Tilsynsrapport Bodø kommune
Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Bodø kommune. Tilsynet avdekka brot på 11 av 12 krav som blei testa.
1 Innleiing
Digitaliseringsdirektoratet er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.
Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.
Vi gjennomførte tilsyn med Bodø kommune i tidsrommet 13.03.2023 til 24.04.2023. Tilsynet retta seg mot nettstaden bodo.kommune.no.
Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.
Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.
2 Resultat
Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.
Resultata er framstilt inndelt i kategoriar. Der det er påvist brot på minstekrava vil dette gå fram under den enkelte kategorien. Dersom det er avdekt brot på minstekrava vil dette følgjast opp med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
Det er avdekka brot frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4b første og andre ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.1:
- 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold
- 1.2.2 Teksting (forhåndsinnspilt)
- 1.3.1 Informasjon og relasjoner
- 1.3.3 Sensoriske egenskaper
- 1.4.3 Kontrast (minimum)
- 2.1.1 Tastatur
- 2.4.7 Synlig fokus
- 3.3.1 Identifikasjon av feil
- 3.3.2 Ledetekster eller instruksjoner
- 4.1.1 Parsing (oppdeling)
- 4.1.2 Navn, rolle, verdi
2.1 Alternativt format
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 3 | Bilder i slider | 1.1.1a-4 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 5 | Aksellast | 1.1.1a-6 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 3 | Signering avtaler Ny by - Ny flyplass | 1.2.2a-3 |
2 | Side 3 | Første spadetak på den nye flyplassen | 1.2.2a-4 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer at brukarar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt eller auditivt innhald, ikkje alltid får innhaldet presentert i alternativt format. Til dømes skal ein person med nedsett syn få lest opp tekstalternativ som formidlar innhald i ikkje-tekstleg informasjon, og ein person med nedsett høyrsel skal få et tekstleg alternativ til tale.
- Meiningsberande bilde skal ha eit kort tekstalternativ som gjer att same informasjon som biletet.
- Førehandsinnspelt video med lyd, som ikkje er eit mediealternativ til tekst, skal ha alternativ i form av teksting eller tekstalternativ.
2.2 Kontrast
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Tal element med kontrastfeil |
---|---|---|
1 | Side 2 | 2 |
2 | Side 3 | 2 |
3 | Side 4 | 2 |
4 | Side 5 | 2 |
Kommentar til brot
Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Dette gjer at brukarar med moderat nedsett syn i større grad kan lese teksten. Dette gjelder også brukarar med redusert fargesyn.
- Tilstrekkeleg kontrast gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar.
2.3 Presentasjon
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element som ikkje er nøsta korrekt | Element som har IDar som ikkje er unike | Sum |
---|---|---|---|---|
1 | Side 1 | 34 | 17 | 51 |
2 | Side 2 | 36 | 17 | 53 |
3 | Side 3 | 35 | 213 | 248 |
4 | Side 4 | 34 | 17 | 51 |
5 | Side 5 | 34 | 17 | 51 |
Kommentar til brot
Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.
2.4 Skjema
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 1 | Legg igjen din e-postadresse, og en melding nederst, så kontakter vi deg så snart som mulig. | 1.3.3a-2 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 2 | Textarea Hva lette du etter? | 3.3.1a-3 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 1 | Chat tekstfelt | 3.3.2a-2 |
2 | Side 1 | Din e-post tekstfelt | 3.3.2a-3 |
3 | Side 1 | Textarea i chatvindu - Skriv din melding her... | 3.3.2a-4 |
4 | Side 2 | Epost (frivillig) | 3.3.2a-5 |
5 | Side 2 | Textarea Hva lette du etter? | 3.3.2a-6 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 4 | Avkrysninger bokser under Bydel | 4.1.2a-10 |
2 | Side 4 | Avkrysninger bokser under Skoletype | 4.1.2a-9 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 1 | Chat tekstfelt - Still ditt spørmål her | 4.1.2a-2 |
2 | Side 1 | Chat tekstfelt - Skriv din melding her... | 4.1.2a-4 |
3 | Side 2 | Epost (frivillig) | 4.1.2a-5 |
4 | Side 2 | Textarea Hva lette du etter? | 4.1.2a-6 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 1 | Søk knapp i hovedmenyen | 4.1.2b-2 |
2 | Side 1 | Meny i hovedmeny | 4.1.2b-3 |
3 | Side 2 | Nedrekk elementer | 4.1.2b-5 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 3 | Previous knapp i bilde slider | 4.1.2b-7 |
2 | Side 3 | Next knapp i bilde slider | 4.1.2b-8 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer skjemaet vanskeleg å bruke for alle. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, fargeblinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.
- Instruksjonar som inneheld informasjon om komponentars sensoriske eigenskapar (form, størrelse, visuell plassering på sida, orientering eller lyd), skal også innehalde annan informasjon som let brukaren finne og betene komponenten.
- Dersom det oppstår feil ved utfylling av skjema, skal brukaren få ei tekstleg feilmelding som identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod.
- Skjemaelementa skal ha ein visuell identifikasjon i form av ledetekst, instruksjon eller ikon/symbol/bilde.
- Element som ikkje kan veljast uavhengig av kvarandre, skal være koda som ei gruppe og ledeteksten skal gjelde for gruppa.
- Alle skjemaelement skal ha ledetekstar i koden som set brukaren i stand til å betene skjemaet.
- Knappar som ikkje er koda med standardelementa i (X)HTML, skal ha informasjon om rolle.
- Knappar skal vere kopla til ein ledetekst i koden og ledeteksten skal identifisere knappen. Ledeteksten skal vere på norsk. Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon av skjemaelement og knappar gjer at brukeran veit kva han skal skrive inn og kva som skjer når han trykker på knappen.
2.5 Struktur
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 2 | Send post til Bodø kommune | 1.3.1a-4 |
2 | Side 2 | KONTAKTINFORMASJON | 1.3.1a-5 |
3 | Side 3 | SE BILDESERIE FRA ARRANGEMENTENE HER: | 1.3.1a-8 |
4 | Side 4 | Alberthaugen skole | 1.3.1a-10 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 2 | Kontakt Servicetorget | 1.3.1a-3 |
2 | Side 2 | Send elektronisk post | 1.3.1a-6 |
3 | Side 2 | 1. Elektronisk faktura | 1.3.1a-7 |
4 | Side 5 | Fra tirsdag 11/04 2023 kl. 07:00 innføres aksellastrestriksjoner på kommunale veier i Bodø kommune i henhold til Bodø kommune sin veiliste over aksellastrestriksjoner. | 1.3.1a-11 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 2 | Vakttelefoner - Andre viktige telefonnumre i Bodø kommune | 1.3.1b-2 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 5 | Teknisk avdeling, Vei og trafikk | 1.3.1b-5 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 2 | Nummerert liste under Fakturaer til Bodø kommune | 1.3.1c-2 |
2 | Side 2 | Liste under Min side nedtrekksliste | 1.3.1c-4 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 2 | Alfabetisk liste under Teknisk spesifikasjon av fakturareferanse/ID-nummer | 1.3.1c-3 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka gjer det vanskeleg for brukaren å finne relevant informasjon, og forstå samanhengar og struktur i informasjonen som blir presentert. Krava som ikkje er oppfylte skal særleg ivareta brukarar som er blinde, har nedsett syn, er døvblinde, eller har nedsett motorikk eller nedsett kognisjon.
- Visuelle overskrifter, tabelltitlar, overskriftsceller, beskrivande lister og nummererte lister skal vere koda semantisk rett.
- Overskrifter som inngår i eit visuelt overskriftshierarki, skal vere koda med rett overskriftsnivå.
2.6 Tastaturbetjening
Suksesskriterium i WCAG 2.1:
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 2 | Ja knapp etter Finner du det du leter etter? | 2.1.1a-3 |
2 | Side 2 | Nei knapp etter Finner du det du leter etter? | 2.1.1a-4 |
Nr | Side | Element | Referanse |
---|---|---|---|
1 | Side 1 | Søk knapp | 2.4.7a-1 |
2 | Side 1 | Kontakt oss knapp i bunnen | 2.4.7a-2 |
3 | Side 1 | Åpne chat knapp | 2.4.7a-3 |
4 | Side 1 | NB-NO knapp i chatvindu | 2.4.7a-4 |
5 | Side 1 | Textarea i chatvindu - Skriv din melding her... | 2.4.7a-5 |
6 | Side 2 | Nedtrekk elementer | 2.4.7a-6 |
7 | Side 3 | previous knapp i bilde slider | 2.4.7a-7 |
8 | Side 3 | next knapp i bilde slider | 2.4.7a-8 |
9 | Side 4 | Alle lenker til skoler | 2.4.7a-9 |
Kommentar til brot
Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for personar som må, eller ønsker å navigere med tastatur. Dette rammer særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett motorikk.
- Alt innhald og funksjonalitet som er naturleg å bruke med tastatur skal kunne nåast og brukast.
- Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering slik at brukaren kan orientere seg på sida og identifisere innhaldet. Når ei nettside inneheld fleire element som kan nåast med tastatur, skal brukaren alltid kunne sjå kva innhaldselement han har navigert til.
3 Om kontrollen
3.1 Tema
Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Bodø kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.
Tilsynet omfatta følgjande tema:
- Alternativt format
- Kontrast
- Presentasjon
- Skjema
- Struktur
- Tastaturbetjening
3.2 Krav
Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen:
- 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold
- 1.2.2 Teksting (forhåndsinnspilt)
- 1.3.1 Informasjon og relasjoner
- 1.3.3 Sensoriske egenskaper
- 1.4.3 Kontrast (minimum)
- 1.4.4 Endring av tekststørrelse
- 2.1.1 Tastatur
- 2.4.7 Synlig fokus
- 3.3.1 Identifikasjon av feil
- 3.3.2 Ledetekster eller instruksjoner
- 4.1.1 Parsing (oppdeling)
- 4.1.2 Navn, rolle, verdi
3.3 Testreglar
Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen:
- 1.1.1a Bilde har tekstalternativ
- 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
- 1.3.1a Overskrifter er rett koda
- 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda
- 1.3.1c Lister er rett koda
- 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema, er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar
- 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
- 1.4.4a Tekst kan forstørrast til minst 200 % utan tap av innhald og funksjonalitet
- 2.1.1a Det er mogleg å nå og betene innhald med tastatur
- 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering
- 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
- 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
- 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
- 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
- 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden
3.4 Testinga av nettstaden
Vi har testa 12 av dei 47 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 15 testreglar.
Verifikasjonen er gjort ved testing av fem enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider går fram av punkt 3.5.
Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:
- Google Chrome, versjon 112.0.5615.138
- Kodevalidatoren til W3C
- Siteimprove Accessibility Checker (Utviding i Chrome)
Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til testregelsettet vårt.
3.5 Enkeltsider som vart testa
Vi har testa følgjande enkeltsider:
bodo.kommune.no
- Side 1 - Forside
- Side 2 - Kontakt oss
- Side 3 - Artikkel, Nå er avtalene signerte og første spadetak tatt
- Side 4 - Skoler i Bodø
- Side 5 - Artikkel, Innføring av aksellastrestriksjoner i Bodø kommune
3.6 Aktivitet under tilsynet
Tilsynet med Bodø Kommune omfatta følgjande aktivitetar:
- Tilsynsvarselet vart sendt 13.03.2023.
- Vi fekk tilbakemelding/dokumentasjon frå verksemda 18.04.2023.
- Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 15.
- Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 24.04.2023.
- Vi mottok tilbakemelding frå kommunen 09.05.2023
4 Regelverk
- Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven)
- Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger
- Standarden for nettløysingar, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.1
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
- Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
5 Standarden for nettløysingar
Ved å følgje WCAG 2.1 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:
- Syn
- Kognisjon
- Lese- og skrivevanskar
- Norsk som andrespråk
- Motorikk
- Høyrsel
- Epilepsi
- Belastningsskadar
Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.
Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4b første og andre ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.1 nivå A og AA.
47 av 78 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta.
WCAG 2.1 er bygd opp av 4 prinsipp, 13 retningslinjer og 78 testbare suksesskriterium:
- Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
- Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
- Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.
I tillegg viser WCAG 2.1 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylle suksesskriteria.