinare er sletta.
- Startsida
- Barnehage
- Søke, bytte, si opp plass
- Slik søker du
- Innloggingsportal
- Skjema for barnehageplass - Barnehagene i kommunen (skjemaet går over fleire sider)
- Valg
- Forhåndsstemming
- Ny valgkretsinndeling
- Kontaktskjema
- Åpningstider til svømmeanleggene
- Kleppestø ungdomsskole
- Askøyhallen
- Gebyr - Seksjon byggesak og private planer
3 Resultat
Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilde og skriftleg grunngjeving.
- Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
- Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.
3.1 Avvik 1: Koding
Askøy kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 8 | Butikksentre |
2 | Side 14 | Priser for tiltak etter pbl. § 20-1 og § 20-2 |
3 | Side 14 | 1.5 Ansvarsrett ved behandling av søknad om ansvarsrett |
4 | Side 14 | 1.6 Delingssøknad, pbl. § 20-1 bokstav m |
5 | Side 14 | 1.7 Dispensasjonssøknad |
6 | Side 14 | 1.8 Behandling av avfallsplan |
7 | Side 14 | 1.9 Forhåndskonferanse |
8 | Side 14 | 1.10 Oppfølging av ulovligheter |
9 | Side 8 | Institusjon |
10 | Side 6 | Du har valgt følgende alternativ i rekkefølge |
11 | Side 8 | Andre steder |
12 | Side 9 | Ny valgkretsinndeling |
13 | Side 11 | Åpningstider Askøy Terapibad |
14 | Side 14 | Gebyr 2017 |
15 | Side 14 | 1.2 Plansaker |
16 | Side 14 | 1.3 Konsekvensutredning, pbl. Kap VII-a |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 11 | Åpningstider svømmehallen i Askøyhallen |
Side | Feil nøsting av element | Element som ikkje er avslutta korrekt | Element som har same attributt fleire gonger | Element som har ID-ar som ikkje er unike | Sum | Fatal error |
---|---|---|---|---|---|---|
5 | 2 | 0 | 0 | 2 | 4 | |
6 | 2 | 0 | 0 | 1 | 3 | |
10 | 2 | 0 | 0 | 0 | 2 | |
11 | 0 | 0 | 0 | 1 | 1 | |
14 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | Ja |
Sum | 6 | 0 | 0 | 4 | 10 |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 12 | Tom iframe under skoleruten |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 | Forstørringsglas |
2 | Side 2,3,4,7,8,9,10,11,12,13,14 | Forstørringsglas (søkeknapp) i topptekst |
3.1.1 Kommentar avvik 1
Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.
- Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er tabellar, overskrifter og lister.
- Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
- Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.
3.2 Avvik 2: Kontrast
Askøy kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 6 | Logg inn med ID-porten/minID |
2 | Side 6 | IST AS |
3 | Side 6 | Askøy kommune |
4 | Side 6 | Administrator |
5 | Side 6 | Om webstedet |
6 | Side 6 | Kontakt oss |
7 | Side 6 | Barnehage |
8 | Side 6 | Informasjon om minID |
9 | Side 6 | Personvernerklæring for Askøy kommune |
10 | Side 6 | HER |
11 | Side 6 | Min side |
12 | Side 6 | Alle hjelp- og informasjonsmeldinger i skjemaet |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 6 | Min side (valt menypunkt) |
2 | Side 6 | Barnehage (valt menypunkt) |
3.2.1 Kommentar avvik 2
Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.
- Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.
3.3 Avvik 3: Navigasjon
Askøy kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmoglegheiter på nettstaden.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1-14 | Sykkel-VM logo i topptekst |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 6 | Statuslinje med oversikt over steg og framgang i skjemaet |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1 - 14 | Heile nettsida |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 12 | Svar på foreldreundersøkelsen |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 12 | 56 15 87 00 |
2 | Side 12 | Send e-post |
3 | Side 6 | Vedtekter for kommunale barnehager |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 1-14 | Askøy kommune logo i topptekst |
2 | Side 1-14 | Sykkel VM logo i topptekst |
3 | Side 1-14 | Lydsymbol i topptekst |
4 | Side 6 | Lenke med bilde i topptekst |
5 | Side 6 | Du er ikke innlogget |
6 | Side 6 | Valgte enheter |
3.3.1 Kommentar avvik 3
Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for alle, og personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.
- Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.
- Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
- Det skal vere mogleg å hoppe over innhald som blir gjentatt på fleire sider, som for eksempel menyar, navigasjonslenker, topptekst, slik at brukaren kjem raskare til hovudinnhaldet.
- Brukaren skal få informasjon om lenkemål. Det betyr at lenker anten skal ha ein tydeleg lenketekst, eller at lenkemålet er tydeleg ut frå lenka og teksten rundt.
- Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.
3.4 Avvik 4: Skjema
Askøy kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege feilmeldingar i skjema.
Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 10 | Kontaktskjema |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 6 | Søkers fødselsnummer og Barnets fødselsnummer |
2 | Side 6 | Fornavn og mellomnavn (og andre felt: Etternavn, Adresse, Postnummer, Poststed, Telefon (privat), Telefon (mobil), E-post) |
3 | Side 6 | Fornavn og mellomnavn og Etternavn |
4 | Side 6 | Prioriter barnehager |
5 | Side 6 | Velg type plass |
6 | Side 6 | Øvrige opplysninger |
7 | Side 6 | Øvrige spørsmål |
8 | Side 6 | Søkers fødselsnummer, Barnets fødselsnummer, Eventuell medsøker |
9 | Side 6 | Telefon (privat, Telefon (arbeid), Telefon (mobil) |
10 | Side 6 | Antall vedlegg |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 6 | Bekreft e-post |
Nr | Side | Element |
---|---|---|
1 | Side 6 | Postnummer |
3.4.1 Kommentar avvik 4
Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg å bruke for alle.
- Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut. Brukaren skal få informasjon om kva type feil som har oppstått.
4 Regelverk
- Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (likestillings- og diskrimineringsloven).
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar.
- Standarden for nettløsninger, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0.
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
5 Standarden for nettløysingar
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.
35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.
WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.
Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.
6 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Askøy kommune omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarsel vart sendt 30.06.2017.
- Vi fekk dokumentasjon 24.08.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
- Formøte vart gjennomført 31.08.2017. Felles for kommunane Askøy, Os i Hordaland og Lindås.
- Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 35 og 36.
- E-post 02.10.2017 om at utsending av førebels rapport er forseinka.
- Førebels rapport og e-post med bildedokumentasjon av feil vart sendt 16.10.2017.
- Tilbakemelding frå kommunen på førebels rapport motteke 03.11.2017.
7 Dokumentgrunnlag
Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Askøy kommune sendte følgjande dokumentasjon:
- Oversendingsbrev
- Informasjon om nettstaden
- Oversyn over mest brukte tenester/sider på nettstaden
- Prosjektkandidat – tilrettelegging av portal for digitalisering av tjenester
- Rapport frå Siteimprove med oversendingsbrev